Hopp til innhold

Bustadprisane fall kraftig i september: – Håpar på priskollaps i bustadmarknaden

Fyrstegongskjøparane Martine og Jørgen synest lite synd på dei som no sel bustad med tap. Eiendom Norge la i dag fram prisstatistikk som viser kraftig fall i bustadprisane i september.

Jørgen Haavi og Martine Grave på visning

Jørgen Haavi (26) og Martine Grave (25) har starta bustadjakta i Oslo. Dei håpar å gjere kupp i ein bustadmarknad på veg nedover.

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

– Det var ei fin leilegheit, men lite bad då, seier Martine Grave (25).

Saman med sambuaren Jørgen Haavi (26) er fyrstegongskjøparane på visning på Grünerløkka i Oslo.

– Det beste for oss er jo at prisane går vidare ned. For dei som sel med tap er det sjølvsagt kjipt, men vi vil jo betale minst mogleg, seier Martine.

Onsdag la Eiendom Norge fram tal som viser at ynsket deira kan gå i oppfylling.

Bustadprisane gjekk ned med 2,2 prosent i september 2022. Korrigert for sesongvariasjonar gjekk prisane ned med 0,6 prosent.

– Bustadprisane falt kraftig i september. Den sterke oppgangen i august er no i sin heilskap korrigert i de sesongkorrigerte bustadprisane, seier administrerande direktør i Eiendom Norge, Henning Lauridsen.

Sambuarparet er glad for utviklinga.

– Det var akkurat dette vi håpa på, og ei utvikling vi gjerne ser held fram til vi skal by på leilegheiter, seier Martine i dag.

Boligprisstatistikk for september

Eiendom Norge legg fram bustadprisstatistikk klokka 11.

– Vanleg med prisfall

Det er ikkje uvanleg at bustadprisane fell mot slutten av året. Eiendom Norge forventar at dei vil fortsette å falle dei neste månadene.

– Uvissa om utviklinga i både norsk og global økonomi gjer det vanskeleg å seie om fallet gjennom hausten blir sterkare enn normalt. Vi blir derimot ikkje overraska om prisutviklinga i haust blir svak, seier Lauridsen.

Tidlegare i veka meldte Obos, Noreg sitt største bustadbyggelag, at prisane deira fall med 3,1 prosent frå august til september.

– Prisane fell vanlegvis på denne tida av året, samstundes var nedgangen klart større enn tidlegare år, forklarte sjeføkonom Sissel Monsvold i ei pressemelding.

Visninga på Grünerløkka er den andre paret går på. Trass i at ein kan gjere eit godt kjøp vil dei at kjensla skal vere rett.

– Vi har brukt mykje tid på å følge med på Finn.no og korleis bodrundane går. Dei går ofte rolegare for seg no, seier han.

Les også: Ny rapport: Neste år kan det bli billigere å kjøpe bolig

Illustrasjonsfoto boligpriser. Bildet viser Holmenkollen og bydeler foran fotografert fra Helsfyr i Oslo. Det er mange leilighetsbygg, industribygg og lignende i bildet. I forgrunnen ligger to mindre trehus malt i gult. Så følger en lang stripe hvite og koksgrå leilighetsbygg. I bakgrunnen er Holmenkollen kledt i blågrønn furuskog.
Illustrasjonsfoto boligpriser. Bildet viser Holmenkollen og bydeler foran fotografert fra Helsfyr i Oslo. Det er mange leilighetsbygg, industribygg og lignende i bildet. I forgrunnen ligger to mindre trehus malt i gult. Så følger en lang stripe hvite og koksgrå leilighetsbygg. I bakgrunnen er Holmenkollen kledt i blågrønn furuskog.

– Godt nytt for somme

Ola H. Grytten er økonomiprofessor ved Noregs handelshøgskole. Han meiner dei fallande prisane kan vere godt nytt for mellom anna fyrstegongskjøparar.

– Har du sikker jobb og ei løn som kan tole endå høgare rente er det klart at ein kan gjere kupp i bustadmarknaden no, seier Grytten.

Ola Grytten 05.10.2022
Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Når bankane vurderer ein lånesøknad skal lånaren «stresstestast». Det vil seie å sjekke om han vil kunne takle ei renteoppgang på fem prosentpoeng.

Med ei varsla rente på kring 3 prosent vil det seie å kunne handtere eit bustadlån med 8 prosent rente.

Martine Grave og Jørgen Haavi på kjøkken

– Er denne oppvaskmaskina stor nok?, spør sambuarparet seg. Mykje skal stemme i ei leilegheit for at dei vil slå til.

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

– I og med at prisveksten er såpass høg er realrenta låg. Dei søkkande bustadprisane har ei klar kostnadsside, om alt anna blir dyrare, seier Grytten.

Les også: Finanstilsynet vil stramme inn lånekravene

Bolig, boligbygging, område, Tromsø, Tromsø sentrum, byareal, bypark, Sør-Tromsøya
Bolig, boligbygging, område, Tromsø, Tromsø sentrum, byareal, bypark, Sør-Tromsøya

Dersom Finansdepartementet vel å endre utlånsforskrifta kan det etter nyttår bli vanskelegare å få lån. Det gjer dei neste månadane til eit moglegheitsvindauge for dei som står klare til å kjøpe.

Tala som blei lagde fram i dag var godt nytt for sambuarparet i Oslo.

– No har vi endå meir trua på å kjøpe innan nyttår. Tenk å ha julefest i ny leilegheit, seier Martine.

Høgaste rente på 13 år

På grunn av høg prisvekst har Norges Bank frå i fjor haust heva styringsrenta jamt og trutt. Sidan nullrente i september 2021 har vi på eitt år fått det høgaste rentenivået på 13 år.

Konsekvensen av høgare rente er at lånet blir dyrare, og fleire blir dytta ut av marknaden.

Rørslene etter renteaukane tar tid før dei blir synlege i statistikk, men meklaren har nærkontakt med kjøparar og seljarar. Ho anar ei endring.

– Sjølv om det er stor interesse for til dømes små leilegheiter merkar vi at det er litt mindre folk på visning, seier eigedomsmeklar Ane Line Plassen Nordbak.

Ane Line Plassen Nordbak

Sjølv om bustadsalet har gått bra merkar eigedomsmeklar Ane Line Plassen Nordbak at kjøparane no er meir strategiske.

Foto: Alexander Granlie / Alexander Granlie

I salsområdet hennar, Sagene og Bjølsen i Oslo, fortel ho at etter visning er folk meir avventande.

– Ingen vil vere fyrstemann å by, no kan det vere at det dryg til 12.30 før bodrunden er i gang. Men det er enno godt sal, seier ho.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger