Hopp til innhold

Vil ha høgare bygningar for å få lågare bustadprisar

I år som i fjor vert det bygd alt for få bustadar i Noreg. No meiner fleire at ein må byggje høgare for å få bukt med bustadprisane.

Oslo sentrum

Oslo-borgarar må truleg belage seg på fleire debattar rundt høghus dei neste åra, slik som i forkant av bygginga av Barcode-bygga i Bjørvika.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Ifølgje den årlege rapporten frå Boligprodusentenes Forening vil det i 2012 bli like stor mangel på nye bustadar som i fjor. 28.000 bustadar vert bygd, men behovet er heile 40.000. I rapporten kjem det fram at den låge byggjeaktiviteten vil føre til at prisane vil fortsetje å skyte til vêrs.

Debatten har lenge rast i hovudstaden. Skal ein utvide markagrensa, eller byggje tettare i sentrum? No ser det ut som at både bransjen og det offentlege iallfall er einige om ein ting – det må byggjast meir i høgda.

Ingen anna løysing

Åge Pettersen

Åge Pettersen i Obos fortel dei ofte må ta av nokre etasjar frå byggjeplanane grunna reguleringar frå politikarane.

Foto: OBOS

Informasjonssjef i Obos, Åge Pettersen, seier til NRK.no at det ikkje finst noko anna løysing på bustadmangelen enn å byggje høgare.

– Me ønskjer å gjerne byggje nokre etasjar høgare enn det som ofte vert bygd. Me får ofte beskjed om å redusere nokre få etasjar, men det burde vore mogleg å byggje opp til 10 etasjar nær trafikknutepunkt.

– For Obos er det ikkje aktuelt å byggje høghus, 20–30 etasjar er for høgt for oss. Det er ikkje tradisjon for dette i Oslo.

– Må ein ikkje tenkje utradisjonelt for å rekkje å reversere trenden?

– Eg er einig i det, men å byggje nokre fleire etasjar vil bety svært mykje.

Vil kaste ut industri av byen

Styreleiar i Eiendomsmeglerforetakenes Forening, Terje Buraas, representerer bransjen og har tru på at ein lett kan sleppe unna med å byggje i marka. Både ved å byggje i høgda og ved å utnytte gamle industritomter som han meiner burde bli flytta ut av Oslo for lenge sidan.

– Dersom eg hadde hatt ansvar for Oslo ville eg sett på alle dei alternative arealane me har. Til dømes Alnabru-anlegget må bli overført frå NSB. Det er snakk om svære arealar. Det var sikkert lurt å leggje arealet for 50 eller 100 år sidan, men er det like lurt å ha det der i dag?

Men Buraas trur heller ikkje ein kjem utanom å byggje i høgda.

– Eg trur ikkje ein har noko val når man skal halde seg til markagrenser. Det er veldig mange gode grunnar til at ein skal byggje i høgda. Politikarane er framleis skeptiske, men dette er ein modningsprosess.

Alnabru-terminalen i Oslo

Her ved Alnabru-terminalen kunne Terje Buraas tenkje seg bustadar i staden for industri.

Foto: CargoNet

4300 Frognerparkar

Den politiske ringreven Kåre Willoch er definitivt i den skeptiske leiren. Han meiner det er alt for god plass i Noreg til å halde seg til rigide marka-grenser.

– Oslo-marka består av 4300 Frognerparker. Eg trur nok me kan skape gode bustader for mange menneske ved å byggje deler av marka.

Kåre Willoch fra «Brenner»

Kåre Willoch har tru på at folk oppnår den beste livskvaliteten ved å bu nærme bakken.

Foto: NRK

Willoch har ikkje noko tru på høghus, rett og slett fordi han meiner livskvaliteten er verre når ein bur høgt oppe.

– For dei aller fleste så blir livskvaliteten betre i lågare bustadar nærme bakken. Borna må sjølv kunne gå til leikearealar utan problem, seier Willoch.

– Må ta felles ansvar

Han meiner den største utfordringa i Oslo-området er at maktansvaret er alt for spreidd.

– Både staten, kommunane og fylkeskommunane har store ansvar som ofte overlappar. Me må få til eit samarbeid som krevjast initiativ frå staten.

– Bustadprisane er no på eit nivå som er sosialt uansvarleg. Alt for mange menneske kjem i økonomiske problem. Dette er særleg alvorleg for barnefamiliar og dei yngre. Det er sjølvsagt rom for å byggje tettare, men det må ikkje gå på kostnad av livskvaliteten, avsluttar Willoch.

Er du for eller i mot å byggje høgare i dei største byane? Delta i diskusjonen!

AKTUELT NÅ