Hopp til innhold

Bomavtalen: – Bilistane i distrikta er den store vinnaren

Regjeringa si bompengeavtale betyr både mindre bompengar og meir kollektivtransport, men ved transportøkonomisk institutt er dei ikkje i tvil om kven som kjem best ut av det.

Kjell Werner Johansen, assisterende direkør i Transportøkonomisk institutt.

GOD AVTALE FOR BILISTANE: Kjell Werner Johansen meiner avtalen til regjeringa er god for bilistane.

Foto: NRK

– Eg vil seie at den store vinnaren av forhandlingane mellom regjeringspartia er bilistane i dei distrikta som får bompengekutt, for dei kjem til å merke det mykje meir enn bompengekutta i byane, seier Kjell Werner Johansen.

Han er assisterande direktør i Transportøkonomisk institutt, og har no sett nøye på avtalen som dei fire regjeringspartia vart samde om seint fredag kveld.

Avtalen fører til både ei forsterka satsing på kollektivtransport og til kutt i bompengane. I tillegg kjem det ei rekkje andre tiltak, som nye rassikringsmidlar og eit forsøk på å få til fleire sovevogner på norske tog.

Fleire vegar blir heilt bomfrie

Werner Johansen meiner at satsinga på å kutte bompengane på fleire store samferdsleprosjekt rundt om i landet er det folk vil merke mest av at regjeringa har blitt samde om ei avtale.

Avtalen legg mellom anna opp til at det skal bli brukt 1,4 milliardar kroner kvart år til å redusere bompengane utanfor byane. Hardangerbrua i Hordaland er blant dei stadene som får reduserte bompengar. Desse stadene vil bli heilt bomfrie:

  • Ny innfartsveg til Tromsø, E8 i Ramfjorden blir gjennomført utan bompengar.
  • Bomstasjonen bli fjerna heilt på E136 ved Vågstrandstunnelen i Rauma
  • På den nye firefelts motorvegen E16 mellom Bjørum og Skaret vil det ikkje bli bom
Vågstrandtunnelen

Vågstrandtunnelen i Rauma blir bomfri etter avtalen mellom regjeringspartia.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det grunnleggjande i avtalen er at staten skal ta ein større del av finansieringa av bypakkane rundt om i landet, og at dersom byane klarer å halde nullvekstmålet i åra framover, kan dei få friske pengar til å satse på kollektivtransport og redusere bompengane.

Nullvekstmålet betyr at biltrafikken ikkje skal auke. Referansepunktet for byane Bergen, Oslo og Stavanger er 2017, og for at dei skal nå nullvekstmålet kan ikkje biltrafikken i 2029 vere høgare enn han var i 2017.

Sidan 2017 har likevel biltrafikken gått ned litt i desse byane, dermed kan dei tole ei lita auke utan å bryte nullvekstmålet.

Werner Johansen trur det kjem til å bli utfordrande for desse byane å ikkje bryte nullvekstmålet.

– Skal ein klare det må ein ha på plass fleire tiltak. Dersom ein kuttar bompengane i byane utan å setje på plass nye tiltak, vil det utfordre målet.

I avtalen er det og sett av 300 millionar kroner til å redusere billettprisane på kollektivtransporten, men Werner Johansen trur det blir for puslete.

– Det vi veit er at det må monne skikkeleg for å få folk til å la bilen stå. Eg trur dei kutta først og fremst vil gjere at dei som allereie tek kollektivtransport sparer litt pengar. Og det er jo fint for dei.

SV fryktar for kommuneøkonomien

SV-leiar Audun Lysbakken er mest bekymra for eit nytt krav om kommunal eigendel, som har kome inn i avtalen.

Det står nemleg at i nye bypakkar så må fylka og kommunane ha ein eigendel på 20 prosent for å få til ein avtale med staten, og den eigendelen kan ikkje vere basert på bompengar.

– Vi er redde for at dette skal føre til at det blir mykje vanskelegare for kommunane å setje i gang gode kollektivtiltak, samstundes som vi og fryktar at det skal bli så dyrt for kommunane å satse på kollektiv at dei må ta pengar frå skuleborn, eldre og tilsette i kommunane.

SV-leder Audun Lysbakken

UROA: Audun Lysbakken er uroa for kva som vil skje med kommuneøkonomien når det blir nye krav til eigendel i nye bypakkar.

Foto: NRK

Venstre gir terningkast seks, Frp er strålande fornøgde

Det har vore lange dragkampar før regjeringspartia vart samde om ein avtale seint fredag kveld.

Venstre var det siste partiet som ja til Erna Solberg sitt forslag, men no meiner partiet at avtalen er veldig god.

– Denne avtalen får terningkast seks, sa stortingsrepresentant Abid Raja i Vandrehallen på Stortinget fredag kveld.

Venstrefolket er særleg godt fornøgde med at avtalen legg opp til store kollektivsatsingar, og meiner at punktet om nullvekstmålet gjer at det uansett ikkje kjem til å kome meir biltrafikk i byane.

– Det viktige for oss har vore at nullvekstmålet for byane skal liggje fast, og det klarte vi til slutt å få til, seier Trine Skei Grande laurdag.

Grande understrekar at ho ser at prosessen fram til ein ferdig avtale kanskje ikkje har vore så god.

– Prosessen har vore litt som ein fødsel. Fødslar kan vere vanskelege, men likevel blir resultatet ofte bra, seier kulturministeren.

Frp meiner at avtalen er ein stor siger for dei som vil ha mindre bompengar.

– Denne skissa er veldig lik den vårt landsstyre vedtok førre søndag, sa Siv Jensen til NRK laurdag føremiddag.

AKTUELT NÅ