Hopp til innhold

Blei mishandla etter hasj-svinn – tre menn ankar fengselsdom

Politiet fann aldri dei som utførte valden, men tre andre menn vart dømte for medverking. – Eit fullstendig galt resultat, seier forsvarar Thomas Øiseth.

VIDEO: Yaqub fekk tungt kriminelt miljø på nakken. Han blei angripen med fleire slagvåpen inne i ei leilegheit.

Yaqub, som er fornærma i saka, fekk ei mystisk melding midt på natta. 18 timar seinare vart han funnen blodig midt i vegen.

Narkotika for 4 millionar var borte. Eit hasjparti på mellom 60 og 65 kilo var stole, og Yaqub blei utpeikt som hovudmistenkt under den desperate jakta etter narkotikaen.

Tre menn vart dømte til fem, seks og sju månader i fengsel.

Bevis

BESLAG: Politiet gjorde fleire beslag i saka. Yaqub blei slått og mishandla med både batong, øks og hammar.

Foto: Politiet

Retten: Dei tre kjente til miljøet og «metodene deres»

Forsvararane til dei tre opplyser til NRK at klientane deira ankar dommen.

– Vi meiner at tingretten har kome til eit fullstendig galt resultat, og vi meiner det er krevjande å følgje tingretten i deira bevisvurdering, seier forsvarar Thomas Øiseth.

Klienten hans var ikkje valdeleg, men han var med i ein bil og var også i leilegheita der valden skjedde. Øiseth fortel at klienten hans er svært skuffa over dommen. Bevisa i saka talte mot domfelling, meiner forsvararen.

– Vi vil for lagmannsretten, med styrke, hevde at den må komme til eit riktig resultat, som vil bety at tiltalte og den eine medtiltalte klart skal frifinnast, seier Øiseth.

Forsvararer Thomas Øiseth og Randulf Schumann Hansen

Advokat Randulf Schumann Hansen (til høgre), som forsvarte to av dei tiltalte saman med Thomas Øiseth, meiner saka er merkeleg og at tiltalen og dommen er feil.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Oslo tingrett meiner dei tre medverka til valden:

Fekk alvorlege skader

Dommarane meiner dei tre tiltalte har vore med på ein aksjon som har vore «koordinert og planlagt og hadde karakter av helt uakseptabel, privat rettshåndhevelse». Dei meiner det er heilt tilfeldig at Yaqub ikkje «ble helt invalidisert av volden mot hodet».

Yaqub fekk brot i skallebeinet etter fleire slag mot hovudet. Han fekk også to kutt i hovudet som måtte syast med ni sting.

Då saka var oppe i retten, sa advokat Randulf Schumann Hansen at han meiner saka er merkeleg.

– Dei som burde vore tiltalte, er ikkje her, sa han.

Klienten hans leigde leilegheita der valden skjedde, men var ikkje der då Yaqub blei mishandla. Han blei dømt fordi han stilte leilegheita «til disposisjon».

I retten

Yaqub fortalde i retten at han fekk store psykiske problem etter hendinga. Han har fått diagnosane posttraumatisk stressliding (PTSD) og panikkangst.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Håpar lagmannsretten «vil rette feilen»

Den tredje som blei dømt, blei også utsett for vald. Han var også mistenkt for å ha stole hasjen. Han var i leilegheita og såg det som skjedde.

Dommarane i tingretten konkluderte med at han handla under ei viss form for tvang og at han følte seg pressa til å vere med på «operasjonen». Men han hadde handlingsalternativ. Han var ikkje i ein naudrettsituasjon.

«Slik retten ser det, var X med på dette fordi han selv hadde interesse av at mistanken om hans egen involvering ble avsannet», står det i dommen.

Skader på kroppen

Han hadde bløding i venstre auge og fleire sårskader og blåmerke på ulike stader på kroppen. Yaqub har gitt NRK løyve til å bruke bilete av han.

Foto: Politiet

Forsvarar Inam Ghous Ali seier til NRK at det var tungt for klienten hans å ha eit tungt kriminelt miljø etter seg.

– Min klient er ingen kriminell. Han burde sete på andre sida, saman med fornærma, og ikkje på denne sida, seier Ali.

No skal ankeutvalet i lagmannsretten vurdere saka før den eventuelt blir teke opp til ny behandling.

– Vi har tillit til at lagmannsretten vil rette feilen, og at saka vil ende med frifinning, seier advokat Thomas Øiseth.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger