Hopp til innhold

Blå kommunar tek imot færre

Høgre- og Frp-kommunar tek imot færre flyktningar enn andre kommunar. - Sosialistane er naive, seier Sandefjord-ordførar Bjørn Ole Gleditsch.

Illustrasjonsfoto
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Når asylsøkarar får opphald har dei krav på ein bustad i ein norsk kommune. Staten ber kvar enkelt kommunane ta imot ei viss mengd flyktningar, men kommunane kan sjølve velje kor mange dei faktisk seier ja til.

LES: Flyktninger: - Nei takk!

No viser NRK sin gjennomgang av statistikken at kommunar som er styrte av H og Frp seier nei langt oftare enn andre.

NETT-TV: Blå kommunar tek imot færre

Så langt i år har desse kommunane teke imot under 80 prosent av flytktningane dei er blitt utfordra til å huse. Dei andre kommunane har teke imot 92 prosent.

Prioriterer eigne lommebøker

Sandefjord-ordførar Bjørn Ole Gleditsch (H) trur det er politiske grunnar til at det er slik:

- Vi på den borgarlege sida lyttar meir til veljarane våre, som er restriktive til å ta imot våre nye landsmenn. Vi er ikkje så naive som mange sosialistar er. Vi er først og fremst sett til å ivareta interessene til innbyggarane våre. Vi har ei lommebok, og når den ikkje er stor nok, må vi prioritere, seier Gleditsch.

- Då prioriterer vi våre eigne lommebøker, og det trur eg borgarlege politikarar er flinkare til enn politikarar på venstresida.

Meiner kommunen taper pengar

Staten ba Sandefjord ta imot 45 flyktningar i år. Dei sa ja til 20. Frp i Sandefjord ville ta imot endå færre, mens partia i sentrum og på venstresida ville ta imot alle 45, fortel Gleditsch.

Han meiner kommunen taper pengar på å ta imot flyktningar fordi dei ikkje får flyktningane ut i arbeid. Mange av dei blir dermed ein post på sosial-budsjettet.

Bjørn Ole Gleditsch

Bjørn Ole Gleditsch.

Foto: NRK

- God butikk

Men direktør Osmund Kaldheim i integreringsdirektoratet (IMDi) meiner det er god butikk for dei fleste kommunar å ta imot flyktningar.

Han trur at mange borgarlege kommunar ikkje har teke imot så mange flyktningar som andre kommunar fordi dei er presskommunar med vekst og vanskeleg bustad-situasjon.

På den andre sida er det mange store kommunar som klarer det viss dei vil. Både Ap-styrte Trondheim og H-styrte Stavanger er av dei beste i klassen som har teke imot så mange som staten har spurt om.

- Bustad, arbeid og økonomi kan vi hjelpe kommunane med, men til sjuande og sist er det kommunane sjølve som avgjer kor mange dei vil ta imot. Det er eit spørsmål om politisk vilje, seier Kaldheim.

AKTUELT NÅ