Hopp til innhold

Berre ein av fem er klar over at røyking skadar synet

Ei ny undersøking viser at berre ein av fem er klar over at røyking kan gjere deg blind.

Røyking

FARLEG: Røyking er ikkje berre farleg for lungene. Synet blir også påverka av den såkalla kreftpinnen.

Foto: Eric Feferberg / AFP

Fleire hundre tusen menneske i Noreg risikerer synet når dei røyker, åtvarar ekspertar.

Røykarar har dobbelt så stor sjanse for å miste synet samanlikna med personar som ikkje røyker, skriv BBC.

Sjølv om samanhengen mellom røyking og sviktande syn er tydeleg, veit altså berre ein av fem at røking kan gjere deg blind, visar ei undersøking gjort av foreininga for optometri (AOP) i Storbritannia.

– Folk veit som regel om koplinga mellom røyking og kreft, men mange er ikkje klare over påverknaden røyking kan ha på auga, seier Aishah Fazlanie i AOP.

Røyking påverkar synet

Tobakksrøyk inneheld giftige kjemikal som kan irritere og skade auga. For eksempel kan tunge metall som koppar og bly, bli samla opp i augelinsa bak pupillen og føre til grå stær.

Røyking kan gjere synsproblem som er relaterte til diabetes verre. Måten det skjer på, er at røykinga skadar netthinna på baksida av auget, skriv den britiske kringkastaren.

Det er tre gongar meir sannsynleg at røykarar får noko som heiter aldersrelatert macula degenerasjon (AMD). Dette er ein tilstand som svekker den gule flekken i auget og fører til at ein mister evna til å sjå detaljar. Meir enn kvar tiande person over 70 år i Noreg har mista lesesynet på grunn av AMD.

Ein gammal mann røyker ein sigarett

DÅRLEGARE SYN: Ein stor del av befolkninga mister lesesynet når dei blir eldre. Viss ein røyker vil det kunne bidra til nettopp å miste dette synet.

Foto: Frank May / NTB scanpix

I tillegg er det også 16 gongar meir truleg at røykarar utviklar plutseleg synstap. Det kjem som følge av at blodtilføringa til auget blir blokkert.

Røykeslutt-hjelp

I undersøkinga, som om lag 2000 vaksne personar tok del i, svarte berre 18 prosent at røyking aukar risikoen for at synet blir svekka eller at ein blir blind.

– Røyking aukar risikoen for svekka syn, og er ein viktig grunn til at røykarar burde vurdere å stumpe røyken, seier Aishah Fazlanie i den britiske foreininga for optometri til BBC.

Foreininga seier at å slutte med å røyke er noko av det beste ein kan gjere for å ta vare på synet.

Færre røyker i Noreg

Dei siste åra har færre og færre røykt i Noreg. Blant unge har delen som røyker gått kraftig ned dei siste ti åra. Den siste Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag viste at berre 0,4 prosent av ungdommar mellom 13 og 19 år røyker dagleg.

Sigarettar

STUMPAR RØYKEN: Røyking er ikkje like populært blant unge lengre, som seier at dei ikkje vil ødelegge helsa.

Foto: Mark Lennihan / AP

For den vaksne befolkninga, som er mellom 16 og 74 år, røykte 12 prosent dagleg i 2018, viser tal frå SSB. Det er litt over 300.000 personar – ein klar nedgang frå 2008, kor 21 prosent røykte dagleg.

AKTUELT NÅ