Hopp til innhold

Ber kommunane ta mot 18.000 flyktningar i 2016

Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar ber om at norske kommunar tek mot 18.000 flyktningar med opphaldsløyve i 2016. Det er rundt 4000 fleire plassar enn det utvalet bad om i juli/august.

Nasjonalt utvalg for bosetting av flyktninger, ved IMDI-direktør Geir Barvik, ber kommunene om å bosette 18.000 flyktninger i 2016 og 2017.

VIDEO: Behov for 18.000 plassar i 2016.

Det var leiaren for Nasjonalt utval , direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) , Geir Barvik, som la fram den nye prognosen på ein pressekonferanse i Oslo i ettermiddag. Den store auken i talet på asylsøkjarar som har kome hit til landet har gjort at anslaget på 12.000 plassar frå juli/august har vist seg altfor lågt.

– Mindreårige først

Flyktningkrise 2015

Tilstrømningen av asylsøkere til Norge er rekordstor. Dette bildet er fra et mottak i Finnmark.

Foto: Kai Erik Bull / NRK

Barvik sa at også 18.000 kan vise seg å bli for lågt, og han såg føre seg at talet kan bli så høgt som 21.000 i 2017. Blant dei 18.000 som må busetjast i løpet av 2016 er det snakk om 4400 einslege mindreårige asylsøkjarar. Av desse er rundt 800 born under 15 år.

I 2017 ser det ut til å bli behov for å busetje 7000 einslege mindreårige, og 1400 av desse vil vere under 15 år.

– Det vil vere rett å busetje dei einslege mindreårige først. Det er viktig at kommunane dei nærmaste åra tar mot dei yngste av flyktningane. Denne sårbare gruppa blir mest skadelidande av å vente lenge i mottak, sa Geir Barvik.

Det blir no sendt ut brev til kommunane med spørsmål om kor mange dei kan ta mot i 2016, og at han rekna med at kommunane vil gi svar på dette innan nyttår.

Auke på 90 prosent

Det nye talet er basert på blant anna kor mange saker Utlendingsdirektoratet (UDI) greier å behandle, statsbudsjettet og talet på såkalla overføringsflyktningar. Det er kvoteflyktningar som FN overfører til Noreg. Det ser ut til å kome 4000 slike flyktningar neste år.

Barvik sa også at norske kommunar i løpet av dei siste fire åra har auka busetjinga av flyktningar med opphaldsløyve med 90 prosent. Hittil i år har kommunane busett 7800 personar, men talet er venta å stige til 10500 før året er omme.

Den økte asyltilstrømmingen gjør at kommunene må bosette 18.000 flyktninger neste år. Det er 4000 flere enn tidligere anslått.

VIDEO: Sjå innslaget i Dagsrevyen.

– Krevjande situasjon

– Det er ein krevjande situasjonen, men det er fullt mogleg å takle han slik busetjingsmodellen er i dag. Det er frivillig for kommunane om og kor mange flyktningar dei vil busetje. Med den erfaringa vi har med kommunane si evne og vilje til å busetje stadig fleire flyktningar, har eg tru på at dei vil handtere også denne nye utfordringa, la han til.

Røde Kors: – Uforsvarlege forhold på Tøyen-mottak

Foreslår å flytte demente ut og flyktninger inn

Blir akuttmottak for flyktninger

Ny asylleir i Kirkenes åpner først onsdag

AKTUELT NÅ