Hopp til innhold

Follobanen-rapport offentleggjort: – Oppsiktsvekkande at det blir gjort feil i val av løysingar

Den mykje omtalte rapporten som Norconsult laga for Bane Nor, er no offentleggjort. Her kom dei med ni anbefalingar for utbetringar.

Follotunnelen

BLIXTUNNELEN: Prestisjetunnelen blei opna med kongen, brask og bram. No er det uvisst når tunnelen kan opnast igjen.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

I romjula blei det klart at det enorme prosjektet Follobanen har problem og må haldast stengt på ubestemt tid.

Administrerande direktør i Bane Nor Gorm Frimannslund har uttalt at målet for ny opning er i februar. Aftenposten skriv at det beste scenarioet er at banen opnar 20. januar.

Konserndirektør for utbygging i Bane Nor, Stine Undrum, fortel NRK at dei håpar å bli ferdige med arbeidet i løpet av januar.

Jernbanelinja har ein prislapp på heile 36,8 milliardar kroner og tok 13 år å byggja.

Peika på svakheiter

Ein feil med systemet for returstraum og jording er grunnen til at banen må haldast stengt.

På Follobanen er det blitt brukt ei unik løysing for returstraum som ikkje er brukt i Noreg før.

Bane Nor ville ha ei ekstra vurdering av denne løysinga og engasjerte i haust rådgivingsselskapet Norconsult.

Dette resulterte i ein rapport og no er den mykje omtalte rapporten offentleggjort.

Det var i krisemøte med samferdselsminister Jon-Ivar Nygård at det blei kjent for ålmenta at Norconsult har utarbeida ein slik rapport.

Prosjektdirektør for Follobanen Per David Borenstein.

Prosjektdirektør for Follobanen Per David Borenstein.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

I pressemeldinga fredag skriv Bane Nor at hovudmålet med rapporten var å få ein uavhengig vurdering av om returstraum frå Blixtunnelen, Østfoldbanen og Kongshavntunnelen ville påverka signalanlegget på Oslo S når Follobanen opna.

I tillegg blei Norconsult bedne om å gjera ei uavhengig vurdering av dokumentasjonen av den valde løysinga for returstraum.

Siste utgåve kom 28. november

I rapporten kjem det fram at Norconsult har gått gjennom dokumenta i prosjektet. Norconsult har kome med heile ni konkrete anbefalingar til Bane Nor.

I oppsummeringa i rapporten skriv Norconsult at nokre av dokumenta dei har vurdert ikkje gir «eit truverdig grunnlag for å underbyggja at den termiske belastninga på kabelen som følgje av jording blir tilstrekkeleg låg».

I ei pressemelding frå Norconsult fredag har dei gjort greie for oppdraget dei fekk av Bane Nor.

Her kjem det fram at rapporten blei ferdigstilt så seint som 28. november.

Det er berre knappe to veker før Follobanen opna 11. desember.

Oppgåva om å vurdera løysing for jording av høgspenningskablar i Blixtunnelen omtalar Norconsult som ei «tilleggsoppgåve» som dei fekk i sluttfasen av oppdraget.

Nådde ikkje toppleiinga

Eit spørsmål knytt til rapporten har vore kven som har hatt tilgang til denne.

Bane Nor-sjef Gorm Frimannslund har sagt at ingen fortalde han om risikoen før banen blei opna 11. desember.

Styreleiar i Bane Nor, Cato Hellesjø, har fortalt at han fekk kjennskap til rapporten tysdag denne veka.

Han meiner informasjonen om risikoen ikkje berre skulle nådd toppsjefen, men også styret.

Møte om Follobanen

Cato Hellesjø er styreleiar i Bane Nor, og skulle gjerne visst at fagmiljø hadde funne svakheiter med Follobanen før den opna.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

NRK har ved fleire høve spurt Bane Nor kven som har gjort vurderingar knytt til rapporten. Det har Bane Nor ikkje svart på.

På spørsmål frå NRK fredag, om på kva for eit nivå det blei bestemt at ikkje rapporten skulle meldast vidare til Frimannslund eller andre i toppleiinga, seier Stine Uglum i Bane Nor at de det er fagpersonar som bestilte rapporten.

– Så det er dei som har gjort desse vurderingane i samband med anbefalingane i rapporten, seier ho.

SV: Ansvarspulverisering

Erling Sande (Sp) som er leiar for Transport- og kommunikasjonskomiteen seier han har sendt spørsmål til samferdselsministeren for å vita meir korleis dette kunne skje.

– Eg trur dei fleste vil vera einige om at det er oppsiktsvekkande at det i eit så stort prosjekt, der det blir brukt så mange milliardar kroner, blir gjort openbare feil i val av løysingar på det elektriske området, seier han.

Mona Fagerås (SV) Fylkesråd for næring i Nordland

Mona Fagerås (SV) i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

Foto: Bjorn ER Lunde

Sosialistisk Venstreparti meiner «ansvarspulverisering og eit hav av underleverandørar» kjenneteiknar Follobanen.

– Eg meiner det er uhaldbart at leiinga i Bane Nor ikkje har vore kjende med returstraumkritikken. Det er deira ansvar som leiing, seier Mona Fagerås i Transport- og kommunikasjonskomiteen for SV.

Erlend Larsen (H), som også sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen, seier at det er tre partar dei vil sjå på.

– Det er Bane Nor, Jernbanetilsynet og statsråden. Alle tre har ei veldig viktig rolle her, seier han.

Vil ikkje kommentera rapporten

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård ynskjer ei ekstern gjennomgang av saka, men Samferdselsdepartementet vil ikkje kommentera rapporten frå Norconsult.

– No ventar vi i første omgang på fleire svar frå Bane Nor, som skal koma med tilbakemelding til oss innan 16. januar. Deretter vil det bli ein ekstern gjennomgang av Follobaneprosjektet, som blant anna vil omfatta Bane Nors oppfølging av valt løysing for returstraum, opplyser statssekretær Johan Vasara.

Les også Vil ha ekstern granskning av Follobanen

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap)

AKTUELT NÅ