Hopp til innhold

Opnar for å skrote Venstre i borgarleg regjering

Må KrF og Venstre gå saman i regjering viss det blir borgarleg valsiger neste haust? Nei, meiner KrFU-leiaren.

Hadle Rasmus Bjuland, leder KrFU.

SAMARBEID: – Vi må slutte å gjere oss avhengige av Venstre, seier KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland.

Foto: Kristian Skårdalsmo / NRK

– Vi må slutte å gjere oss avhengige av Venstre. Den tida er forbi. Vi bør vere opne for alle samarbeid på borgarleg side. Det inneber også ei regjering utan Venstre, med berre Framstegspartiet, Høgre og KrF.

Det seier KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland dagen før KrFs store landskonferanse på Gardermoen.

– Eg meiner ei Høgre-Frp-KrF-regjering er vel så aktuell som ei Høgre-venstre-KrF-regjering, seier han til NRK.

Som leiar av ungdomspartiet sit Bjuland også i KrFs sentralstyre.

– Kva er det som er gale med Venstre?

– KrF og Venstre står saman i mange sosiale saker, men så trur eg også at vi står langt frå kvarandre i veldig mange saker: i distriktspolitikken, når det gjeld EU-medlemskap og verdisaker, som abortgrense til veke 18 og avkriminalisering av narkotika, seier Bjuland.

Tviheldt på kvarandre

I helga samlar partileiar Olaug Bollestad omkring 300 partifellar til landskonferanse. Da blir også samarbeid på borgarleg side eit tema.

KrF-leiar Bollestad kommenterer Bjulands utspel slik:

– Det skal renne mykje vatn i sjøen før vi kjem til korleis situasjonen blir i 2025. Men det eg kan seie, er at da vi sett i regjering med Venstre og Høgre, fekk vi mykje til.

2hYVGIfuGrU

SAMAN? KrF-leiar Olaug Bollestad (til venstre) og Venstre-leiar Guri Melby under ein debatt før valet i fjor haust.

Foto: NTB

KrF var frå 2013 til 2021 ein del av det parlamentariske grunnlaget til Solberg-regjeringa.

I den første perioden hadde KrF og nettopp Venstre ein samarbeidsavtale med Høgre/Frp-regjeringa. Venstre gjekk inn i regjeringa i 2018. Etter det dramatiske retningsvalet i 2018 – da KrF med knapp margin valde høgresida framfor venstresida – gjekk også KrF inn i regjeringa, som da fekk fleirtal. I 2020 forlét Frp regjeringa.

I dag seier Bollestad at politisk gjennomslag og å bli kvitt dagens regjering er det viktigaste for KrF. Og å dra politikken mot sentrum.

– KrFU seier dei er opne for alle konstellasjonar på borgarleg side. Er du?

– Partileiaren i Frp sa at det KrF hadde fått til, var ganske krevjande for dei. Og dei valde å gå ut av regjeringa. Og dei ønsker å danne ei regjering med Høgre. Så det er jo eigentleg nokon som har lukka døra til oss, meir enn at vi har lukka døra til dei.

RPd0JntR40I

BORGARLEG SAMLING: Kven skal regjere med kven viss det blir borgarleg valsiger neste haust?

Foto: NTB

Skifte ut Støre

Også Venstre har landskonferanse i helga. Men Venstre-leiar Guri Melby viser til Unge Venstre-leiar Ane Breivik for å kommentere Bjulands utspel om samarbeid.

Breivik meiner utsegnene til KrFU-leiaren er premature. Ho tar det som eit kompliment at KrFU meiner Venstre fekk så mykje gjennomslag sist at dei ikkje har lyst til å vere avhengig av partiet i framtida.

– Dersom ei borgarleg regjering skal vinne frami 2025, må Venstre vere ein del av det, seier ho til NRK.

– Eg er ikkje nødvendigvis så veldig opptatt av KrF i dette reknestykket. Eg er opptatt av å få gjennomslag for Venstres politikk. Da må vi tilbake i regjering, seier Unge Venstre-leiaren.

Unge Venstre-leder Ane Breivik.

PREMATURT: Unge Venstre-leiar Ane Breivik.

Foto: Kristian Skårdalsmo

Sjølv om Bjuland ikkje vil at KrF skal binde seg til Venstre, er han også open for regjeringssamarbeid med partiet.

KrFU-leiaren understrekar samtidig at det viktigaste er å få skifta ut Støre-regjeringa.

– Vi stenger døra for eit Støre-samarbeid i 2025. Dagens regjering tar landet i revers, meiner han – og peikar på mindre rom for private og ideelle aktørar og meir kontroll og overstyring av familiane.

Bjuland ivrar etter å bygge ut kjernekraft i Noreg og vil få bukt med aukande ungdomskriminalitet gjennom strammare ruspolitikk og fritidskort for barn og unge.

– Dette er saker der vi like godt kan finne saman med Frp som med Venstre, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger