Hopp til innhold

Ap vil gi elevar gratis skulemat – prislapp: 2,3 milliardar kroner

Arbeidarpartiet vil innføre gratis mat på grunnskulen og gi gratis SFO for dei yngste barna. Men lekseforbodet fleire ivra for, blei stansa på landsmøtets siste dag.

Skulemat
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Eit enkelt og sunt skulemåltid vil gi betre helse, betre læring og jamne ut skilnadar, seier Arbeidarpartiets utdanningstalsmann Martin Henriksen.

Martin Henriksen i Ap

Aps utdanningstalsmann Martin Henriksen.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Vi veit at ein av sju ikkje har med seg matpakke på skulen, seier han.

Det er ikkje snakk om å gi barna varme måltid, men brødmat, frukt og grønt eller graut.

– Skulle vi ha vedteke varmmat på alle skular, ville det blitt frykteleg dyrt. Vi får til det same for elevane gjennom eit sunt og enkelt norsk måltid, seier Henriksen.

Droppar auka barnetrygd

Innføringa av gratis skulemat skal starte med at kommunar som ønskjer det, skal få eit tilskot til dette. Ordninga skal ikkje gå utover tida lærarane har med elevane.

Men kor skal Ap hente pengane frå?

På sikt anslår partiet at det vil koste 2,3 milliardar kroner i året når alle kommunar har innført gratis skulemat, som skal bli dekka i spleiselag mellom stat og kommune.

Henriksen kan ikkje svare på korleis dei skal finansiere dette.

Men for 2019 viser han til partiets alternative statsbudsjett, der Ap droppar regjeringas auke i barnetrygda, og brukar 715 millionar av kronene på skulemat frå og med hausten – men med ein eigendel på 6 kroner per dag.

Mål om gratis SFO

Ap må også finne ut korleis dei vil betale for eit anna og kostbart vedtak frå landsmøtet:

Ap vil gi førsteklassingar gratis aktivitetsskule (AKS) etter skuletid. Det reknar partiet med vil koste 1,1, milliard kroner i året.

Målet er å gjere skulefritidsordninga (SFO) og AKS gratis for dei yngste barna, det vil seie opp til og med 4. klasse.

– Som alle andre saker er dette noko ein prioriterer i dei vanlege budsjettprosessane, seier Henriksen.

– Vi ser at Oslo kommune si satsing på SFO og AKS har ført til auka deltaking. Det handlar ikkje berre om å få ned prisen, men også å gjere kvaliteten betre, med betre innhald og tid til læring og aktivitetar, seier Henriksen.

Han peiker på at mange opplever at SFO/AKS fort berre blir eit oppbevaringstilbod, og at rundt 100.000 barn ikkje er med på dette.

– Mange burde vere med, det er bra for sosialisering og språkutvikling, seier han.

– Er dette eit steg på veg til heildagsskulen?

– Det vil eg ikkje seie. Det er for å løfte SFO. Vi har snakka mykje om tidleg innsats dei siste åra, og vi må gjere grep for å fylle SFO med innhald, seier Henriksen.

Droppa lekseforbod

Vidare er Aps utdanningstalsperson glad for at landsmøtet droppa å innføre forbod mot lekser i heimen.

– Nokon hang seg opp i at vi måtte avvikle heimelekser, men målet er jo å redusere press og stress blant elevane. Vi må kome tilbake til korleis det skal bli betre i skulen – i samarbeid med skuleaktørane. Vi må ikkje tvinge på dei ei A4-løysing.

Ap vil at lekser skal vere tilpassa kvar enkelt elev og vere noko eleven meistrar.

– Det må heller ikkje ta for mykje tid, seier Henriksen.

Partiet vil derfor slanke læreplanane, slik at lærarane heller går i djupna på færre tema.

Høgre vil heller utdanne lærarar

Høgres utdanningstalsperson, Kent Gudmundsen, meiner at Ap kjem med dyre løfter, og ville heller ha vidareutdanna lærarar.

– Ingenting er gratis, og pengar til desse løfta må Ap hente inn ved å auke skattane eller prioritere ned andre område i skulen, seier Gudmundsen.

Han understrekar at det kan vere viktig å legge til rette for skulemåltid lokalt, slik mange kommunar allereie har gjort.

– Mange set ikkje av nok tid til mathelse, og framleis er det somme som ikkje har med seg matpakke. Men det blir ein feil prioritering å ha statlege program som skal koste fleire milliardar, når vi har så mange uløyste oppgåver i skulen, seier Gudmundsen.

– Men Ap vil gi tilskot til kommunar som ønsker det?

– Når det er fullt fasa inn, vil det bli kostbart.

Venstre rettar seg mot låginntektsfamiliar

Venstres utdanningstalskvinne, Guri Melby, reagerer på vedtaket om målet om å gi alle 1.-4.-klassingar gratis aktivitetsskule etter skuletid.

Venstre meiner at dette berre bør gjelde låginntektsfamiliar, ikkje alle familiar.

Partiet har i regjeringsplattforma fått gjennomslag for i ei ordning der låginntektsfamiliar får gratis SFO/AKS.

– Det hadde vore fint med gratistilbod for alle. Men det er veldig kostbart. Vi vil heller bruke pengane på dei som treng det, og her er hovudskilnaden på Venstre og Arbeidarpartiets sosiale profil, seier Melby.

Ho meiner at Ap dermed brukar pengar på barn frå familiar med middels og høge inntekter.

– Det er både lite treffsikkert og usosialt. Vi får mykje meir att for modellen til Venstre, seier Melby.

AKTUELT NÅ