Hopp til innhold

Sjokkert over strafferabatt-tala: – Ein hån mot offera

Kvar femte dom får strafferabatt i det norske rettsstellet. – Ikkje bra for rettssikkerheita at det blir gitt strafferabatt i så stort omfang, seier Lene Vågslid (Ap), leiar i Justiskomiteen.

Lene Vågslid i muntlig spørretime i Stortinget

SJOKKERR: Leiar av justiskomiteen på Stortinget, Lene Vågslid (Ap), vart sjokkert over funna til NRK. Ho meiner dette er noko ein burde hatt ei oversikt på for lenge sidan.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

NRK har undersøkt 884 dommar frå ti norske tingrettar over to månader i 2017. 184 av dommane fekk strafferabatt grunna sein saksbehandling.

Leiar av forsvarsgruppa i Advokatforeininga, Marius Dietrichson, trur den lange behandlingstida skuldast ei manglande aksept for at sakene må gå fortare.

Forsvarsadvokat Marius Dietrichson på kontoret

HALDNINGSENDRING: Marius Dietrichson, leiar av forsvarsgruppa i Advokatforeininga, meiner det er ei haldningsendring som må til for å kutte ned i talet strafferabattar.

Foto: Caroline Drefvelin / NRK

For å få til dette, må det norske rettsstellet endre haldning, meiner han.

Dietrichson trekk fram Oslo tingrett sitt prosjekt for hurtigbehandling av saker som eit godt døme på noko som fungerer.

I snitt tek det berre 18 dagar å avgjere straffesakene i prøveprosjektet, syner årsmeldinga til Oslo tingrett .

Haldning og innstilling viktigast

– All ære til Oslo tingrett som har sett problemet og vore forkjempar for dette prosjektet. Både dommarar, aktorar, politi og forsvararar går inn i prosjektet med utgangspunkt om at saka skal gå fort – men rettssikkert, seier Dietrichson.

Han håpar dette prosjektet kan realiserast i resten av landet òg, iallfall i dei største byane. Likevel presiserer han at det først og fremst er haldning og innstilling som er det viktigaste.

– I all hovudsak dreier det seg om å setje målsetjingar om ei rettssikker og rask behandling, og det trur eg alle domstolar over heile landet kan gjere.

– ikkje bra for rettssikkerheita

Leiar av justiskomiteen på Stortinget, Lene Vågslid (Ap), vart sjokkert over funna til NRK. Ho meiner dette er noko ein burde hatt ei oversikt på for lenge sidan.

Lene Vågslid

EIN HÅN MOT OFFERA: Leiar av justiskomiteen på Stortinget, Lene Vågslid (Ap), meiner strafferabattane er ein hån mot offer for kriminalitet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Dette er ein hån mot offer for kriminalitet. Det er ikkje bra for rettssikkerheita at det blir gitt strafferabatt i så stort omfang.

Vågslid trur det er mangel på ressursar og lite handlingsrom som fører til strafferabattar.

Handlingsrommet til politidistrikta aleine er redusert med ein halv milliard kroner på fire år.

– Som politikarar kan ikkje vi tru at politiet og domstolane skal jobbe med ei betydeleg auke i saksmengde utan at det følgjer med ei kraftig nok styrking av ressursar, seier ho.

Kjent med problemet

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Sveinung Rotevatn (V), seier til NRK at han er kjent med utfordringane kring strafferabatten.

Sveinung Rotevatn.

KJENT MED PROBLEMET: Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Sveinung Rotevatn (V), er kjent med problemet.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

– Vi arbeidar kontinuerleg for å betre situasjonen, både når det kjem til å styrke politiet, påtalemyndigheitene og domstolane sine rammevilkår.

Han trekk fram at saksbehandlinga i lagmannsrettane er ei stor utfordring, særleg i Borgarting lagmannsrett.

I det reviderte nasjonalbudsjettet har dei no føreslått å løyve midlar til å etablere ei utgreiingseining ved Borgarting lagmannsrett. Dette skal bidra til at saksbehandlingstida haldast nede på sikt, ifølgje Rotevatn.

Borgarting lagmannsrett

STORE UTFORDRINGAR: Borgarting lagmannsrett er ein av fleire lagmannsrettar som opplev store utfordringar når det kjem til sein saksbehandling.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

Dårlegare enn Sverige og Danmark

Marius Dietrichson i Advokatforeininga peikar på undersøkingar som syner at behandlingstida i Noreg er mykje lengre enn i nabolanda Sverige og Danmark.

Peter Madsen-saka i Danmark hadde ifølgje Dietrichson aldri fått like kort behandlingstid her til lands.

– Madsen gjorde eit bestialsk drap i august i fjor. Det gjekk ikkje meir enn nokre månader før han vart domfelt. Det hadde ikkje skjedd i Noreg. Då hadde han framleis vore i varetekt under fulle restriksjonar, venta på tiltale og ikkje hatt ein dato for rettssak, seier Dietrichson.

AKTUELT NÅ