NRK Meny
Normal

Ap startar 2015 i nedoverbakke

Arbeidarpartiet avslutta 2014 med å gjere store hopp på meiningsmålingane. Men 2015 startar med ein nedtur. Partileiar Jonas Gahr Støre er likevel godt nøgd.

Erna Solberg og Jonas Gahr Støre om ny meiningsmåling, januar 2015

Arbeidarpartiet har framleis meir enn 40 prosent støtte i det norske folk, trass nedgang.

RETTING: Grunna ein feil hos Norstat, er meiningsmålinga feil (16. februar). Les sak her: Talkluss førte til feil i NRK-måling .

– Hadde du sagt for eit halvt år sidan at eg skulle ha ei alvorleg mine når eg kommenterte målingar der Ap har over 40 prosent, så hadde eg ikkje trudd på deg, seier Støre.

Han er med andre ord godt nøgd, trass i ein nedgang frå skyhøge 42,8 i desember, til 40,4 på nyåret.

– Når Ap ligg over 40 prosent, så er det ein stor inspirasjon, og det speglar av den gløden som ligg i partiet no, seier Støre.

(Saka held fram under tabellen)

Partibarometer januar 2015

Parti

Desember %

Januar %

Endring

Ap

42,8

40,4

-2,4

Frp

12,6

12,3

-0,3

H

21,5

23,3

+1,8

KrF

5

5,4

+0,4

Sp

5,4

5

-0,4

SV

3,3

3,3

0

V

3,3

4,4

+1,1

MDG

3,7

3,9

+0,2

R

1

0,9

-0,1

Andre

1,2

1,2

+0,7

Erna Solberg

Erna Solberg går fram på målinga, men er ikkje heilt nøgd.

Foto: NRK
Støre

Jonas Gahr Støre går tilbake på målinga, men er likevel nøgd.

Foto: NRK

Knapt raudgrønt fleirtal

På målinga får Ap 76 mandat, men dei raudgrøne har likevel berre eit knapt fleirtal med 86 stortingsmandat til saman.

Grunnen til det knappe fleirtalet er SVs dårlege oppslutning. Partiet stabiliserer seg på 3,3 prosentpoeng etter nedgangen før nyttår. Berre ein SV-ar ville fått plass på Stortinget om valet var i dag.

Venstre har derimot klart å kome attende etter desembers dårlege måling. Partiet går opp 1,1 prosentpoeng, og landar dermed over sperregrensa med 4,4 prosent og 8 mandat.

Regjeringa med framgang

Men partiet med mest framgang er statsminister Erna Solbergs Høgre. Med ein oppsving på 1,8 prosentpoeng får regjeringa litt pusterom etter fleire månadar med stor nedgang.

– Eg håper dette er eit trendskift. Det er alltid hyggeleg at det går oppover, og eg meiner at regjeringa leverer på mange store saker no, seier Erna Solberg.

Statsministeren vil ikkje feste oppgangen til ei spesifikk sak, men meiner oppgangen kan skuldast ein sum av fleire saker.

– Kanskje me byrjar å sjå biletet av at regjeringa jobbar for å gjere helsevesenet betre, at me har fått fram nokre av dei reformene me jobbar med, seier Solberg, som framleis meiner regjeringa har potensial til å få endå meir ut av politikken sin.

Regjeringa milevis unna fleirtal

Men medan nedgang-Støre er nøgd med målinga, så er ikkje oppgang-Solberg like nøgd.

– Eg ønskjer meg sjølvsagt betre målingar enn dette, også for heile borgarleg side. Men det er hyggeleg å sjå meiningsmålingar som går oppover også, seier statsministeren.

Regjeringa har nemleg berre 63 mandat, ein nedgang på 14 stortingsrepresentantar sidan valet i 2013.

Dermed er Høgre og Frp milevis frå dei 85 mandata som dei treng for å få fleirtal på Stortinget. Heller ikkje med hjelp frå støttepartia Venstre og KrF vil regjeringa klare noko fleirtal.

Jokeren Miljøpartiet dei grøne er no berre 0,1 prosentpoeng unna sperregrensa. Klarer dei grensa vil det gi det vesle partiet ei stor auke i stortingsrepresentantar.

Mandatfordeling januar 2015

Parti

Januar 2015

Valg 2013

Endring

Ap

76

55

21

Frp

22

29

-7

H

41

48

-7

KrF

9

10

-1

R

0

0

0

Sp

9

10

-1

SV

1

7

-6

V

8

9

-1

MDG

3

1

2

Andre

0

0

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger