Ap aukar forspranget

Frp går mest tilbake og Ap mest fram i ei måling som Norstat har gjort for NRK. Politisk redaktør Kyrre Nakkim meiner finanskrisa er forklaringa.

Partibarometer
Foto: Grafikk: NRK

Arbeidarpartiet held stand som det klart største partiet med ei oppslutning på 32,2 prosent. Det er ein auke på 2,7 frå sist måling.

Framstegspartiet har den største tilbakegangen, og blir med ei oppslutning på 26,3 prosent denne gongen klart mindre enn Ap.

Målinga er gjort i oktober og er samanlikna med tilsvarande måling gjort i veke 38 i september.

Finanskrisa

Kyrre Nakkim

Polittisk redaktør Kyrre Nakkim.

Foto: NRK

Politisk redaktør i NRK Kyrre Nakkim meiner finanskrisa er den klare forklaringa på framgangen for Ap.

- Ap har teke leiarskap. Dei fekk ein pakke på plass og statsminister Jens Stoltenberg har vore mykje og tydeleg i media. Eg kan knapt hugse nokon gong han har vore så mykje framme. Frp har slite med å kome på banen, seier han.

SMS-bråket

- Men målinga fangar berre delvis opp bråktet rundt konsernsjef Rune Bjerke i DnB Nor og SMS-ane mellom han og Stoltenberg, Vi veit ikkje kor mykje det slår ut, seier Nakkim, som meiner mykje av leiarskapen som Stoltenberg viste i utgangspunktet, forsvann der.

LES OGSÅ: Utelukker ikke misbruk av info

LES OGSÅ: Her er SMS-ene

Nakkim trur likevel folk flest legg mest vekt på realpolitikken og at regjeringa tek situasjonen på alvor.

Styringsparti

Han merkar seg også at Høgre går fram, og trur igjen at finanskrisa er forklaringa:

- Ap og Høgre er styringspartia. Dei framstår som trygge og seriøse.

Borgarleg fleirtal

Med ein framgang på 1,8 får Høgre denne gongen ei oppslutning på 15,2 prosent av dei spurde. Også Venstre går fram, og er no oppe i 5,9 prosent.

Men målinga viser at det framleis er eit klart borgarleg fleirtal. Mandatutrekninga viser at regjeringa med Ap, SV og Sp ville fått 78 mandat om det hadde vore Stortingsval. Opposisjonen med Frp, H, KrF og V ville fått 91.

Mandatfordelingen

Mandatfordelingen på Stortinget.

Foto: Grafikk: NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger