Hopp til innhold

Antirasistisk Senter: Klagar på at Antonsen-saka blei lagt bort

Statsadvokaten la bort saka der Sumaya Jirde Ali melde Atle Antonsen. No vil Antirasistisk Senter senda inn klage.

Atle Antonsen og Sumaya Jirde Ali

LAGT BORT: Statsadvokaten la bort Antonsen-saka. Antirasistisk Senter bekreftar at dei vil klaga på dette.

– Antirasistisk Senter vil av prinsipielle årsaker klaga på at meldinga av Atle Antonsen for hatytringar, for utsegna «du er for mørkhuda til å vera her», vart lagt bort, seier dagleg leiar ved Antirasistisk Senter, Hatem Ben Mansour.

Hatem Ben Mansour

Hatem Ben Mansour, dagleg leiar ved Antirasistisk Senter.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Han seier senteret klagar på eige initiativ.

– Senteret har som organisasjon på feltet ei sjølvstendig klageinteresse då denne bortlegginga kan få langtrekkande konsekvensar utover denne einskilde saka, seier Mansour.

Klagefristen er tre veker. Leiaren i Antirasistisk Senter seier dei vil bruka noko tid på å førebu klagen.

NRK har førebels ikkje fått svar på førespurnadar til Sumaya Jirde Ali og Atle Antonsen om denne saka.

– Har ikkje klagerett

– Etter strafferettslova har ikkje dei klagerett i ei sak som dette, seier strafferettsadvokat John Christian Elden om Antirasistisk Senter.

John Christian Elden

John Christian Elden, advokat med spesialisering innan strafferett og straffeprosess.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Han seier at det her er ei sak med ein personleg fornærma, og at det er ho sjølv som har klagerett som råka av saka. Ein organisasjon kan ikkje gå inn i einskildsaker å klaga, seier Elden.

– Dei kan alltids be Riksadvokaten sjå på saka, og om dei vil vurdera saka, men noko formell klagerett har dei ikkje, understrekar han.

Kjetil Kolsrud, redaktør for Rett24, meiner det ikkje er eit «glasklart» svar på om Antirasistisk Senter kan klaga i denne saka. Også han peiker på at det er personar med såkalla «rettsleg klageinteresse» som har rett til å klaga.

Kjetil Kolsrud

Kjetil Kolsrud, ansvarleg direktør i Rett24.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

– Og om det omfattar Antirasistisk Senter, er ikkje heilt openbert. Men det ein kanskje kan anta, dersom dette er skjedd i samråd med Jirde Ali som er den som er direkte råka her, så vil det sannsynlegvis bli godtatt, seier Kolsrud.

– Men det er ikkje heilt opplagt at ein kan klaga utan at den som er fornærma i saka samtykker i alle fall, legg Kolsrud til.

Les også – Antonsen-saken handler om mye mer enn juss

Reidun Nybø og Shazia Majid på Marienlyst, november 2022.

Melde Antonsen

Førre onsdag publiserte samfunnsdebattanten og forfattaren Sumaya Jirde Ali eit innlegg på Facebook om ein episode ho politimelde Antonsen for.

Ali skreiv i innlegget at Antonsen skreik at ho skulle halde kjeft og sa «du er for mørk til å vere her», fleire gongar.

Hendinga skjedde på utestaden Bar Boca i Oslo for få veker sidan. Antonsen vart meldt for hatefulle ytringar og omsynslaus åtferd.

Dagen etter at Ali publiserte innlegget, la Antonsen ut ei unnskyldning på Facebook.

– Eg veit kva verdiar eg har, og kva eg står for. Eg har aldri tenkt at det kan vere mogleg for meg å vere rasistisk. Men etter denne kvelden og desse idiotiske kommentarane skjønner eg at eg må gå nokon rundar med meg sjølv, skreiv Antonsen.

Les også Politianmelder Atle Antonsen for rasisme: – Sa jeg var for mørkhudet til å være der

Sumaya Jirde Ali

La saka bort

På fredag vart saka lagt bort.

Politiet hadde innstilt på at Antonsen skulle tiltalast, men statsadvokat Ingelin Hauge meinte det altså ikkje var grunnlag for å seia at ytringa til Antonsen var «kvalifisert krenkrende i den samanhengen den er fremsatt».

Dagleg leiar ven Antirasistisk Senter, Hatem Ben Mansour, sa til NRK at han var overraska over at saka vart lagd bort.

Han sa at Antirasistisk Senter ville klaga på at saka vart lagd bort.

– Eg skal skriva ein klage på vegner av Ali, sa han til NRK.

Sjølv om saka blei lagt bort, kan avgjerda til statsadvokaten klagast til Riksadvokaten innan tre veker.

Les også – Det han er mest opptatt av nå, er at henleggelsen ikke medfører mer ubehag

Atle Antonsen og Sumaya Jirde Ali

AKTUELT NÅ