Israel har fått mykje stønad frå mange vestlege og europeiske land etter Hamas sitt åtak 7. oktober, seier landets ambassadør til Noreg, Avraham Nir-Feldklein.
Han opplever likevel mindre stønad frå Noreg, seier han til NRK.
– Når me ser på kor dei europeiske landa står på ulike spørsmål knytt til krigen vår mot Hamas, er Noreg alltid på botn og negative, seier Nir-Feldklein.
– Folkeretten er klar på kva me har lov å gjera og ikkje. Israel handlar i samsvar med reglane i krig, seier Nir-Feldklein.
Utanriksminister i Noreg, Espen Barth Eide (Ap), påpeiker at Noreg har fordømt angrepet frå Hamas.
– Me har tydeleg fordømt det grufulle terrorangrep Hamas utførte mot Israel 7. oktober, og me har uttrykt vår djupaste medfølelse med dei som er råka. Me har også kravd at gislane som Hamas held i Gaza, blir lauslatne umiddelbart og utan føresetnadar, seier Barth Eide til NRK.
Les svaret frå utanriksminister Espen Barth Eide i sin heilskap i faktaboks lenger nede i saka.
Kritiserer FN-resolusjon
Fredag stemte medlemslanda i FN over ein resolusjon som tek til orde for ein umiddelbar humanitær våpenkvile på Gazastripa. 120 stemte for, 14 mot. 45 valte å avstå frå å røyste.
Nir-Feldklein peiker på at Noreg var det einaste landet i Norden som røysta for resolusjonen. USA røysta mot. Sverige, Danmark og Finland valte å avstå frå å røysta.
Avraham Nir-Feldklein, Israels ambassadør til Noreg, meiner Noreg skil seg negativt frå andre europeisk land når det kjem til å kritisere Israel.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRK– Noreg er som regel alltid meir kritiske til Israel enn dei fleste andre europeiske land, seier ambassadøren.
Ambassadøren er vidare klår på at alle som støtta resolusjonen fredag, i røynda ber Israel om å overgje seg.
– Teksten er eit kompromiss mellom ulike posisjonar, og da krev det at også me visar kompromissvilje. Det viktigaste med resolusjonen var å samla brei støtte for våpenstillstand og humanitær bistand til folk i Gaza, seier utanriksminister Barth Eide.
Ekspert: Israel meir høgreretta
Jørgen Jensehaugen ved PRIO, ekspert på konflikten mellom Israel og dei arabiske landa, meiner det er Israel og ikkje Noreg som har endra kurs.
– Israel har blitt eit veldig mykje meir høgreretta, ytterleggåande land dei siste åra. Noreg har stått på staden kvil, medan Israel har bevega seg mot ytre høgre. Difor vert Noreg meir kritiske, seier Jensehaugen til NRK.
Jørgen Jensehaugen i PRIO er ueinig i at Noreg går for langt i å påpeike brot på folkeretten i Gaza.
Foto: Høyskolen Innlandet– Når Israel utfører blokade og bomber eit tettbygd område så intenst, er kritikken den norske regjeringa kjem med ikkje eit uttrykk for å vere pro-palestinsk, men ein refleksjon av norske klassiske verdiar og vårt syn på krigsrett og krigføring, seier han.
Samanliknar med D-dagen
Ambassadøren avfeiar også statsminister Jonas Gahr Støre sitt utsegn om at det Israel no gjer i Gaza, er i strid med folkeretten.
Søndag sa Støre at streken er langt overgått når det kjem til samhøvet i dei israelske motangrepa.
Det Israel gjør på Gaza nå er i strid med krigens regler. Det seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Nir-Feldklein samanliknar situasjonen Israel no står i, med då dei allierte gjekk i land i Normandie i 1944. Dagen vert ofte kalla D-dagen.
– Om ein hadde høyrd på dei som sa at dei sivile tapa på vegen til Berlin ville bli for store, at ein burde gå med på ein våpenkvile, så ville Noreg framleis vore okkupert av Nazi-Tyskland. Det er situasjonen me står overfor. Me blir bedt om å overgje oss. Det kjem me ikkje til å gjere.
6. juni 1944 gjekk amerikanske soldatar i land på stranda i Normandie i Frankrike. Dagen vart kjend som D-dagen, vart starten på frigjeringa av Frankrike.
Foto: NTB / NTBBarth Eide seier krigen har gått for langt, og at ein ikkje kan akseptere at fleire tusen sivile vert drepne.
– Me engasjerer oss også fordi me meiner det må finnast ein veg ut av denne farlege valdsspiralen.
Utanriksminister Espen Barth Eide seier krigen mellom Israel og Hamas gjer verda meir utrygg for alle.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB– Synd og unødvendig
Nir-Feldklein meiner mediedekninga i Noreg manglar balanse, og at desinformasjon og «misforståingar» over fleire år har gjort Noreg kritiske til Israel.
– Det er synd og unødvendig, seier han.
Jensehaugen meiner det mest problematiske med mediedekkinga av konflikten, er at den har ein tendens til å stoppe opp når ikkje det er nye og alvorlege omdreiingar.
– Eg ser det som meir problematisk at man ikkje dekkjer det som skjer mellom dei store eskaleringane. Israel hadde kome dårlegare ut om dekkinga var kontinuerleg, meiner Jensehaugen.
Bygning i Gaza skadd i israelsk bombardement 30. oktober. Journalistar slepp ikkje inn i Gaza no, men lokale journalistar bidreg til dekkinga av situasjonen der.
Foto: STRINGER / ReutersAmbassadør Nir-Feldklein peiker likevel på at Israel har mange vener og støttespelarar, også i Noreg. Men det har også vore mykje kritikk.
Nir-Feldklein seier at ambassaden får e-postar som samanliknar Israel med Hitler. I helga skal han sjølv ha fått melding om at «Hitler hadde rett».
– Det er stor forskjell på å vera anti-Israel eller kritisk til Israel, og å vera antisemitt, seier Nir-Feldklein.