Hopp til innhold

Vindauga på kafébygget på Trollstigen har blåse inn

Kaféanlegget på Trollstigen fekk både inngangspartiet og fleire store vindauge blåst inn laurdag, som følgjer av uvêret «Amy».

Det melder Romsdals Budstikke.

Lars Erik Rødstøl i Statens vegvesen seier til avisa at vinden kom frå ei heilt spesiell retning og trefte inngangspartiet til kafebygget.

Vidare seier han at bygninga blir sikra slik at den blir tett for vinteren, og at glasa som er øydelagt er spesialglas som det er ei viss leveringstid på.

Derfor blir det ikkje reparasjonar før til våren 2026.

Vindauga på Trollstigen bleste inn etter ekstremveret Amy
Foto: Statens vegvesen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Dronebilder av skadd skog etter stormen Amy

Skogen blei rasert av «Amy»: – Det var eit sjokkerande syn