– Vi lever sekund for sekund, og vi tel desse sekunda. Vi kan ikkje sove. På morgonen må vi få tak i mat av noko slag til barna våre, og noko vatn, seier Amjad Shawa.
Amjad Shawa er direktør i paraplyorganisasjonen Palestinian NGO Network. Han og familien har vore på flukt i over tre veker.
Foto: Palestinian NGOs Network7. oktober forlèt familien hans heimen sin og flykta sør i Gaza.
Han fortel om sin 75 år gamle nabo som skal ha døydd fordi ingen kunne hjelpe han med å flykte.
Så langt er over 8000 menneske drepne i Gaza.
– Aldri i livet kunne eg sett for meg å hamne i ein slik situasjon. Å vere så redd. Redd for familien, vennane mine, og mitt eige liv. Å måtte jobbe så hardt berre for å få tak i ei flaske vatn og kjempe for å få tak i noko mat.
Ifylgje FN-organisasjonen UNRWA har dryge 80 lastebilar med naudhjelp kome inn til Gazastripa på éi veke.
Leiar Jan Egeland i Flyktninghjelpen seier UNRWA trong 100 lastebilar om dagen før krigen starta. No treng dei truleg endå fleire. Samstundes seier han at det pleidde å kome 500 lastebilar til Gaza kvar dag.
Det israelske forsvaret (IDF) starta i helga ei opptrapping av krigen. Denne israelske stridsvogna på Gazastripa blei fotografert søndag.
Foto: EVELYN HOCKSTEIN / ReutersTimevis i kø utan nytte
Det er til byar som Khan Younis sør på Gazastripa palestinarar har blitt bedne av israelske styresmakter om å evakuere til. Også der har bygningar blitt jamna med jorda etter bombing og rakettangrep.
Søndag stod hundrevis av menneske i kø for å få tak i brød og vatn i byen Khan Younis.
Foto: Ahmed Abu Kamail / NRKBileta derfrå er tatt av det lokale reportasjeteamet NRK igjen fekk kontakt med søndag.
– Eg er her for å kjøpe brød. Eg har venta i tre timar til inga nytte, for eg fekk ikkje tak i noko. Vi har ikkje ete noko på to dagar, seier Hala Abu Alomrin.
Adam Zorub bur i Khan Younis. Byen husar ein av dei største flyktningleirane for palestinarar.
Foto: Ahmed Abu Kamail / NRKRundt henne står borna hennar – og hundrevis av menneske som alle har same ærend: Å få tak i noko av dei altfor små mengdene mat.
Ein annan stad i byen står Adam Zorub i kø for å få tak i vatn.
– Vassforsyninga som var tilgjengeleg før er kutta, seier han.
Saman med hundrevis av andre må han no belage seg på éin kommunal brønn for å få den livsnødvendige væska.
Søndag skal Israel ha gjenopna ein vassrøyrleidning frå Israel til Gaza, ifylgje avisa Haaretz. Etter åtaka frå Hamas innførte Israel full blokade av Gaza og kutta all innførsel av vatn, mat, medisinar og drivstoff.
Fryktar samfunnskollaps
Etter terroråtaka frå Hamas 7. oktober har Israel gjengjelda mot Gazastripa. Det har ført til at nær 640.000 menneske er internt fordrive, ifylgje FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA)
FN-organisasjon UNRWA organiserer naudhjelp til innbyggjarane på Gazastripa. Dei anslår det daglege hjelpebehovet til å vere 100 lastebilar med mat, drikke og medisinar.
Foto: MAHMUD HAMS / AFPI helga braut tusenvis av menneske seg inn i fleire lager og distribusjonssenter som tilhøyrer FN-organisasjonen.
Kveitemjøl og andre grunnleggande produkt blei stole frå bygningane i sentrale og sørlege delar av Gazastripa.
– Dette er eit urovekkande teikn på at den offentlege ordenen byrjar å bryte saman etter tre veker med krig og beleiring. Folk er redde, frustrerte og desperate, skriv organisasjonen i ei pressemelding.
Ibrahim Abu Zarifeh etterlyser sårt trengd humanitær naudhjelp til innbyggjarane på Gazastripa.
Foto: Ahmed Abu Kamail / NRK– Eg har stått her sidan dag tidleg for å få tak i brød. Dette er ikkje eit liv. Kor er hjelpa frå arabiske og europeiske land? Ingen ser oss, seier Ibrahim Abu Zarifeh.
UNRWA fryktar at redsel, frustrasjon og desperasjon kan få store konsekvensar inne i Gaza.
– Dei føler dei er overlatne til seg sjølve. Avskorne frå familiane sine inne på Gazastripa og resten av verda, seier direktør Thomas White.
Fleire lastebilar passerer grensa
Søndag passerte 33 lastebilar med naudhjelp gjennom grenseovergangen i Rafah, ifylgje talsperson Wael Abo Omar ved overgangen til nyheitsbyrået AP.
Før krigen braut ut 7. oktober blei det ifylgje FN i snitt frakta inn rundt 500 lastebillass med forsyningar dagleg.
Etter samtalar med leiarar i Israel og Egypt søndag bad USA sin president Joe Biden om ei betydeleg auke i naudhjelpa til Gaza.