Hopp til innhold

Aldri før har så mange nordmenn tatt D-vitamin

Salet av D-vitamin aukar. Samstundes peikar ekspertane på at dei fleste av oss ikkje treng tilskot av vitamina.

D-vitamin

STØRRE UTVAL: Utvalet av D-vitamin har blitt større.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

– Vi ser tydeleg og klart at salet går opp. Folk er nok litt meir medvitne.

Det seier Stein Lorentzen-Lund. Han er apotekar ved Vitusapotek på Majorstuen i Oslo og har nærare 40 år lang fartstid i farmasibransjen.

Når vinteren kjem, går salet på D-vitamin opp, seier apotekaren. Og på apoteket har dei fleire hyller med D-vitamin i alle slags former og styrkar.

– Det har blitt mange fleire produkt og mykje meir variasjon, seier Lorentzen-Lund.

D-vitamin

Apotekar Stein Lorentzen-Lund.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

NRK har vore i kontakt med Orkla Health som har merkevarer som Möller's, Collett og Gevita.

Dei reknar å selja over 300.000 einingar med vitamin D-produkt og over 2 mill. einingar med omega 3 til daglegvare og apotek i 2023.

– D-vitamin er ein av dei vitamina som vi sel mykje av, seier Elin Reitan i Orkla Health.

D-vitamin

D-vitamin er særskilt populært om vinteren.

Foto: Eirin Tjoflot

NRK har også vore i kontakt med Orifarm som har merkevara Nycoplus. Dei vil ikkje gi tal, men kommunikasjonssjef Kristian Lysgaard seier:

– Vi ser ein stabil etterspurnad etter Nycoplus vitamin-D dei siste åra. Særleg i periodar med avgrensa eksponering for sollys, som haust og vinterhalvåret.

Ein enorm auke

Tal frå Apotekforeininga, viser at salet av reseptbelagde D-vitamin aukar.

Om ein ser på salstala frå januar til og med november i 2023, er det selt 375.659 pakkar med D-vitamin.

Dei same månadane i fjor var det selt 355.624 pakkar.

Auken ser ein endå betre om ein ser på talet på såkalla definerte døgndosar. Frå januar til november i 2023 er det selt over 68 millionar definerte døgndosar.

Til samanlikning blei det i dei same månadane før pandemien selt 45 millionar definerte døgndosar.

Statistikk for åra etter 2020 er ikkje tilgjengeleg, men tala frå Reseptregisteret kan likevel gje oss ein peikepinn om bruken av D-vitamin i Noreg. Frå 2010 til 2020 har vi gått frå ca. 5000 til over 165.000 brukarar.

Kristin Holvik ved FHI forklarar at vi også tek høgare dosar no enn før.

– Tidlegare var det ikkje tillate å marknadsføra dagsdosar høgare enn 20 mikrogram som reseptfrie kosttilskot. Dette er endra, og no er det tillate å marknadsføra reseptfrie kosttilskot med dagsdosar opp til 80 mikrogram per tablett til vaksne.

10 mikrogram er nok

Apotek og daglegvarebutikkar sel altså D-vitamin i dosar på opptil 80 mikrogram.

Det er åtte gonger meir enn mengda D-vitamin vi blir anbefalte å få i oss.

Helsedirektoratet rår vaksne og barn å ha eit inntak på 10 mikrogram. For dei som er over 75 år anbefaler dei 20 mikrogram.

Dette kan ein få dekkja via kosthaldet om ein et feit fisk, tar tran, drikk mjølk og et smør eller margarin tilsett D-vitamin.

D-vitamin

Tran er ei god kjelde til D-vitamin.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

– Men det er ganske mange som har for lågt inntak, og difor må ta tilskot, seier Linda Granlund som er divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

– Og det er jo slik at D-vitamin blir tilført gjennom kosten, men det blir produsert i huda når vi får sol på oss. Det er noko av utfordringa her i Noreg at vi har lite sol på vinterhalvåret. Difor kan det vera at nokon får utilstrekkeleg inntak, legg ho til.

Les også Sånn får du nok solvitaminer i mørketida

Ung kvinne står i soloppgangen og holder sola i ei skei.

Auka fokus

Magritt Brustad er professor ved Universitetet i Tromsø. Ho seier at det har vore eit stort fokus på D-vitamin, og trur at auken i bruken av vitamina kan koma av det.

D-vitamin

På apoteket sel dei D-vitamin i både kapslar og tablettar og ulike styrkar.

Foto: Eirin Tjoflot

D-vitamin er viktig for skjelettet og det har vore forska mykje på D-vitamin knytt til andre sjukdommar.

– Det er gode haldepunkt for at D-vitamin speler ei rolle i immunsystemet, samstundes kan ein ikkje tolka det slik at ein får eit betre immunsystem ved å ta mykje D-vitamin, seier Brustad.

Les også Omfattande tran-studie: Vitamin D vernar ikkje mot covid

Vi ser hendene til en mann som heller tran fra ei grønn flaske og i ei skje.

Ho fortel også at ein har forska på D-vitamin og helseutfall som til dømes kreft og hjarte- og karsjukdom.

– Men i dag har vi ganske gode forskingsstudium med høg kvalitet som ikkje har kunna bekrefta at D-vitamin beskyttar for dei sjukdommane ein kanskje trudde D-vitamin kunne beskytta for nokre år sida, seier ho.

AKTUELT NÅ