Hopp til innhold

Aker BP med milliardoverskot i andre kvartal: – Lenge til vi kan seie at krisa er over

Aker BP hentar seg opp etter marerittvår for oljebransjen.

Valhall-feltet i Nordsjøen

STOR: Aker BP er Oslo Børs nest største oljeselskap, etter Equinor. Dette bildet er frå Valhall-feltet deira i Nordsjøen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Vi vart treft av korona i mars og har hatt store utfordringar med å handtere det som mange andre bedrifter.

Det seier adm.dir. Karl Johnny Hersvik i oljeselskapet Aker BP. I dag la han fram ein rapport for det han sjølv omtalar som det mest dramatiske kvartalet i hans karriere.

Det var ein letta og stolt direktør som i dag kunne vise til milliardoverskot under møtet med aksjonærane i oljeselskapet Aker BP.

– Det at vi med ein så stor organisasjon klarte å responderte raskt og gjere grep gjer at vi hamnar på eit positivt andre kvartal trass i utfordringane, seier han.

Hersvik peiker ved fleire høve på viktigheita av reduseringa av oljeskatten.

– Eg kan ikkje overvurdere viktigheita av skattepakken nok. Den tar ut litt av risikoen for oss som selskap og lar oss investere meir, og derfor skape meir arbeidsplassar i Noreg, seier han.

Men krisa er framleis ikkje over for oljebransjen, understrekar Hersvik. Han peiker på at koronaviruset framleis er på frammarsj fleire stadar i verda.

– Det er lenge til vi kan seie at krisa er over. Vi vurderer den globale økonomien som ustabil. Vi forventar store svingingar i oljepris resten av året og inn i neste år.

Snudde underskot til overskot

Aker BP fekk eit overskot før skatt tilsvarande på 1,4 milliardar kroner i andre kvartal. Det skjer etter at oljepriskollaps og koronaviruset gav eit dundrande underskot i dei tre første månadane i år.

Selskapet meldte først om drastiske kutt i investeringsplanane, etter eit betre andre kvartal aukar dei igjen investeringsbudsjettet.

Selskapet kjem samtidig med godt nytt for den norske leverandørindustrien. Kuttet i investeringsplanane deira er halvert frå kriseplanen dei la fram i mars.

Nøkkeltal

  • Aker BP rapporterer om 5, 5 milliardar kroner inntekt i andre kvartal.
  • Dei reverserte og nedskrivingane sine med 1,2 milliardar kroner, etter å ha gjort nedskrivingar på 6,1 milliardar tidlegare i år som følgje av fallet i oljeprisane.
  • I andre kvartal snudde Aker BP resultatet sitt til eit positivt resultat før skatt på 1, 4 milliardar kroner frå eit negativt resultat før skatt på 3, 9 milliardar i første kvartal.
Forskingsfartøyet REV

Kjell Inge Røkke er hovudaksjonær i Aker BP.

Foto: Lise Åserud / NPK

Liten og stor aktør i bransjen

I dag kjem både Aker BP og Okea med kvartalsrapportar som viser korleis dei har klart seg gjennom koronakrisa og kva dei har planar om å gjere vidare.

Kjell Inge Røkke-kontrollerte Aker BP produserer over 200.000 fat oljeekvivalentar om dagen på nokre større felt. OKEA produserer rundt ein tiandedel av dette, og dei drifter stort sett mindre felt. Dei er for mange mest kjent som oljeselskapet til tidlegare oljeminister Ola Borten Moe. Han starta selskapet saman med tidlegare Det norske-sjef Erik Haugane, Anton Tronstad og Knut Evensen i 2015.

OKEA hadde 275 millionar kroner i inntekter frå april til juni, ned frå 1039 millionar kroner i andre kvartal i fjor. Sjølv om inntektene fall kraftig, så fekk selskapet eit overskot på 210 millionar kroner.

Resultatet til OKEA er òg prega av planlagt vedlikehald ved to felt, slik at produksjonen fall.

– Trass svake finansielle resultat, så er eg nøgd med korleis OKEA har takla ein utfordrande situasjon. Eg trur vi er i ein god posisjon til å utvikla selskapet vidare, seier administrerande direktør i OKEA, Eirik Haugane i ei børsmelding.

fCOo9-p4I3k

UNGT SELSKAP: Bjellesermoni med OKEA ASA på Oslo Børs i 2019.

Foto: Thomas Brun / NTB scanpix

Priskollaps og oljepakke

Andre kvartal starta dramatisk for oljeselskapa. Koronaviruset strupte verdas behov etter olje, samtidig som Russland og Saudi-Arabia skrudde oljekranene på vidt gap i ein priskrig. På det lågaste kosta nordsjøoljen under 20 dollar fatet.

Etter semje om produksjonskutt mellom verdas største oljeprodusentar i OPEC+, starta oljeprisane å stige. Frå byrjinga av mai til starten av juni steg oljeprisen frå rundt 20 til over 40 dollar fatet. Der har prisane heldt seg sidan.

Samtidig som oljeprisane meir enn dobla seg, så vedtok Stortinget 12. juni endringar i oljeskatten. Målet med endringane var å gjere det meir lønnsamt å investere no, gjennom det som i praksis blir utsett skatt. Ifølge Finansdepartementet gjev oljepakken også eit skattelette på inntil åtte milliardar kroner.

AKTUELT NÅ