Hopp til innhold

DNB sin kvartalsrapport: – Fleire lyspunkt for norsk økonomi

DNB sitt resultat for andre kvartal i år er markant betre enn første kvartal i år.

DNB: kvartalsrapport for fjerde kvartal

SPENNING: Det var stor spenning før konsernsjef i DNB, Kjerstin Braathen, la fram tala frå andre kvartal i dag.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

DNB aksjen gjekk over 7 prosent opp frå start på Oslo Børs måndag. Oslo Børs steig 1,8 prosent etter at Orkla og DNB la fram sine kvartalsrapportar og Aker Solutions la fram sitt resultatvarsel.

Kvartalsrapporten til DNB viser fleire lyspunkt for norsk økonomi. Tala er markant betre enn analytikarane hadde spådd.

– Situasjonen er framleis krevjande for mange, men norsk økonomi landar på beina, og mykje ser lysare ut enn ved utgangen av førre kvartal, skriv konsernsjef Kjersti Braathen i børsmeldinga som vart publisert måndag morgon.

Resultatet viser at banken hadde 2,1 milliardar i tapsavsetjingar og 6,3 i overskot for før skatt.

Som Noreg sin største bank, er DNB ein indikator på korleis norsk økonomi har klart seg gjennom koronakrisa. Det var knytt stor spenning til andre kvartal, sidan det er første heile periode der koronapandemien har ramma økonomien.

Eit snitt av analytikarar forventa desse tala på førehand:

  • 9,35 milliardar kroner i inntekter
  • 2,98 milliardar i overskot før skatt
  • 3,6 milliardar kroner i tapsavsetningar

Men tala DNB la fram var meir positive enn analytikarane hadde frykta.

Frykta milliardtap

Tapsavsetningar vil seie kor mykje pengar banken set av for å dekkje venta tap. Banken sat av nesten seks milliardar kroner for å dekkje utlånstap i første kvartal. Men konkursraset mange frykta etter at Noreg stengde ned 12. mars i år har førebels ikkje komme.

I tillegg til at konkursbølgja ikkje har kome, så har banken gjeve betalingsutsetjingar til tusenvis av kundar.

Lyset var meir eller mindre slått av for norsk økonomi i april og store delar av mai, der store delar av økonomien var stengd og oljeprisen rasa. Frå slutten av mai og gjennom juni har store delar av økonomien gått tilbake mot ein meir normal situasjon, og oljeprisen har meir enn dobla seg frå botnen. Banken trur oljebransjen framleis har harde tider framfor seg.

Tapte milliardar på lån

Som i første kvartal tapte DNB milliardar på lån grunna koronapandemien. Tapa er mykje mindre i første kvartal. Til saman tapte dei 2,1 milliardar kroner på utlån.

Trur oljebransjen får det tøft

Nesten ni av ti kroner banken har sette av til tap, er knytte til olje, gass og offshore. Mange av desse selskapa sleit tungt før koronakrisa.

– Det vil framleis vere krevjande for nokre bransjar framover, for eksempel offshore, seier konsernsjef Braathen.

Ho understrekar at usikkerheita framleis er større enn normalt, både med tanke på smitteutvikling og korleis økonomien vil hente seg inn igjen etter krisa.

Fekk rentekritikk

DNB sine renteinntekter for andre kvartal i år har søkkt 130 millionar kroner frå same kvartal i fjor. I vår fekk banken kritikk for å ikkje delta på den nasjonale dugnaden, sidan dei kutta renta langt mindre enn sentralbanken. Tala for andre kvartal viser at renteinntektene til banken fall med 1,4 prosent. Det vil seie at banken i større grad har innordna seg etter styringsrenta.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger