Hopp til innhold

– Tilsette i helsevesenet bør ikkje reise på ferie til utlandet no

– Vi ber tilsette om ikkje å reise til område med koronasmitte, men vi har ikkje rett til å nekte dei å gjere det. Lovene bør endrast, seier avdelingsleiar Dag Jacobsen ved Oslo universitetssjukehus.

Corona virus - Isolatavdelingen på Ullevål sykehus

Det er frykt for personalmangel ved sjukehusa, dersom mange tilsette blir sett i karantene etter utanlandsreiser.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Han meiner det er naudsynt å gjere noko med dette. Lovene må endrast slik at sjukehuset kan nekte tilsette å reise til utlandet slik situasjonen er no, seier han. Avdelingsleiaren meiner at dersom ein jobbar i helsevesenet, så er ikkje dette tida for å reise utanlands. Og særleg ikkje til område med utbreidd smitte, såkalla endemiske område.

Avdelingsleiar og professor ved OUS, Dag Jacobsen.

Avdelingsleiar Dag Jacobsen vil ha lovheimel til å forby tilsette å reise til land med koronasmitte.

Foto: OUS

Dag Jacobsen fortel at han no har løfta denne problemstillinga til topps ved sjukehuset. Svaret er at avdelingsleiarane har ikkje rett til å gripe inn mot dei tilsette sine reiseplanar, sjølv om dei reiser til område med utbrot av Covid-19.

Eksplosiv vekst

Dersom koronaviruset får ein eksplosiv vekst her i landet, slik som i Italia, så vil fleire helsetilsette kome tilbake til obligatorisk karantene, fryktar han. Det vil bli fullt trykk frå stadig fleire pasientar, samstundes som det er personalmangel fordi tilsette ved sjukehuset er i karantene heime.

– Dette vil særleg ramme vår medisinske intensivavdeling, der kapasiteten blir styrt av personalressursane. Så kjem dei heim og får lønn i tida dei er i karantene, trass i at dei har gått mot tilrådingane frå sjukehuset, seier Jacobsen.

Få daglig nyhetsbrev om koronautbruddet

Krev lovendring

Han minner om at andre land no har oppgradert Tyskland, Frankrike og Spania til det som på fagspråket heiter endemiske område, altså område med omfattande smitte.

– I andre yrke kan ein moglegvis sjå litt større på det, men helsepersonell bør ikkje reise ut no. Det trudde eg ærleg talt at vi kunne forvente. Men lovverket seier eit tydeleg nei til å nekte tilsette å reise ut. Her er lovverket med på å halde oppe smitten, og lova bør endrast snarast, seier han.

NRK svarer: korona

AKTUELT NÅ