Hopp til innhold

– Thailandsk kabinpersonale ein tryggingsrisiko

Norsk pilotforbund meiner flyselskapet Norwegian sin bruk av thailandsk kabinpersonale, er ein tryggingsrisiko. Norwegian meiner dei bør slutte å skape frykt blant passasjerane.

Innslag fra Dagsrevyen 21 om strid i luftfarten.

VIDEO: Krangel om utanlandske kabintilsette

Petter Førde er leiar i Norsk pilotforbund. Han er uroa over at Norwegian har 200 thailandske kabintilsette, som ikkje oppfyller EU-kravet om at ein må ha budd i EU eller EØS-området i minst fem år, og ha ein utfyllande politiattest, for jobbe i eit norsk flyselskap.

Førde seier han ikkje kan forstå korleis norske styresmakter kan akseptere den praksisen som Norwegian no følgjer

ESA-reaksjon

Petter Førde i Norsk pilotforbund.

Leiar i Norsk pilotforbund, Petter Førde, forstår ikkje korleis norske styresmakter kan akseptere praksisen i Norwegian.

Foto: NRK

Luftfartstilsynet har gjort unntak for regelen. Det har fått overvakingsorganet for EØS-avtalen, ESA, til å stille spørsmål om dette unntaket er i strid med EUs regelverk.

Kommunikasjonssjef i ESA, Øyvind Bø, seier til NRK at dei no ser på om Noreg følgjer krava som EØS-avtalen stiller til bakgrunnssjekk, før det blir utlevert identitetskort som gir tilgang til tryggingssoner på flyplassar.

– Det som gjer meg uroleg er at vi skal få menneske inn i cockpiten som ikkje har den same bakgrunnssjekken, som eg ikkje kjenner og som eg ikkje veit kva står for, seier Petter Førde i Norsk pilotforbund, som er ein del av Parat.

– Rett og slett tull

På spørsmål om kva han er redd for kan skje, svarar han dette:

– Det kan ein berre spekulere i, men det er klart at folk med skumle intensjonar har veldig store sjansar til å gjennomføre det dei ynskjer.

Parat understrekar at kritikken deira rettar seg mot Luftfartstilsynet, og ikkje mot Norwegian.

Lasse Sandaker-Nielsen, informasjonsdirektør i Norwegian.

Lasse Sandaker-Nielsen er kommunikasjonssjef i flyselskapet Norwegian.

Foto: NRK

Kommunikasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen reagerer sterkt på utspelet frå leiaren i Pilotforbundet.

– Å få dette til å høyrest ut som om det er tryggingsrisiko for dei som flyg med oss. er rett og slett tull. Det er eit nytt utspel frå Parat som hengjer ut kollegaer frå andre land for å skape frykt blant passasjerane. Og det må det snart bli slutt på, seier Sandaker-Nielsen til NRK.

– Alt flypersonell, enten dei kjem frå Thailand, USA eller Noreg rettar seg etter det same norske regelverket, og er underlagt same tilsyn frå styresmaktene. Å påstå at kollegaer frå andre land er usikre fordi dei ikkje har norsk politiattest er ikkje berre usolidarisk, men feil, seier han.

Verneombud truer med å stenge grensen på Gardermoen

Fagforeningsledere fra USA og Europa i Oslo for å drøfte Norwegian

Ventar på ESA

Jørgen Ingebrigtsen i Luftfartstilsynet seier i ein kommentar at dei ventar på ei avgjerd i ESA, men at dei kjenner seg trygge på at praksisen som gjeld i dag ikkje medfører auka risiko.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger