Hopp til innhold

– Storbritannia har aldri likt EU

Mange fryktar at brexit skal spreie seg til andre land, og bety slutten på heile EU-prosjektet. Men kor realistisk er eigentleg det? Mykje tydar på at britane mislikar EU meir enn nokon andre.

Demonstranter holder opp plakater utenfor det britiske parlamentet

KRITISKE: desse britane er kritiske til det konservative partiet, britar flest er kritiske til EU

Foto: NIKLAS HALLE'N / Afp

– Om Frankrike forlèt EU er det over. Då er heile prosjektet historie, seier utanriksforskar Asle Toje.

Asle Toje

TRUR DET SER MØRKT UT: Asle Toje trur ei folkerøysting i Nederland eller Frankrike kan vere ei katastrofe for EU

Foto: NRK

Mange i Europa er no redde for britane sitt opprør skal vere første steg mot ein fullstendig kollaps av EU. I Frankrike og Nederland har fleire politikarar allereie etterlyst liknande folkerøystingar som den i Storbritannia.

Fleire peiker på at dei kreftene som no dreg britane ut av EU er på frammarsj i mange andre europeiske land. Brexit kan sjåast som eit oppgjer med politikarane og den politiske eliten, og det same oppgjeret ligg og ulmar på kontinentet.

Geert Wilders og Marine Le Pen

EU-KRITISK DUO: Jean-Marie Le Pen og Geert Wilders vil begge ha folkerøysting i sine land Frankrike og Nederland

Foto: VALERIE KUYPERS / Afp

– Ser mørkt ut

Asle Toje meiner framtida for EU kan sjå mørk ut, og at ei folkerøysting i Nederland eller Frankrike fort kan ende med at også dei går ut.

Det er likevel ikkje alle som er samde i at EU er eit korthus som no ramlar saman.

– Storbritannia har eit fundamentalt annleis syn på EU enn resten av europa. Det er ei øy, dei har alltid vore på sida av landa på kontinentet. Det seier skribent og samfunnsdebattant Jan Arild Snoen.

Jan Arild Snoen, kommentator i Minerva

OPTIMIST: Jan Arild Snoen lener mot at han trur at EU vil klare seg, trass i brexit

Foto: NRK

Han er samd med Toje i at EU er ille ute om Frankrike eller Nederland forlèt unionen, men han trur ikkje det kjem til å skje.

Europas mest EU-skeptiske land

Eurobarometer

STORT SPENN: det er store skilnadar på kva ulike europearar meiner om EU

Foto: Eurostat

Tabellen over er dei nyaste tala ifrå Eurobarometer si måling av haldningar til EU. Folk har teke stilling til påstanden "eg trur landet mitt vil klare seg betre utanfor EU". I Nederland er 76 % "totalt ueinig" i denne påstanden, medan berre 18 % er einig. I Storbritannia er det flest, nemleg 47%, som svarar "totalt einig". Frankrike ligg om lag midt i mellom dei to.

Hovudtendensen er uansett at britar i følgje denne undersøkinga ser ut til å vere mykje meir EU-kritisk enn nesten alle andre EU-land.

Også Toje er samd i at Storbritannia er eit særtilfelle. Han trekker fram at EU allereie hadde funne sin form då britane vart med i 1973. Nederland og Frankrike var derimot med på å stifte heile unionen 1958. Eit "nexit" eller "frexit" ville difor vere eit mykje større sjokk enn brexit, meiner han.

Dansk Folkeparti poster og kake

IKKJE MEIR EU: også i Danmark har det vore snakk om folkerøysting om EU den siste tida.

Foto: NILS MEILVANG / Afp

Det at Nederland og Frankrike er med i både euro- og schengensamarbeidet vil også gjere det meir komplisert å skulle trekkje dei ut av EU.

Vil ikkje samarbeide med Le Pen

Men Jan Arild Snoen har altså ikkje trua på at det skal skje.

– Nei-til-EU-alliansen i Storbritannia er mykje breiare enn i andre europeiske land. Særleg i Frankrike er EU-motstanden tett knytt opp til partiet Front National. Det gjer at meir moderate politikarar vil vegre seg for å fronte ein nei-kampanje der.

Snoen slår fast at leave-kampanjen i Storbritannia hadde eit heilt anna grunnlag, og at den har innslag både frå høgre- og venstresida.

Toje peiker likevel på at brexit kanskje var like mykje eit oppgjer mot den politiske eliten, som det var eit oppgjer med EU. Då vil kanskje ikkje haldningane til EU vere det utslagsgjevande.

– Ei folkerøysting i Nederland eller Frankrike vil vere akkurat like utofrutsigbar som folkerøystinga i Storbritannia var, trur han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger