Hopp til innhold

– Politireforma forpliktar

Leiaren i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, er nøgd med den nye politireforma, men det er berre viss politikarane følger opp det dei har lovd til no: – Elles er det ein illusjon, seier han.

Sigve Bolstad, Politiets fellesforbund

POSITIV: Sigve Bolstad, leiar i Politiets Fellesforbund er positiv til den nye politireforma som reduserer politidistrikta frå 27 til 12.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Ord må bli til handling

Stortingsfleirtalet er overtydde om at færre politidistrikt vil gje betre kvalitet, og det er leiaren i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, einig i, under føresetnad at politikarane held ord.

– Viss sluttresultatet blir som det blei sagt, så blir dette bra, seier Bolstad.

Med den såkalla nærpolitireforma skal talet på politidistrikt reduserast frå 27 til 12. Sluttresultatet skal mellom anna vera meir synleg politi i lokalmiljøa, kortare saksbehandlingstid, og ny organisasjonskultur tilpassa samfunnsoppdraga til dei ulike etatane, ifølge politikarane.

– Det som vart uttalt av våre politikarar er det som Politiets Fellesforbund også meiner og har meint lenge.

Kritiske røyster

Men det er ikkje alle som er like nøgde med den nye reforma. Kritikken går mellom anna ut på at avstandane er for store og at politiet ikkje vil ha nok lokalkunnskap til å kunne gjera ein god nok jobb. Bolstad meiner at talet på distrikta ikkje nødvendigvis er avgjerande i den samanheng.

– Me har eit stort fokus på samfunnsoppdraget. Så viss politikarane gjer det dei faktisk seier, så vert det meir lokalt forankra politi. Publikum spør etter politi og politikraft der dei bur. Det vert jo kalla nærpolitireforma, og det forpliktar, seier han.

KS: – Kan bli turbulens om politireform

Den nye politireforma tek vare på intensjonen om eit nærpoliti med sterk lokal forankring. Men det kan raskt bli turbulens om kva for nokon lokale lensmannskontor som skal leggjast ned, seier Helge Eide som er direktør for interessepolitikk i kommuneorganisasjonen KS.

Helge Eide

Helge Eide direktør for interessepolitikk i kommuneorganisasjonen KS

Foto: NRK

– Det er ingen tvil om at når slike spørsmål kjem opp, er det potensielt konfliktfylt. Ein skal vera veldig blåaugd dersom ein ikkje trur det er tilfelle, seier Eide.

Ifølge nærpolitireforma skal Politidirektoratet rådføra seg med kommunane om korleis dei nye politidistriktane skal sjå ut. Endelag avgjerd skal takast av direktoratet, men kommunane får moglegheit til å klage til politikarane viss det oppstår usemje.

Men Eide, understrekar at han først og fremst er glad for at intensjonen om eit sterkt nærpoliti med lokal forankring, er teke vare på.

– Det er det aller viktigaste, seier han.

Politidirektøren er positiv

– Eg er glad for at regjeringa har lykkast med eit bredt politisk forlik i Stortinget om politireforma, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård.

– Reforma gjer rammene for langsiktig utvikling av norsk politi. Eg er glad for at det blir 12 politidistrikt, seier politidirektøren.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger