Hopp til innhold

Skuleforskar: – Lærarane kan ikkje nok matte

– Norske lærarar har for svake fagkunnskapar i matematikk for det nivået dei underviser på, meiner skuleforskar Liv Sissel Grønmo.

Tavle

Skuleforskaren meiner noko av forklaringa til at norske elevar ligg langt bak dei beste matte-landa ligg i kunnskapsnivået til dei norske matte-lærarane, men understrekar at ho slett ikkje er ute etter lærarane.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Skal du vere god på formidling må du vere god på det faglege. Du kan ikkje formidle på ein god måte noko du ikkje kan godt, seier førsteamanuensis Liv Sissel Grønmo ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking ved Universitetet i Oslo.

Grunnlaget for kraftsalven er forsking ho har gjort på utdanning av lærarar i matematikk, som mellom anna er publisert i ein rapport frå 2012.

Langt fram

Liv Sissel Grønmo.

Førsteamanuensis Liv Sissel Grønmo ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning ved Universitetet i Oslo.

Foto: UiO
Ragnhild Lied

BLIR BETRE: Ragnhild Lied, leiar i Utdanningsforbundet, meiner at situasjonen for matematikkfaget i skulen er i ferd med å bli betre.

Foto: Utdanningsforbundet

Grønmo la sjølv fram dei siste internasjonale testresultata, Timss-undersøkinga som viste at matematikkprestasjonane til norske elevar har betra seg. Men ho har heile vegen vore oppteken av å peike på at det framleis er langt fram til dei beste mattelanda.

Grønmo meiner noko av forklaringa ligg i kunnskapsnivået til dei norske mattelærarane, men understrekar at ho slett ikkje er ute etter lærarane.

Får ikkje påfyll

– Kvar enkelt lærar er ikkje ansvarleg for den utdanninga eller etterutdanninga han eller ho har fått. Alle yrkesgrupper har behov for av fagleg påfyll, og det gjeld særleg lærarar. Men det ser det ut til at dei faktisk ikkje får, verken i grunnutdanninga eller i etterutdanninga.

– Er det for mykje fokus på pedagogikk og formidling i lærarutdanningane?

– Eit vilkårslaus «ja!», seier Grønmo.

– Vil ta tid

– Dette er ein kjent situasjon, som ein har sett over tid, seier leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied, om Grønmos forsking.

Lied meiner likevel at situasjonen for matematikkfaget i skulen er i ferd med å bli betre.

For det første har Utdanningsdepartementet kommen med ei kompetanseforskrift som krev at lærarar må ha fordjuping i faga dei skal undervisa i. I tillegg har ein videreutdanningsstrategi gitt ei ekstra satsing på matematikkfaget.

– Men dette vil ta tid, og det er heller ikkje alle kommunane som er like opptekne av å byggje opp matematikkompetansen, avsluttar Lied.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger