Etter 20 år som kunde i same bank bytte Audun Wiik frå Arendal bank før jul.
Gjennom Forbrukarrådet sin finansportal fekk han eit godt tilbod frå ein rein digitalbank.
Tidlegare har han fleire gonger fått forhandla ned renta. Men denne gongen ville ikkje DNB gi tilsvarande rentevilkår som han fekk tilbod om frå konkurrenten.
Konsekvensen vart at han flytta bustadlånet.
– For meg er 3000 kroner vesentleg lågare utgifter på bustadlånet. Alle fornuftige personar vil ikkje stå og kaste 3000 kroner i søppeldunken i månaden viss dei kan la vere, seier han.
Audun Wiik frå Arendal
Foto: Erik Wiig Andersen / NRKNo er han kunde i Bulder bank, ei avdeling av Sparebanken Vest.
Banken finst berre i ein app på mobilen, og han sparer tre tusenlappar i månaden. Den faktiske innsparinga er lågare fordi færre betalte rentekroner reduserer skattefrådraget i skattemeldinga.
Audun meiner bank via mobilen kanskje ikkje passar for alle.
Rentekalkulator
Kalkulatoren bruker formel for annuitetslån for å beregne dine månedlige kostnader. Her brukes nominell rente. Det vil si at det vil komme ett transaksjonsgebyr i tillegg som vil variere fra bank til bank. Dagens rente er hentet fra DNBs boliglånsrente for unge, og ulike banker vil ha ulik rente. Tallene som oppgis her vil derfor bli omtrentlige for deg. Månedlige utgifter er renter og avdrag samlet.
Se hvor mye du må betale hvis renta øker.
- Månedlige utgifter
- 17 190 kr
- Økte renteutgifter
- 1 536 kr
Det vil si en total utgift på 17 190 kroner i måneden, som betyr 1 536 kroner mer i ekstra renteutgifter enn det du betaler i dag. Renteutgifter er det du må betale ekstra når renta øker fra dagens rente på 3,89%
– For min del var det litt skummelt å ikkje kunne bruke den gode gamle nettbanken via pc-en, men berre ta omsyn til ein app på mobilen, seier han.
DNB vil ikkje gi nokon kommentar til Audun Wiiks bankbyte. Banken viser til at kundeforholda er omfatta av teieplikt og at dei i praksis ikkje har lov til å kommentere enkeltsaker.
Sjå DNBs svar på det generelle lånevilkåret til banken lenger ned i saka.
Tal frå samanlikningstenestene Renteradar og Finansportalen viser at mange kan spare mykje på å byte bank. Det er særleg viktig når renta er høg, og torsdag er det venta at Noregs Bank aukar renta ytterlegare.
Forbrukarrådet: – Ikkje vent med å kontakte banken
Forbrukarrådets finansportal viser at det kan vere store renteforskjellar i listeprisane hos bankane.
Men listeprisen er ofte ikkje den faktiske bustadlånsrenta folk betaler. I fleire bankar er listeprisen berre rettleiande, og kan forhandlast.
Jorge Jensen er fagdirektør i Forbrukarrådet.
Foto: Stig Jaarvik / nrk– Oppmodinga frå oss går ut til dei om lag 75 prosent av kundane som ikkje tek kontakt med banken. Bankane har ikkje noko imot det og har som regel eit godt tilbod til deg, så det er ingen god grunn til å vente, seier Jorge Jensen, som er fagdirektør i Forbrukarrådet.
– Viss ein har dårleg råd er det lurt å byrje der som utgiftspostane er størst, og det er på bustadlån og forsikring.
– Oversikta vår over prisar på bustadlån på Finansportalen viser at dei billigaste bankane er dei innkjøpsfellesskapa som fagforeiningane har, og såg det bankane utan eit stort distribusjonsnett, utfordrarbankane, seier han.
Styringsrenta i prosent
Styringsrenta settes åtte ganger i året av Norges Bank. Styringsrenta styrer rentene i bankene, og påvirker dine boligutgifter. Målet med å sette opp renta er at de høye prisene skal gå ned igjen.
Prognosen forteller oss hvordan Norges bank tror renta vil utvikle seg fremover.
Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån
DNB: – Vil få det beste tilbodet banken kan gi
Kommunikasjonsdirektør Vibeke Hansen Lewin seier til NRK at banken gir kundane individuelle vilkår basert på økonomien til lånekunden.
Vibeke Hansen Lewin, kommunikasjonsdirektør i DNB
Foto: Stig B. Fiksdal– Vi gir pris til den enkelte kunden ut frå beteningsevne, tryggleik og risiko. Har du god beteningsevne og låg risiko så vil tilbodet reflektere det. Vi tilrår og vil gjerne at kundane tek kontakt med oss, seier ho.
– Og då vil dei som tek kontakt få lågare bustadlånsrente?
– Dei som tek kontakt med oss vil få råd og tilbod tilpassa økonomien sin, så dei vil få det beste tilbodet vi kan gi tilpassa den totaløkonomien du har, seier ho.
DNB er særleg konkurransedyktig på bustadlån til unge som kjøper bustad for første gong og på bustadlån til sjukepleiarar.
– Dei fleste kan spare tilsvarande eitt rentehopp
Den kommersielle tenesta Renteradar er eigd av gründerane og mellom anna Amedia.
Sindre Noss er marknadssjef og gründer i selskapet bak Renteradar. Det er i motsetning til Finansportalen ei kommersiell teneste som i tillegg til listeprisar også har oversikter over dei faktiske rentene kundane betaler i ulike bankar.
Foto: NRKTenesta har samarbeid med fleire bankar og fører oversikt over rentene som kundane faktisk betaler i tillegg til listeprisar.
Oversikta som Renteradar har er ikkje fullstendig. DNB har eksempelvis sperra for automatisk innhenting av rentevilkår.
– Dei fleste brukarane våre kan i snitt spare inn ei renteheving ved å anten byte til ein digitalbank, eller nytte seg av eitt av fagforeiningstilboda, seier Sindre Noss, som er marknadssjef i Renteradar.
Mange kan spare vesentleg meir. Mest å spare, er det for bustadlånskundane med best garanti for bustadlåna sine. Det inneber at dei har bustadlån som er lågare enn 60 prosent av bustadverdien.
Digitalbanker som Bulder, Sbanken, Nybygger og Himla kan ha langt lågare prisar enn dei tradisjonelle bankane spesielt mot kundar med låg lånegrad.
Sjølv om eit fleirtal av bustadlånskundane kvalifiserer for desse tilboda for fagforeiningsmedlemmer eller digitalbankar, hevdar Renteradar at berre rundt 20 % nyttar seg av dei.