Hopp til innhold

– Islamist-truslar om å øydelegge filmopptak førte til PST-beslag

PST hevdar truslar frå islamistar om å øydelegge filmopptak til den komande dokumentaren til Ulrik Imtiaz Rolfsen, gjorde at dei beslagla opptaka hans måndag kveld.

Avdelingsdirektør Jan Glent ved etterforsknings- og påtaleavdelingen i PST

Førstestatsadvokat Jan Glent gav løyve til ransakinga av heimen til filmskaparen måndag kveld.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Ransakinga hasta fordi vi meinte det var ei klar fare for at bevis kunne bli øydelagt, til dømes ved å kryptere eller å gøyme opptaka, seier førstestatsadvokat Jan Glent til NRK.

PST kom til heimen til filmskapar Ulrik Imtiaz Rolfsen måndag kveld, og tok ei rekkje filer frå 43-åringen sitt komande filmprosjekt.

Opplysningane om at PST ikkje måtte få tak i desse bileta, gjorde førstestatsadvokaten meinte at ransakinga hasta.

– Viktig at PST ikkje fekk tak i bileta

– Det vart sendt eit krav om ransaking til Det nasjonale statsadvokatembetet etter kontortid. På kvelden måndag, bestemte eg at PST kunne gjere ei ransaking hos denne filmprodusentent for å hente filmmaterialet, seier førstestatsadvokaten.

– Filene vart tatt på bakgrunn av opplysningar etter arrestasjonen av ein 18-åring i Göteborg. Då kom det fram at det var viktige bevis som låg hos ein filmprodusent, og at det var viktig at PST ikkje fekk tak i desse bevisa, seier Glent.

Ulrik Imtiaz Rolfsen

PST ransaka heimen til filmskapar Ulrik Imtiaz Rolfsen måndag kveld, og tok ei rekkje filer frå 43-åringen sitt komande filmprosjekt.

Foto: Tone Staude / NRK

Ser ikkje bort frå etterforsking av andre

Førstestatsadvokaten seier at filene er plombert og at PST ikkje får tilgang til dei før retten eventuelt bestemmer at det er naudsynt.

Det er slett ikkje sikkert at PST får sjå det som er tatt, seier han.

– Vi kunne ikkje gjort det mykje annleis, fordi då kunne vi risikere at filene hadde blitt øydelagde, seier Glent. Vi forstod det slik at det var andre som var redde for at PST skulle få tak i bileta, avsluttar han.

Jan Glent ser ikkje bort frå at det vil bli sett i gong etterforsking mot andre enn 18-åringen i samband med turen til Sverige.

Forsvarar: – Forstår ikkje kvifor han er arrestert

Den 18 år gamle mannen er etnisk norsk og skal vere busett i Oslo. Han er sikta for brot på Straffelova §147d.

Han blei difor pågripen på flyplassen i Göteborg klokka 06.50 måndag morgon.

Forsvararen hans, John Christian Elden, seier til NRK at klienten stiller seg uforståande til skuldingane.

AKTUELT NÅ