Hopp til innhold

– Erna må sjå til å redde Listhaug

– Statsminister Erna Solberg bør sjå til å redde landbruksministeren no. Dette kjem til å rulle og gå fram til dei tidlegare kundelistene blir gjort offentlege, seier SV-nestleiar Bård Vegar Solhjell.

Solhjell og Solberg

I dag blir det stadfesta at Sylvi Listhaug (Frp) har hatt Rema 1000 som kunde da ho arbeidde i First House. Heilt sidan Listhaug vart utnemnt til statsråd har det storma rundt dei hemmelege kundeliste hennar. – Statsminister Erna Solberg bør sjå til å redde landbruksministeren no, seier SV-nestleiar Bård Vegar Solhjell.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

I dag stadfestar Rema 1000 til Dagens Næringsliv at landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) har hatt oppdrag for dei da ho var tilsett i kommunikasjonsbyrået First House.

Oppdraget vart utført etter valet, og besto av «en kort, muntlig vurdering over telefonen vedrørende teksten i regjeringsplattformen som omhandlet søndagsåpne butikker», seier kommunikasjonsdirektør i Rema 1000 Mette Fossum Beyer til DN.

Avisa skreiv i august at Rema 1000 brukte First House i kampen mot eit innkjøpssamarbeid mellom Norgesgruppen og Ica.

– Må redde Listhaug

– Eg trur at statsminister Erna Solberg kanskje bør sjå til å redde landbruksministeren no. Dette kjem til å rulle å gå fram til lista over tidlegare kundar blir gjort offentleg, seier SV-nestleiar og tidlegare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell til Politisk Kvarter.

Han trur det vil vere lurt av Listhaug å legge listene på bordet.

– No ser vi at det begynner å lekke ut. Listene bør bli offentlege både fordi det er koplingar vi bør kjenne til, men det vil også avmystifisere ein del ting. For dei fleste tilfella vil det ikkje vere noko problem i det daglege. No må statsministeren ta tak, elles må Stortinget vedta ei lovendring som sikrar openheit, seier Solhjell.

I går varsla Venstre at dei på nytt vil fremje forslag om eit lobbyregister, altså at alle lobbyistar som besøkjer Stortingsrepresentantar skal registrerast.

VG skriv i dag at Bondelaget, Dagligvareleverandørenes Forening, Orkla, Coop, Coca-Cola, NHO Mat og drikke, Bryggeriforeningen, Norske Sjokoladefabrikkers foreining og Axellus (produsenten av Møllers tran og Nutrilett) alle er kundar av First House, men ikkje nødvendigvis av Listhaug.

Sylvi Listhaug

Rema 1000 stadfestar til Dagens Næringsliv at landbruksminister Sylvi Listhaug hadde Rema 1000 som kunde i First House heilt fram til etter valet.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Lundteigen krev innsyn

Også Per Olaf Lundteigen (Sp), som sit i Kontrollkomiteen på Stortinget, arbeider for at Stortinget skal få sjå kven Listhaug har hatt som kundar. I dag sender han eit brev til Landbruksdepartementet der han ber om innsyn i kundelista som Listhaug har gjeve til departementsråden sin.

Det var Lundteigen som først stilte spørsmål ved om Listhaug hadde arbeidd for Rema 1000. Han vart skeptisk da landbruksministeren brukte fornamnet til Rema-sjef Ole Robert Reitan i ein landbruksdebatt på NRK 17. oktober.

Tysdag sa Listhaug til VG at ho aldri har møtt Ole Robert Reitan før debatten.

– Det hadde vore mykje greiare om Listhaug hadde fortalt heile sanninga med ein gong. Mangel på openheit gjev eit truverdigheitsproblem. Det synest eg er trist at Listhaug rører seg ut i, seier Lundteigen til NRK Dagsnytt.

Lundteigen angrepet av Knut

Per Olaf Lundteigen (Sp) påpeikar at Landbruksdepartementet er sentral i fordelinga av verdiar i heile verdikjeda av matprodusentar og -leverandørar.

Foto: Jan-Erik Wilthil / NRK

Berre éin får sjå lista

Listhaug har til no sagt at ho skal søke råd hos departementsråd Leif Forsell når det dukkar opp ei sak knytt til tidlegare kundar. Han skal da vurdere om Listhaug er inhabil og om det skal tre inn ein settestatsråd.

– Listhaug har sagt at ho vil seie seg inhabil i saker framover, utan at offentlegheita er kjent med kvifor ho er inhabil, påpeikar Lundteigen.

– Kvifor er det problematisk at vi ikkje får vite dette?

– Ein skal hugse på at Landbruksdepartementet er sentral i fordelinga av verdiar i verdikjeda av mat. Den kjeda omhandlar svært store økonomiske beløp kvar dag, seier Lundteigen.

– Kvifor er det viktig å vite om landbruksministeren har arbeidd for Rema 1000?

– Vi skal kjenne til kva for økonomiske interesser som står bak dei standpunkta vi politikarar står for, seier Lundteigen.

– First House kan hjelpe Listhaug

Venstre-nestleiar Abid Raja meiner folk må få lov til å bli statsrådar sjølv om dei har jobba i det private næringsliv.

– Men denne ballen ligg like mykje, eller meir, hos First House og kundane deira. Det er jo til dei teieplikta er lovd. Dei kan gje henne ei handsrekking, meiner Raja.

Han ønskjer også at Erna Solberg hadde fått lista.

– Departementsråden er ikkje noko kontrollerande organ. Departementsråden blir heller ikkje kontrollert av Kontroll- og konstitusjonskomiteen. Dersom Listhaug hadde informert Solberg om lista synest eg at vi hadde kome langt på veg, seier Raja.

Listhaug begynte i First House i 2012.

Abid Raja

Venstres Abid Raja arbeider for å få på plass eit register over alle lobbyistar som prøvar å påverke Storting og regjering.

Foto: Alley, Ned / Scanpix

Omstridt lobbyregister

Venstre har fremja forslaget om eit lobbyregister fire gongar tidlegare, men har vorte stemte ned kvar gong eit slikt register vil innehalde lobbyistar som oppsøkjer Stortinget eller departementa, kven dei møter, kva for kundar dei representerer og kva sak det gjeld.

– Vi har tidlegare valt å ikkje støtte det forslaget. (...) Om ein lagar eit register over dei som kjem til Stortinget, blir det berre å legge møta til utanfor Stortinget, trur Kjell Ingolf Ropstad frå KrF.

Men også han trur Listhaug ville vore tent med meir openheit rundt kundane sine.

– Ikkje fordi eg mistenker at ho ikkje klarer å vurdere sin habilitet, for det skal både ho og alle vi andre klare, men eg trur det hadde roa ned saka om ho hadde offentleggjort listene sine, seier Ropstad.

NRK.no har forsøkt å få kontakt med statsminister Erna Solberg om denne saka, men har så langt ikkje lukkast.

AKTUELT NÅ