Hopp til innhold

– Norske drap i Afghanistan er verre enn hatsk Youtube-video

Pakistan-ekspert meiner norsk media er naive som haussar opp trugselvideoen på YouTube så lenge norske styrkar står for sivile drap i Afghanistan.

HK416

Ein soldat frå Telemark bataljon står parat i Belcheragh i Afghanistan. Dette burde vore meir kontroversielt enn trugselvideoen på YouTube meiner norsk-pakistanar.

Foto: PRT Meymaneh / Scanpix

Norsk-pakistanske Amir Iftikhar Warraich er samfunnsforskar ved Warraich Policy Institute (WPI) i Islamabad. Han tykkjer media gir ufortent mykje merksemd til trugselvideoen som i går hamna på YouTube.

– Eg stiller spørsmål med kva som er verst; norske styrkar i Afghanistan som ved fleire tilfelle er ansvarleg for sivile drap, eller ein YouTube-video kor den norske regjeringa vert likestilt med mordarar, seier han til NRK.no.

Fokuserer for lite på Afghanistan

Iftikhar understrekar at han ikkje stiller seg sympatisk til jihadist-ytringane, men at han reagerer på at norsk media fokuserer for lite på norske styrkar sine overgrep i Afghanistan.

– Norsk media burde krevje ein tidsbestemt tilbaketrekkingsplan for norske styrkar i Afghanistan, men vel heller å ignorere denne viktige tematikken og brukar tid på heilt andre banale forhold, slik som denne saka.

– Eller er det kanskje at nokon vel å kalle ein spade for spare som plagar regjeringa?, spør han retorisk.

(artikkelen held fram under biletet)

Video Etterforsker likskjendingsvideo med amerikanske soldater i Afghanistan

Dette biletet som viser amerikanske soldatar som urinerer på døde afghanarar var publisert for ei knapp veke sidan. Amir Iftikhar Warraich meiner norsk media burde fokusere meir på overgrep i Afghanistan, og mindre på videoar på nettet.

Foto: Nyhetsspiller

Muslimar blir konfrontert

Warraich meiner det er absurd at profilerte muslimar som Mohammad Usman Rana vert konfrontert av norsk media og må forsvare sin eigen religion på grunn av YouTube-videoen.

– Det er nettopp muslimar i Afghanistan som er ofra, enten i henda av NATO eller opprørarane.

Jon Wessel-Aas

Jon Wessel-Aas meiner at retorikken frå YouTube-videoen kan minne om krigsretorikken frå enkelte NATO-land.

Foto: Nina Didriksen / NRK

Advokat og ytringsfridomsspesialist Jon Wessel-Aas vil ikkje gå så langt. Men han meiner likevel at retorikken må bli sett på i samanheng med det faktum at Noreg er i krig i Afghanistan.

– Etter det eg har sett dreier retorikken seg om norske styresmakter sine krigshandlingar i Afghanistan, som del av ein allianse som har gjort seg skuldig i brot på folkeretten med ulovleg tortur og likvideringar. Då må me forstå at nokon opplever at dei er i krig med oss.

– Retorikken minner om Bush sin

Wessel-Aas meiner retorikken til dei som laga YouTube-videoen kan minne om retorikken til politikarar frå land som Noreg allierer seg med i Afghanistan.

– Sjølv om ikkje våre myndigheitspersonar nyttar denne retorikken, så er me i allianse med for eksempel USA, der den førre presidenten nytta ein retorikk som innebar ordlyder som «taken dead or alive», som eigentleg er ein ganske parallell retorikk.

Wessel-Aas meiner dette momentet bør takast med, som eitt av fleire, i ei eventuell strafferettsleg vurdering av YouTube-videoen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger