Hopp til innhold

– Dette er svært trist og uislamsk

PST er ikkje overraska over dei alvorlege islamisttrugslane på nettet. Samtidig tek muslimar i Noreg eit kraftig oppgjer med retorikken i islamistvideoen som er lagt ut på Youtube.

Mohammed Usman Rama

Youtube-videon der blant anna kronprinsen bliur truga på livet skapar reaksjonar hos blant anna islamkommentantor Mohammad Usman Rana.

Foto: Scanpix/skjermdump

Samme dag som den nyaste trugselvurderinga til PST slo fast at det framleis er islamistiske grupper som utgjer den største terrortrugselen mot Noreg, kunne NRK.no avsløre at norske islamistar har lagt ut ein video på Youtube med klare trugslar mot statsministeren, utanriksministeren og kronprisen.

No tek norske muslimske grupperingar kraftig avstand frå hat-retorikken.

PST ikkje overraska

Jon Fitje

PST-analytikar Jon Fitje ser framleis ein auka radikalisering i islamistiske miljø, og er ikkje overraska over dødstrugslane på YouTube.

Foto: NRK

– Me har merka ei aukande radikalisering og rekruttering i høve til å til dømes delta i treningsleire og kamphandlingar. Me ser at fleire ser på Noreg som fienden og som målet, seier Jon Fitje i PST til NRK.no.

Fitje seier han ikkje vart overraska over dei hatske ytringane og trugselen som kom frå i Youtube-videoen.

– Nei, ein bør vel ikkje vere særleg overraska. Me har sett ein aukande propaganda og oppfordring til vald på nettet. Så dette bør ikkje kome som ei overrasking på nokon.

NRK.no har vore i kontakt med fleire frå det muslimske miljøet i Noreg. Det er tydeleg at det er få som ønskjer å stille seg bak dei hatske ytringane i videoen.

– Dette er svært trist

Mohammad Usman Rana

Islamkommentator Mohammad Usman Rana meiner det er trist for muslimar at hatske ytringar kjem fram.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Islamkommentator og tidlegare leiar av Muslimsk studentsamfunn, Mohammad Usman Rana, er ein av dei som fordømmar bodskapen.

– Det er svært trist at enkelte muslimar vel å bruke slike ord. Eg trur at norske muslimar er indignerte over at det finst enkeltmenneske som sver til islam og ytrar ekstreme og usislamske meiningar. Her er det viktig at praktiserande muslimar er veldig tydelege på at dette er ein uislamsk retorikk som me ikkje identifiserer oss med.

– Har muslimar i Norge rett til å vere sinte for korleis norske soldatar behandlar den afghanske sivilbefolkninga?

– Alle norske borgarar har rett til å vere kritiske til Afghanistan-krigen. Men ingen har rett til å glorifisere terrorisme eller å ønskje statsministeren eller kronprinsen død. Det er svært forkasteleg og ikkje i tråd med islam.

Meiner vanlege muslimar må ta avstand

Rana trur ikkje det er mange muslimar i Noreg som støttar bodskapen i YouTube-videoen, men understrekar at det likevel er viktig at vanlege muslimar tek eit oppgjør med retorikken.

– Dette er framleis ei svært marginal gruppe. Men det er klart at media som internett gjer at ekstreme meiningar kan spreie seg. Difor er det veldig viktig at vanlege norske muslimar held fram med å ta eit kraftfullt oppgjer med ekstreme meiningar.

Reagerer på generalisering av PST

Generalsekretær i Islamsk Råd Norge, Methab Afsar seier at han reagerer på det han meiner er generalisering av muslimar av PST.

– Me reagerer på at dei nyttar omgrepet islamistar. Dette er med på å stigmatisere alle muslimar i Noreg. Dersom det er element i samfunnet PST fokuserer på , må dei isolere dei og gjere noko med dei, i staden for å generalisere ei heil gruppe.

Afsar opplyser at det er svært mange i det muslimske miljøet som er i mot krigen i Afghanistan, og at desse meiningane bør bli høyrde.

– Dei aller fleste meiner at Noreg ikkje burde delteke i krigføringa. Mange sivile liv har gått tapt. Me burde heller fokusert på å bygd opp demokratiet og å hjelpe sivilbefolkinga.

AKTUELT NÅ