– Å sperre folk inne bryt med menneskerettane

Krenkande, og brot på rettstryggleiken og menneskerettane, meiner advokat Arild Humlen om Frp Oslo sitt forslag om tidsavgrensa opphald for asylantar.

Arild Humlen

INHUMANT: Asyladvokat Arild Humlen reagerer på forslaget til Oslo Frp om sende asylantar rett på lukka mottak. - Det er ikkje innafor reglande i menneskerettane, seier han.

Foto: Lars Eie

– Ein kan ikkje løyse problem med å sperre folk inne som ikkje har gjort noko gale, seier ekspert på asylrett, advokat Arild Humlen.

Den påtroppande leiaren i Oslo Framstegsparti ønskjer tidsavgrensa opphald for alle asylantar, og legg i helga forslaget fram for årsmøtet til partiet.

– Dette er problematisk. Dei styrer mot ei krenking av rettstryggleiken, og ein kan ikkje sperre folk inne. Det er ikkje humant, seier advokaten.

– Vi kan ikkje sperre folk inne

Humlen seier det er individuelle vurderingar som vert lagt til grunn for kor tid ein kan fengsle ein person.

– Ein kan fengsle ein som søkjer asyl om det er truleg at uttransportering skjer snarleg, eller om det er ganske openbert at eit avslag vil kome, forklarer Humlen.

Stenersen i Frp framhevar at det svært mange barn som forsvinn frå asylmottak i Noreg, og ved å halde dei på ein stad, lettar det arbeidet med å halde oversikt over dei.

– Det er tullete å seie rett og slett. Å ha inngrep i sin personlege fridom og vere underlagt svært strenge reglar er eit inhumant tiltak. Vi kan ikkje sperre folk inne, seier han.

Han er samd i at det er eit problem at barn forsvinn, og seier ein må gjere det ein kan for å hindre at det skjer.

– Men det er ikkje eit tiltak å sperre barn inne i fengselsliknande forhold.

Sjå Aina Stenersen forklare forslaget:

Oslo Frps innvandringsforslag. Påtroppende leder i Oslo Frp Aina Stenersen og Geir Lippestad

Fleire land med liknande tiltak

Humlen seier slike lukka system kan fungere kortvarig om asylantar skal gjennom ei helseundersøking, at det er eit ledd i sakshandsaminga, om det er snakk om fastsetjing av identitet eller om det er meint som eit kortvarig opphald for å registrere asylsøkjarar.

– Men ved generell registrering vil ikkje dette vere eit alternativ.

Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) avviser førebels forslaget frå sine eigne om at asylantane skal rett inn på lukka mottak når dei kjem til Noreg.

Avgrensa opphald på slike stader som Frp ønskjer i to månader, er eit av forslaga som er komne. Humlen er heller ikkje her samd.

– To månader vert rekna som relativt lang fengselsstraff i utgangspunktet, og då må ein ha ei dom i saka for å få det gjennom.

– Nederland, Storbritannia og Heller har alle liknande typar mottak. Dei er også rettsstatar. Kva tenkjer du om det?

– Helles er fleire gonger dømde for brot på menneskerettsdomstolen for krenking av asylantar. England har tiltak som vert gjennomført i individuelle tiltak. Og Nederland har domstolskontroll med 48 timars prosedyre.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger