Hopp til innhold

Er det meir pollen no enn før?: 8 spørsmål og svar om pollen

Pollensesongen er på frammarsj. Kva medisinar kan du bruke, og kan du reagere på pollen sjølv om du ikkje er allergisk?

Bjørketrær i full blomst på Huk i Oslo.

BJØRK: Bjørkepollen er det største problemet for norske pollenallergikarar.

Foto: Aleksander Andersen / NTB

Pollenvarselet lyser raudt i store delar av Aust- og Sør-Noreg tysdag. Også i morgon er det venta kraftig spreiing av bjørkepollen i store delar av landet.

Dette betyr rennande nase, og raude auge for i overkant av 20 prosent av nordmenn.

Vi har stilt to ekspertar i Noregs Astma- og allergiforbund spørsmål Noregs vanlegaste allergi.

Kva er pollen?

Seniorforskar i Noregs Astma- og allergiforbund, Hallvard Ramfjord, fortel at pollen er einingar som spreiar seg gjennom lufta, og kan samanliknast med mannlege kjønnsceller:

– Hensikta med dei er befrukting. At dei skal treffe hoblomar, og så skal det bli befrukting som fører til frø og formeiring.

– Diverre er det slik at ein del pollentypar har nokre protein i seg og aminosyrer som er dårlege for allergikarar, og som medfører allergiske reaksjonar.

Er det meir pollen no enn før?

Særleg på Austlandet og sørover har det kome meir bjørk i naturen, fortel Ramfjord. Årsaka er endringar i jordbruks- og skogbruksnæringa:

Før var det fleire husdyr som var ute og gjekk i marka. No er det fleire plassar som gror igjen, og då kjem det veldig mange bjørk. På grunn av omlegginga har det blitt meir bjørk og meir bjørkepollen.

Når det gjeld dei andre pollentypane ser vi ikkje same effekt:

– Det er omtrent same mengde graspollen og burotpollen som det var før.

Lyng og bjørk i skogen

Bjørk i skogen.

Foto: Morten Waagø / NRK

Kva tiltak gjer vi på samfunnsnivå for å få mindre pollen?

Ramfjord fortel at vi har ein norsk standard for planting av bjørketre fordi dei spreier veldig lett pollen:

Vi har ein norsk standard som gjer at det skal vere ein avstand på minst hundre meter frå der det blir planta ny bjørk til for eksempel barnehagar, skular, sjukeheimar osv.

– Der det er viktig å ha så bra luftkvalitet som mogleg, legg han til.

Kan klimaendringar føre til meir pollen?

Viss ein over tid får milde vintrar, og det generelt blir varmare, vil skoggrensa etter kvart krype oppover, seier Ramfjord:

– Då kan du få ein effekt som gjer at det blir meir bjørk enn før.

– Slik kan det bli meir pollen som følge av klimaendringar, men det vil ta tid. Det vil gå ganske lang tid viss ein slik effekt skal oppstå, legg han til.

Kva behandling er det mogleg å få for pollenallergi?

Anna Bistrup viser til fire ulike typar medikament som kan bli brukt mot pollenallergi:

  • Tablettar
  • Augedropar med antihistamin
  • Nasespray med antihistamin eller kortison
  • Allergivaksinasjon

– Vi har tablettar, eller det vi kallar antihistamin. Det viktig å påpeike at det er ulike typar antihistamin. Så viss ein type antihistamin ikkje er heilt optimalt for deg, så finst det ulike verkestoff i dei ulike tablettane.

Du kan få nasespray reseptfritt med antihistamin, og nasespray med kortison. Sistnemnde er kanskje å føretrekke når du skal lokalbehandle med nasespray.

Bistrup fortel at eit anna alternativ kan vere såkalla allergensspesifik immunterapi, betre kjend som allergivaksinasjon.

Dette er ein treårig behandling som er tilgjengeleg på blå resept:

– Viss ingen av dei vanlege allergimedisinane verkar så bør ein vurdere allergivaksinasjon.

Det er for dei som har ein del plager. Det er eit godt alternativ for dei med alvorleg pollenallergi. Vi ser at langt fleire bør gå på denne typen behandling enn det vi ser i dag.

Mange plages av pollenallergi.

Piller, nasespray og augedropar er ofte løysinga for mange med pollenallergi.

Foto: Lise Åserud / NTB

Kan folk som ikkje er allergiske mot pollen merke pollen i lufta?

Bistrup fortel at det truleg er mogleg å merke pollen i lufta i form av det som blir kalla mekanisk irritasjon.

Bjørkepollen vil likevel ikkje skape så stor irritasjon blant ikkje-allergikarar på grunn av storleiken.

Bjørkepollen er jo ganske små. Men ikkje-allergen-pollen, som gran og furu, kan irritere både auge og nase. Men desse er ikkje allergen.

Har pollenallergi blitt eitt meir utbreidd problem blant nordmenn?

– Ja, vi er meir allergiske no enn vi var for førti år sidan som befolkning, fortel Bistrup.

Ho fortel at det har vore ein veldig auke av allergisk sjukdom i den vestlege verda. Dette har mange ulike årsaker. Både arv og miljø speler ei rolle.

– Vi har også noko som heiter biodiversitetshypotesen, legg ho til.

– Den føreslår at vi har redusert kontakt med bakteriar i omgjevnadane våre, altså vi lever i meir urbane miljø. Derfor utviklar vi ikkje normal toleranse for mangfaldet i miljøet vårt og vi kan då få eit immunsystem som overreagerer og feiltolkar ufarlege allergen som noko farleg, som igjen kan gje ein allergisk reaksjon.

Ho fortel at bildet er blanda. Men at born som veks opp på gard har mykje mindre allergi enn dei som veks opp i bymiljø. Dette er med på å støtte opp under teorien.

Kan du utvikle allergi i vaksen alder?

– Ja, du kan definitivt utvikle allergi i vaksen alder, svarar Bistrup.

Ho fortel at pollenallergi kan svinge frå år til år. I fjor var ein mild sesong.

Årets sesong er kraftigare.

Når det er meir pollen vil ein merke meir av plagene. Personar med nedsett immunforsvar kan også oppleve at plagene blir forverra:

– Viss du har redusert immunforsvar kan du også oppleve plagene meir enn elles. Viss du til dømes akkurat har blitt frisk frå ein virusinfeksjon.

Det er diverre ikkje like enkelt å spontant bli kvitt pollenallergi som vaksen ifølge Bistrup.

AKTUELT NÅ