567.000 nordmenn lar kredittkortgjelda løpe

NRK har fått ta ein sniktitt på dei ferske tala som viser nordmenns samla forbruksgjeld. Ein del har forbrukslån på fleire hundre tusen kroner, med rente på 12 prosent.

Kredittkort.

19.317 nordmenn har fem kredittkort eller fleire. Dei fleste av oss har ikkje kredittkort i det heile tatt, men blant dei som har er det over 500.000 som betaler høge renter for lånte pengar.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

  • 175.000 nordmenn har forbrukslån, og nokre få har fleire millionar i slike lån som i gjennomsnitt har ei rente på rundt 12 prosent.
  • 567.000 nordmenn har gjeld på kredittkort som det løper rente på, ofte med renter på opptil 20 prosent.
  • Det er flest menn som har gjeld, og dei mellom 40 og 60 år har mest.

Det er nokre av nøkkeltala som kjem fram når selskapet Evry lar NRK få ta ein sniktitt på oversikta dei har skaffa seg. Dei er i innspurten av å etablere eit gjeldsregister. Innan 1. juli skal alle norske bankar ha levert inn sine tal på kor mykje pengar dei har lånt ut til kundane sine.

Samla sett har nordmenn 117 milliardar kroner i såkalla usikra gjeld – altså pengar som vert lånt utan at det vert tatt sikring i hus, bil eller annan eigedom.

Til samanlikning kostar den planlagde Fornebubanen 16,2 milliardar kroner, og Operahuset i Bjørvika kosta i si tid 4,2 milliardar kroner.

Evry har så langt fått oversikt over 95 milliardar kroner av dei totale 117 milliardane. Også Finans Norge og Experian lagar liknande register. Målet er at bankar og kundane deira enklare skal få oversikt over gjeld, slik at færre hamnar i ei gjeldskrise.

Nokre har millionar i forbrukslån

175.000 nordmenn har forbrukslån, og til saman har dei tatt opp heile 75 milliardar kroner i forbrukslån. Det betyr eit gjennomsnitt på 427.000 kroner i forbrukslån per person.

Men om ein ser nærare på tala skjønner ein at det er enkeltpersonar som drar snittet kraftig opp. 55 prosent av alle som har forbrukslån har under 200.000 i lån, og er altså langt under gjennomsnittet.

Det betyr samtidig at enkelte har fleire millionar i forbrukslån, med renter som i snitt er på rundt 12 prosent. Om desse personane er gjeldstyngde eller om dei har ein god økonomi som taklar store forbrukslån seier oversikta ingenting om.

Oversikta til Evry viser også at det er 1100 nordmenn som har forbrukslån i meir enn fire bankar.

Oslo City

Det er mange freistingar der ute, slik som her på Oslo City. Då kan forbruksgjeld vere freistande. Endå meir freistande er det å bruke pengar på sydenreiser.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Luksusfellen-Hallgeir er overraska

– Gjennomsnittet på forbrukslånet overraskar meg. Det er eit veldig høgt beløp desse folka har i forbrukslån, seier Hallgeir Kvadsheim, kjent frå «Luksusfellen» på TV3.

Han meiner det nye registeret enklare vil kunne avsløre folk som har mykje gjeld i ulike bankar.

Hallgeir Kvadsheim

Hallgeir Kvadsheim, kjent frå Luksusfellen, er overraska over kor høgt nivået på forbrukslån er.

Foto: Trond Stenersen / NRK

– Det er ganske mange som har gått i ein lånekarusell. Dette er eigentleg folk med ganske høg inntekt, gode jobbar, men så har dei tatt opp lån opptil pipa. Kanskje har dei to billån, også har dei finansiert overforbruket sitt med stadig nye forbrukslån og kredittkort. Og for å finansiere gamal gjeld har dei tatt opp ny gjeld, forklarer Kvadsheim.

Han seier at desse personane er nøydd til å justere ned forbruket, eller gå til ein bank der dei kan få restrukturere lånet sitt og samle alle smålån i eit lån. Men slike lån har høg rente.

1,4 millionar har kredittkort

Av 5,3 millionar nordmenn har 1,4 millionar kredittkort. Hadde alle nytta seg av all kreditten dei har moglegheit til å bruke ville me til saman hatt 82,1 milliardar kroner i kredittgjeld.

Men så ille er det ikkje.

  • I dag bruker me 46,4 milliardar kroner av det som er tilgjengeleg på våre kredittkort.
  • Av dette vert 26,3 milliardar betalt tilbake såpass raskt at renta ikkje startar å løpe.
  • Mens 20,1 milliardar kroner står lenge nok til at folk må betale renter for sin kredittkortbruk. Dei 20,1 milliardane er fordelt ut på 567.000 personar.

Av dei 1,4 millionane nordmenn som har kredittkort er det fleire som har meir enn eit kort.

  • 447.000 nordmenn har to kredittkort eller fleire.
  • 19.317 har fem kredittkort eller fleire.
  • Mens 823 har ti kredittkort eller fleire.

Fleire menn enn kvinner, fleire eldre enn unge

Det er flest menn som tek opp lån utan å ha sikring i bustad eller annan eigedom.

Sjølv om det er skrive mykje om unge som tek opp store forbrukslån er det likevel ikkje dei unge som låner mest. Det er dei som er mellom 40 og 60 som skil seg ut. Like etter følger dei som mellom 30-39 år og 60-69 år.

Klippe kredittkort

Du må kanskje kvitte deg med kredittkortet om du skal ha bustadlån. Sjølv om du ikkje bruker det kan det telje negativt i kredittvurderinga banken er nøydd til å gjere av deg. Men det held ikkje å klippe det, du må også slette det.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Likevel kan personar i dei litt eldre aldersgruppene ha ein meir solid økonomi, slik at det framleis kan vere dei yngste som er mest utsett for å få ei for stor gjeldsbyrde.

Som NRK skreiv tidlegare i dag kan det nye registeret skape utfordringar for ein del unge, men også andre som skal kjøpe sin første bustad. Om banken ser at du har mange kredittkort kan dei komme til å krevje at du slettar dei, sjølv om dei ikkje er i bruk.

Registeret i seg sjølv er eit nytt og etterspurd verktøy for bankane som treng vite mest mogleg om kundane sin økonomi for å vite om dei har god nok betalingsevne.

Hallgeir Kvadsheim åtvarar mot å tenke at det nye registeret dekker alt.

– Her er det berre kredittkort og forbrukslån som er samla. Ikkje bustadlån, billån, studielån, restskatt eller barnebidrag er i dette registeret, seier Kvadsheim.

SISTE NYTT

Siste meldinger