Hopp til innhold

52 skular vert lagde ned kvart år: – Det skjer ei rasering av bygdeskular

I snitt blir det lagd ned ein skule i veka. Ofte er det småbygder som mister grendeskulen. Slikt kan vekke sterke kjensler.

– Det er mamma som skal skrive. Eg skal finne hjarter og stjerner og sånt, seier Oliver.

Tida er skrudd tilbake til april i år, og det er berre kort tid att til det viktigaste kommunestyremøtet så langt i Oliver sitt åtte år lange liv.

Snart skal den vesle bygda Valestrand få vite om dei får behalde grendeskulen, eller ikkje.

Oliver, veslesyster Sofie Helena og mamma Solveig lagar ein plakat. Som dei fleste andre i bygda er Oliver motstandar av ei nedlegging av lokalskulen.

No håper han politikarane skal sjå plakaten hans og tenke seg ekstra godt om.

Oliver og Sofie Helena Iversen Walkosz, saman med mamma Solveig Iversen.

Oliver og Sofie Helena Iversen Walkosz går på skule og i barnehage i Valestrand. Mamma Solveig er blant ei mange foreldra som kjemper for grendeskulen.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Oliver og Sofie Helena Iversen Walkosz går på skule og i barnehage i Valestrand. Mamma Solveig er blant ei mange foreldra som kjemper for grendeskulen.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Stadige skritt mot nedlegging

Dei fryktar kommunestyret skal legge ned Valestrand skule, der Oliver går i tredje klasse. Også skulen i bygda Auklandshamn, litt lengre vest, står i fare.

Om det skjer, så må familien flytte frå den nordlege delen av Sveio, seier mora til Oliver.

– Det blir for vanskeleg å få kabalen til å gå opp. Hadde borna vore større, så hadde det vore noko anna. Men dei har jo framleis ganske mange år igjen av barneskulen, seier Solveig Iversen.

Auklandshamn, skulebussen

Kronglete vegar mellom sjø og fjell. Solveig meiner det blir for lang busstur for borna om dei må inn til Førde i Sveio kvar dag.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Kronglete vegar mellom sjø og fjell. Solveig meiner det blir for lang busstur for borna om dei må inn til Førde i Sveio kvar dag.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Ho meiner sonen ikkje er klar til å ta bussen åleine, at han ikkje kan vere åleine heime mens han ventar på at foreldra er ferdige på jobb. I tillegg blir skulevegen uansett lang og kronglete om han må bytte skule.

Skulane i Valestrand og Auklandshamn har begge under 50 elevar, og er dei to minste skulane i Sveio.

I Valestrand er mange sinte på politikarane, fordi dei meiner enkelte sa noko anna før lokalvalet i 2017, enn det dei seier no.

Men berre timar før kommunestyret skal bestemme seg, har ikkje lokalbefolkninga gitt opp håpet.

Må huset seljast, og familien flytte?

Valestrand Oppvekstsenter

Valestrand oppvekstsenter slit med elevtalet. Difor trugar nedleggingsspøkelset.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Valestrand oppvekstsenter slit med elevtalet. Difor trugar nedleggingsspøkelset.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Nedleggingar over heile landet

På ti år har 522 grunnskular blitt lagde ned. I gjennomsnitt betyr det at ein skule forsvinn kvar einaste veke.

Utvikling i tal på offentlege skular

Fylke

Tal på skular i 2020

2011

2002

Utvikling sidan 2002

Troms og Finnmark

177

212

252

- 29,7 %

Nordland

165

203

257

- 35,8 %

Trøndelag

229

260

289

- 20,7 %

Møre og Romsdal

165

199

250

- 34 %

Vestland

357

417

479

- 25,4 %

Rogaland

217

227

236

- 8 %

Agder

161

167

188

- 14,3 %

Vestfold og Telemark

184

218

258

- 28,6 %

Viken

493

513

537

- 8,2 %

Innlandet

204

244

299

- 31,7 %

Oslo

145

135

138

+ 5 %

Ekspander/minimer faktaboks

Ringsaker og Meløy er døme på to andre stader i landet kor debatten går akkurat no, og kor meiningane er mange.

– Det går føre seg ei rasering av grunnskulane i bygdene, seier Karl Jan Solstad.

Han har forska på skuletilbodet i distriktet sidan 1970-talet, og er knytt til Nordlandsforskning.

Skeptisk til økonomisk argument

Ofte er økonomi hovudargumentet til lokalpolitikarane. Skuledrift er ein stor utgiftspost i eit kommunebudsjett.

Men Rune Kvalsund ved Møreforsking, seier at politikarane som reknar på kroner og øre fort gløymer at læringskvalitet også er ein verdi. Og han meiner læringskvaliteten er høgare på små skular, der det er færre elevar per lærar.

Han meiner også det er eit poeng at sjølv om utgiftene til lærarlønningar går ned, så går transportutgiftene opp. I tillegg reknar politikarane for sjeldan på dei langvarige kostnadane for lokalsamfunnet, meiner Kvalsund.

– Skulenedleggingar fører ikkje umiddelbart til at foreldre flytter, men over tid så er det færre som flytter til. Det forsterkar ubalansen, og det er dei eldre som vert sittande att. Og det er då for få til å ta vare på dei eldre, seier Kvalsund.

Rune Kvalsund

Rune Kvalsund, meiner det er viktig å rekne på dei langsiktige kostnadane ved å legge ned ein skule, og ikkje berre sjå på dei kortsiktige innsparingane.

Etter at det økonomiske ansvaret for grunnskulane vart overført til kommunane i 1986, meiner Kvalsund at debattane om skulenedleggingar har blitt eit døme på «desentralisert sentralisering».

– Det oppstod lokale kampar om skuleressursane, og slik har det halde fram. Lokalpolitikarane er sett i ein tvangssituasjon. Dei skal også fordele pengar til andre utgiftspostar. Då sit du der, og får den lokale fighten der ulike bygdelag mister sin skule, meiner Kvalsund.

La skulen leva - i Sveio kjempar dei for å behalde skulen sin.

Klar for demonstrasjon i Sveio. Målet er å unngå ei nedlegging.

Foto: Roy Kenneth Jacobsen / NRK

Meiner «lærarløftet» er eit problem for bygdeskulane

Solstad ved Nordlandsforskning er på si side skeptisk til argumentet om at kvaliteten er betre ved større skular.

– Rådmenn og politikarar brukar nok ofte kvalitet på skuletilbodet som eit strategisk argument, fordi det tek seg betre ut å arbeide for ein betre skule enn ein billig skule, seier forskaren.

Karl Jan Solstad

Karl Jan Solstad meiner lengre skuleveg er noko ein ofte ikkje veg tungt nok når ein skule vert vurdert lagt ned.

Han meiner det ikkje er fagleg grunnlag for påstanden om at læringsvilkåra er dårlegare ved små skular.

Desse skulane har både utfordringar, men også nokre fortrinn, meiner Solstad, som legg til at negative følgjer for elevar og bygdesamfunnet vert lite veklagt når nedleggingsvedtak vert fatta.

Forskaren meiner det såkalla «Lærarløftet» gjer det vanskelegare for små skular å sikre lærarar.

– Allmennlæraren, med formell kompetanse i fleire fag, er avliva. Dette gjer det vanskelegere for små skular å få formelt kvalifiserte lærarar for heile fagspekteret, og gjer skulane lite attraktive når lærarar ikkje får fulle stillingar. Masterkrav gjer óg små skular endå dyrare i drift enn før.

Ulike forskarar, ulike syn

Ikkje alle er samde om at det beste er å behalde småskulane. Ein av forskarane som meiner det kan ha ein del for seg å legge ned skular, er Thomas Nordahl, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Innlandet.

– Når ein skule vert foreslått nedlagd, så er det eit resultat av at lokalsamfunnet allereie er dødt, meiner Nordahl.

Han kjenner best til skulane i Hedmark, og meiner at smått ikkje alltid er best.

– Når me ser på skulestorleik, så er det ikkje slik at dei minste skulane har betre læringsutbytte, læringsmiljø eller kvalitet enn i større skular. Snarare tvert imot. I Hedmark er det på dei større skulane elevar lærer mest og trivest best, seier Nordahl.

Thomas Nordahl

Thomas Nordahl meiner det ofte er gode grunnar til å legge ned små skular, men at det uansett bør gjerast meir for å skape større lærarfellesskap på tvers av små skular.

Han peiker til at små skular også kan ha sine fordelar ved at dei er meir oversiktlege, og dermed er det enklare å løyse problem som dukkar opp. Men dette fører ikkje nødvendigvis til eit betre læringsutbytte, meiner Nordahl.

Han meiner også større lærarfellesskap er ein fordel for større skular.

– Men det kunne ein løyst ved å utvikle eit lærarfellesskap på tvers av skular. Det kunne kompensert for eit lite arbeidsmiljø ved små skular. Men det ser ut til å vere liten vilje til å tenke slik, seier Nordahl.

Ei heil bygd samlar seg til kommunestyremøte på Teams

Ein dag i april har barn og vaksne i Sveio samla seg rundt PC-en og logga seg på kommunen sine sider.

På skjermen ser dei på dei 25 kommunestyrepolitikarane som skal bestemme seg for kva som skal skje med dei to minste skulane i bygda. Sjeldan har eit digitalt kommunestyremøte i Sveio hatt fleire sjåarar.

Dei fleste politikarane har kjent på kor vond debatten har vore, og kva den har gjort med bygda.

Demonstrerer for å behalde grendeskulen

Dei vann i denne omgangen. Men kanskje kjem det nye omkampar om berre få år.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Dei vann i denne omgangen. Men kanskje kjem det nye omkampar om berre få år.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Men i løpet av møtet klarer ein splitta kommune å samle seg.

Eit samrøystes kommunestyre blir einige om at Valestrand og Auklandshamn får behalde skulane sine. Men, det er kanskje berre på lånt tid.

Om elevtalet på skulane bikkar under 40 elevar over ein toårsperiode, så vil politikarane legge ned skulane likevel.

Det vedtaket fatta politikarane, vel vitande om at Telemarksforsking har rekna seg fram til at elevtalet ved skulen vil vere mellom 31-35 i 2026/27.

For innbyggjarane i Valestrand og Auklandshamn er det berre ein ting å gjere. Forsøke endå hardare på det som alle småbygder jobbar med: Få fleire familiar til bygda.

AKTUELT NÅ