Hopp til innhold

2126 nye koronasmitta siste døgn – ny rekord

Det siste døgnet er det registrert godt over 2000 nye smittetilfelle her i landet. Det er over 500 fleire enn dagen før og ny smitterekord.

Pandemilab og sekvenseringslab på Ullevål

Aldri før har så mange testa positivt for koronaviruset i løpet av 24 timar her i landet.

Foto: Heiko Junge / NTB

Talet på smitta er det høgaste døgntalet som er registrert i Noreg sidan pandemien braut ut.

Førre rekord vart sett 1. november, då med 1973 tilfelle, viser tal frå Folkehelseinstituttet.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 1467 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1098, så trenden er sterkt stigande.

400 av dei nye smittetilfella er registrerte i Oslo.

187 innlagde

Tysdag var 187 koronapasientar innlagde på sjukehus, elleve færre enn dagen før.

45 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 19 på respirator. Det er fire færre på intensiv og to færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Guldvog tilrår nye tiltak

Helsedirektør Bjørn Guldvog varsla tysdag at han vil tilrå nye nasjonale koronatiltak på grunn av dei stigande smittetala og aukande press på helsevesenet.

– No ser vi at kurvene er på full fart oppover. Det vil i løpet av kort tid påverke den planlagde aktiviteten i sjukehusa og gå utover mange andre pasientar. Derfor er det naudsynt å gå gjennom heile tiltakskjeda og sjå om vi ikkje kan justere litt på det, seier Guldvog.

Han strekar under at det ikkje er snakk om å gå tilbake til nedstenging slik det var, men heller at det vil vere nokre tiltak som kan hindre at vi får så mykje smitte.

Av mogelege tiltak nemner Guldvog fleire stikkprøver på grensa og tiltak mot uvaksinert helsepersonell som har pasientkontakt.

Kjerkol vil følge opp tiltaks-råd

Helseminister Ingvild Kjerkol sa tysdag at ho raskt vil ta stilling til råd om nye nasjonale koronatiltak dersom dei kjem.

– Vi har gitt eit oppdrag til etatane våre om å fortløpande vurdere behovet for regionale og nasjonale tiltak. Dersom vi får tilrådingar om dette, vil vi raskt ta stilling til det, seier Kjerkol til NTB.

Ho seier at Helsedepartementet følger situasjonen tett saman med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet

Høgre meiner at Kjerkol bør vere rask.

Leiar av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Tone Wilhelmsen Trøen frå Høgre, seier til NTB at signala frå helsedirektøren om tiltak for uvaksinert helsepersonell kjem på høg tid.

– Eg håper at helseministeren vurderer råda som kjem raskt og sett i gong tiltak, seier Trøen.

220.000 er stadfesta smitta

I alt har 220.513 personar testa positivt her i landet sidan pandemien starta.

Til saman er 924 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

22 av dei døde var under 50 år.

AKTUELT NÅ