Hopp til innhold

10 lovbrot du burde unngå i russetida

Russefeiringa er i gang, og himmelen er blå over store deler av landet. Her er ei liste over det du ikkje skal gjera på fest.

Ein gjeng med russ som sit ute i parken og drikk øl. Sola skin.

PILS I PARKEN: Ein russegjeng frå Foss vidaregåande skule i Oslo nyt sola i parken etter overstått tentamen.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

– Det er veldig høge bøter for ting som er veldig vanleg å gjera, seier Vilde Baardseth som er avgangselev ved Foss vidaregåande skule i Oslo.

Politiet har besøkt russen på skulen, og fortalt kva som er innanfor og ikkje under russefeiringa. Der har dei mellom anna presentert russen for bøtesatsane for ulike typar lovbrot som kan vera relevante under russefeiringa.

– Eg har alltid visst at det er ulovleg å drikka offentleg, men det er ikkje den største «crimen» tenker eg. På sommaren sit jo alle i parken og drikk.

Her finn du ei liste over 10 lovbrot du kan få ei saftig bot for dersom politiet oppdagar det.

Straffa er basert på standardiserte bøtesatsar, og kan derfor variera ut kvar enkelte hending.

Urinering på offentleg stad

Straff: Betala 6000 kroner

Når du drikk alkohol må du late vatnet oftare. Dersom du er ute på offentleg stad, er det ikkje alltid du har eit toalett tilgjengeleg. Sjølv om naturen er for alle, er det ikkje ifølge lovverket ikkje slik at du kan tømma blæra kor som helst. Urinering på offentleg stad er straffbart og kan straffast med bøter. Men, det er ein forskjell mellom å urinera på Karl Johan, og å tissa bak ein busk i ein park.

Nyta alkohol på offentleg stad

Straff: Betala 2500 kroner

Pils i parken kan vere freistande. Men ifølge alkohollova er det ikkje lov å drikke alkohol på offentleg plass, det vil seie alle stader som er opne for folk flest. Det vil blant anna seie i parken, på gata eller skogen. Men politiet gjer ofte ei vurdering av situasjonen. Det er forskjell på å roleg drikke ei boks med øl på eit pledd i parken og å lage bråk på torget medan du drikk.

Dela bilde utan samtykke

Straff: Betala 8000 kroner, eventuelt fengsel

Nokon har kanskje fått med seg at artisten TIX truga med å dela bilde av gutar som hadde spreia intime bilde av folk på nett.

Før du deler eit bilde av ein eller fleire personar på nett, må du spørja dei om det er greitt. Å dela eit bilde utan samtykke er straffbart.

Bruka andre sin legitimasjonen

Straff: Betala 3000–7000 kroner

Fleire utestader krev at du er over 20 år for å sleppa inn fordi dei til dømes sel sprit der. Mange vil falla for freistinga til å bruka eit eldre søsken eller andre sit gamle bankkort eller førarkort for å sleppa inn. Det er som nok mange veit ulovleg, og kan bli straffa med bøter.

Skjenking av mindreårige

Straff: Betala 6000 kroner

Det hender at folk som ikkje er russ også er med å feste med russen, og enkelte av desse er mindreårige. Men alkohollova slår fast at det ikkje er lov å selje, skjenke eller levere alkohol til personar som er under 18 år. Men dersom mindreårige har med alkohol på ein fest, blir ikkje den som er ansvarleg for festen straffa så lenge det ikkje er han eller ho som har gjeve eller skjenka alkoholen, ifølge ung.no.

Tilgrising eller forsøpling

Straff: Betala 2000 kroner

Det kan fort bli både søppel og matrestar når ein er ute og feirar russetida. Då er det viktig å rydde opp etter seg, og tenke på dei som kjem etterpå. Tilgrising og forsøpling blir i lova sidestilt med urinering på offentleg stad. Dersom det ikkje er mogleg å kaste avfallet der ein er, bør ein ta vare på det og kaste det når ein kjem til i ei bossbøtte eller container. Og tomflasker og ølbokser kan ofte pantast, som kan gi ei lita ekstrainntekt til russebussen.

Seksuelle overgrep

Straff: Fengsel

Ein skal ha det moro i russetida, men det ein skal ikkje gå for langt. Det er viktig å vise respekt for kvarandre og ta vare på kvarandre. Og å hugse på at eit nei alltid er eit nei. Dersom nokon ikkje er i stand til å svare, er det å rekne som eit nei.

Kroppskrenking og kroppsskade

Straff kroppskrenking: Betala 10.000 kroner, eventuelt fengsel

Straff kroppsskade: Fengsel

Russetida skal vere ei tid for å feire og ha det moro. Men av og til er det ein spøk som kanskje går for langt, eller nokon som har fått litt for mykje å drikke. Dersom det skulle bli fysiske samanstøytar, kan det få konsekvensar. Kroppskrenking vil seie mindre skadar som sår, risp eller eit blåauge. Medan kroppsskade er meir varige skadar som brot eller utslåtte tenner.

Bruk og eige narkotika

Straff: Betala 3500–5500 kroner

Russetida er normalt kjenneteikna av mykje festing, og det er mange som ruser seg. Ifølge ei undersøking frå 2020, hadde kvar fjerde russ prøvd cannabis minst ein gong i løpet av det siste året, og ein mindre del hadde prøvd MDMA, kokain og andre ulovlege rusmiddel. Bruk og det å ha narkotika på seg er brot på legemiddellova og straffelova, og kan straffast. Men kor streng straffa blir, er avhengig av kva type stoff og kor mykje det er snakk om. I enkelte tilfelle kan politiet også tilby påtaleunnlating.

Skadeverk

Straff: Betala 6000 kroner

Skadeverk vil seie at du øydelegg noko med vilje. Det kan for eksempel vere å knuse ei rute, tagging eller øydelegge noko som nokon andre eig. Dersom det som det er snakk om store øydeleggingar eller det som blir øydelagd har ein særleg historisk, nasjonal eller religiøs verdi, blir det rekna som særleg grovt skadeverk. Då kan det også bli snakk om fengselsstraff.

Og i møte med politiet:

  • Rettar du deg ikkje etter det politiet seier, kan du risikera ei bot på mellom 8000 og 13.000 kroner.

  • Bruk av skjellsord eller utilbørleg mot politiet: 8000 kroner i bot

  • Fysisk hindra politiet: 10.000 kroner i bot

  • Vald/spytting mot politiet: 12.000 kroner i bot/fengsel

  • Nekta å gje personalia til politiet, eller gje feil personalia for seg sjølv eller andre: 7000 kroner i bot

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger