Ein av fire russ prøver narkotika

For første gong har forskarar kartlagt korleis russen rusar seg det siste året på vidaregåande. Mange drikk seg fulle fleire gonger i veka, og dop er ikkje uvanleg.

Halvparten av fjorårets russ syntes det var for mye alkohol i russetiden
Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Russetida er normalt kjenneteikna av mykje festing, og ein ny studie viser at ulike rusmiddel speler ei stor rolle i russefeiringa.

Forskarar ved Folkehelseinstituttet har testa og spurt nesten 1500 russ på russetreff i fjor om rus og rusvanar.

Kvar fjerde russ sa at dei hadde brukt narkotika i løpet av det siste året.

– Narkotika har nok blitt ein del av russefeiringa for somme, seier Anne Line Bretteville-Jensen, som er ein av forskarane bak rapporten.

Anne Line Bretteville-Jensen

FORSKAR: Anne Line Bretteville-Jensen har testa og snakka om rusvanar med russ på russetreff.

Foto: Folkehelseinstituttet

Cannabis og MDMA

Cannabis, MDMA, ecstasy og kokain var dei vanlegaste rusmidla russen fortalde dei hadde brukt det siste året.

Her er det òg tydeleg forskjell på gutar og jenter. Mellom anna sa 11 prosent av gutane at dei hadde brukt MDMA, kokain eller andre sterkare rusmiddel månaden før russetreffet mot 4 prosent av jentene .

Folkehelseinstituttet såg òg på alkoholbruken til russen. Kvar femte russ sa at dei drakk alkohol fleire dagar i veka heile det siste året på vidaregåande, og like mange drakk nesten kvar dag den siste månaden før russetreffet.

Forskaren fryktar at ein del russ drikk og rusar seg så mykje året dei er russ, at går ut over skuleprestasjonane eller at dei kjem opp i farlege situasjonar.

– Det er urovekkande, seier ho.

– Rusar seg for opplevinga

– Eg veit at nokon likar å røyke og nokon likar å ta ulike typar piller. Det viktigaste er ikkje å bli så rusa som ein kan. Ein tek det for å få ei ny oppleving, seier russepresident for Oslo og Viken, Johann Schwenke Rief.

Russepresident Johann Schwenke Rief

PASSAR PÅ KVARANDRE: Russepresident Johann Schwenke Rief seier avgangselevane som festar passar på kvarandre.

Foto: Marit Gjellan / NRK

Han meiner russen er flinke til å passe på kvarandre.

– Som regel, når ungdom tar hardare stoff, sørger ein for at det er minst ein person rommet som er edru og som kan ringe naudnummeret viss noko skulle gå gale.

I år set uansett korona ei demping på festinga i russetida.

– Det er veldig kjedeleg. Eg skulle ha vore litt slapp i timane fordi eg hadde vore ute dagen før, og så møte «gutane» i åtte-nitida. Eg hadde gleda meg til å ha det moro med drikkeleikar, rulling, og å nesten berre gløyme alt anna som eksisterer enn det å vere russ, drøymer russepresidenten.

Men slik blir det altså ikkje. I staden oppmodar han medrussen til å gjere det beste ut av situasjonen.

– Det vil bli arrangert færre festar, så då anbefaler vi å heller gå ut og ta eit par pils i parken.

Russedress russepresident Johann Schwenke Rief

UBRUKT RUSSEDRESS: Johann Schwenke Rief leitar etter bokstavane han skal stryke på russedressen sin. Vanlegvis ville han allereie vore i bruk, men koronaen har ført til at dressen først blir pakka fram no.

Foto: Marit Gjellan / NRK

Mange rusrelaterte skadar

Forskarane fann òg at mykje festing førte til at mange russ både skada seg og blei utsette for vald eller andre ubehagelege opplevingar i løpet av russetida.

Blackout som følgje av mykje alkohol var òg noko mange hadde opplevd den siste tida.

– Når éin av fire rapporterer at dei har hatt blackout, så synest eg faktisk det er skremmande, for ingen veit kva som skjer då og du er ikkje i stand til å vise motstand, seier Bretteville-Jensen.

Ho meiner ein del drikk mykje meir enn dei har godt av heile det siste året på skulen.

Er det grunn til å vere bekymra for ungdommane sine når dei skal inn i russetida?

– Det er i alle fall lurt å ta ein prat og følgje litt med når ein ser kor mange av dei vi snakka med som rapporterer om høg og risikofylt alkoholbruk, svarar Bretteville-Jensen.

  • 26 prosent av russen sa dei hadde følt seg utrygg i samband med eit russearrangement. Like mange hadde gjort noko dei angra på.
  • 12 prosent sa dei hadde blitt utsett for vald på eit russearrangement.
  • 29 prosent sa dei hadde skada seg.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 07.08.2020
260
Siste uke
15
Innlagt
256
Døde

SISTE NYTT

Siste meldinger