Bøås er forskar på internasjonale forhold ved Norsk utanrikspolitisk institutt NUPI. Han har sett seg godt inn i saka til French og Moland, og han meiner det kan vere fleire årsaker til at kongolesisk politi no tek ut tiltale mot Joshua French.
Maktkamp eller konflikt
Den kongolesiske påtalemakta kan ha funne ting når dei har gått gjennom materialet og funne at noko ikkje stemmer. På bakgrunn av det kan dei ha teke ut tiltale, meiner han.
Men Bøås meiner det er ein viss sjanse for at tiltalen er fabrikkert.
– Det kan vere ein maktkamp eller konflikt knytt til ulike grupper i fengselsvesenet, i justisapparatet, i påtalemakta og ikkje minst maktkamp mellom den sivile og den militære påtalemakta, som har utløyst denne tiltalen, seier han til NRK.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Vanskeleg med utlevering
Han trur at den nye drapstiltalen vil gjere det vanskeleg å få French utlevert til Noreg med det første. Han fortel at det formelt ikkje er mogleg å bli soningsoverført så lenge den innsette har ei sak gåande mot seg.
– Dette kan vere ein måte å skape ei utsetjing på, og dermed betre dei forhandlingskorta nokon måtte meine at dei sit med, seier Morten Bøås.
Joshua French er tiltalt for drap på kameraten Tjostolv Moland i fengselet der dei to delte celle i Kinshasa i Kongo. Norske og kongolesiske rettsmedisinarar konkluderte med at det ikkje var mistanke om at det hadde skjedd noko kriminelt.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Frå Kisangani til Kinshasa
Det kom derfor som eit sjokk at den kongolesiske påtalemakta hadde teke ut drapstiltale mot Joshua French, som er både norsk og britisk statsborgar.
French og Moland vart dømde til døden for drapet på den sjåføren sin i 2010. Dei sat først fengsla i byen Kisangani, men vart seinare overførte til Ndolo-fengselet i hovudstaden Kinshasa.
Moland vart 18. august i år funnen død på cella han delte med Joshua French.