Joshua French er tiltalt for å ha teke livet av kameraten Tjostolv Moland.
Foto: Kristian Aanonsen / NRKZimmer veit ikkje kva nye opplysningar som har kome fram, men seier at Kripos vil be styresmaktene i Kongo om å få innsyn i det nye materialet. Dei vil også be om å bli orientert om kva vurderingar som har leidd fram til konklusjonen om at Joshua French kan tiltalast for drap på Tjostolv Moland.
– Felles konklusjon
Per Zimmer fortel at Kripos etter invitasjon frå kongolesiske styresmakter hjelpte til i delar av etterforskinga og ved obduksjonen etter dødsfallet og ved obduksjonen.
– Dette samarbeidet leidde til ein felles konklusjon som kongolesiske styresmakter presenterte på ein pressekonferanse 28. august i år. Her vart det informert om at det ikkje var gjort funn som gav grunnlag for nokon mistanke om kriminelle forhold knytte til Molands død, seier Zimmer i ei pressemelding.
Erna Solberg tok kontakt med Kongos president Joseph Kabila i Johannesburg i dag.
Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpixKommunikasjonssjef Anne Bye Sandal i Kripos seier til NRK. no at dei ikkje vil gi ytterlegare kommentarar til saka i dag.
Solberg møtte Kabila
I ettermiddag har statsminister Erna Solberg teke opp drapstiltalen mot Joshua French i ein samtale med Kongos president Joseph Kabila i samband med minnestunda for Nelson Mandela i Johannesburg i Sør-Afrika. Ho gjentok det norske kravet om at det hastar med å få i gang igjen samarbeidet og møta om situasjonen til Joshua French.
Solberg seier til NRK at Kabila gav uttrykk for at dette er ei vanskeleg sak for Kongo, med stort medietrykk også der. Han fortalde at an hugsa samtalen han hadde med dåverande statsminister Jens Stoltenberg, der dei vart samde om å ha kontakt om saka.
Solberg og Kabila vart samde om at utanriksministrane i dei to landa skal ha kontakt om kva som skal skje vidare. Solberg er klar på at målet er å få Joshua French vil heim til Noreg. Ho fortel at både norsk og britisk UD jobbar på spreng for å få til ei løysing på saka.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: