Hopp til innhold

- French-saka har teke ei svært alvorleg vending

– Vi stiller oss heilt uforståande til tiltalen mot Joshua French. Vi har bede kongolesiske styresmakter om ei forklaring, seier utanriksminister Børge Brende (H).

Utanriksminister Børge Brende (H).

Utanriksminister Børge Brende forstår ikkje kvifor Joshua French no er tiltalt for drap på kameraten Tjostolv Moland.

Foto: Bengt Kristiansen / NRK

Børge Brende seier til NRK at norske styresmakter no går ut breitt i denne saka. Statsminister Erna Solberg tok French-saka direkte opp med Kongos president Joseph Kabila under minneseremonien for Nelson Mandela i Sør-Afrika i dag.

Dei to vart samde om at Børge Brende skal ta kontakt med sin kongolesiske kollega for å følgje opp saka vidare. I tillegg fortel Brende at UDs spesialutsending har reist til Kongo for å prøve å finne ut kva som har skjedd.

Forstår det ikkje

Joshua French

Joshua French er tiltalt for å ha drepe kameraten Tjostolv Moland i fengselet i Kongo.

Foto: Thomassen, Christian / NTB scanpix

Brende meiner at saka har teke ei svært alvorleg vending etter at Joshua French vart tiltalt for drap på kameraten Tjostolv Moland.

– Vi stiller oss utforståande til at French no er tiltalt for drap på kameraten sin, etter at norske og kongolesiske patologar fann ut av det ikkje var grunnlag for mistanke om at det hadde skjedde noko kriminelt.

På spørsmål om Noreg kan tenkjast å true med å halde tilbake bistand for å få løyst denne saka, svarer Brende at han ikkje trur at Joshua French er tent med at slike detaljar blir trekte inn.

LES OGSÅ: – Kan bli vanskeligere å få French utlevert

LES OGSÅ: Kongolesiske myndigheter: – Moland dopet ned og kvalt

– Vil ikkje ha løysing

Brende fortel at også britisk UD har fullt trykk på denne saka. Storbritannias utanriksminister William Hague har teke direkte kontakt med Kongos statsminister. Joshua French har både norsk og britisk statsborgarskap.

Joshua French seier i ein kommentar til Dagbladet i ettermiddag at kongolesiske styresmakter veit godt at det dei prøver på no er ulovleg og ei forfalsking av bevis. Han vil ikkje gå nærmare inn på kva motivet deira kan vere.

– Det er menneske som ikkje vil ha ei løysing, og som er villige til å gå ekstraordinært langt for å hindre at eg blir sendt til Noreg, seier French til avisa. Sist den norsk-britiske statsborgaren vart avhøyrt var 13. november.

– Gamle spørsmål

LES OGSÅ: Britisk UD: – Vil gjøre det vi kan for at French ikke blir henrettet

LES OGSÅ: - Uhyrlig at Joshua er tiltalt for drap på Tjostolv

– Det var berre gamle spørsmål som vart tekne opp att. Dei hadde ikkje noko nytt å kome med, fortel han.

French fortel at han merka at det var noko i gjære, men at han først fekk vite at han er tiltalt for drapet på kameraten i går.

LES OGSÅ: Kripos ber Kongo om innsyn

AKTUELT NÅ