Statsminister Kjell Magne Bondevik talte til KrF sin partikonferanse i Bergen i føremiddag. Han gjorde det klart at ein ny EU-debatt ikkje kan handle om det same som før EU-avrøystinga i 1994.
- EU i dag er ikkje som EU for 10 år sidan, seier Kjell Magne Bondevik. (Scanpix-foto)
EU-debatt
Statsministeren gjorde det klart overfor forsamlinga at han ikkje var ute etter føregripe den EU-debatten som skal partiet skal ha. Han slo likevel fast at EU-debatten må førast ut frå Kristeleg Folkeparti sine grunnverdiar, menneskeverdet, forvaltaransvar og nestekjærleik.
Han sa også at det er viktig å vere klar over at EU i dag er noko heilt anna enn EU i 1904.
- Nokre argument frå 1994 er gangbare i dag, men andre er det ikkje, sa statsministeren blant anna.
Bondevik varsla at han no går i tenkjeboksen når det gjeld eventuelt norsk medlemskap i EU. Han peikte blant anna på at Noreg i dag, gjennom EØS-avtalen, er med på å betale den store EU-utvidinga. At Noreg faktisk betalar meir for denne utvidinga enn mange EU-land.
Tredje veg
Bondevik varsla ikkje ei nyorientering korkje på eigne eller partiet sine vegner, men han avviste at det finnest ein tredje veg som korkje er EØS eller fullt medlemskap, det mange kallar ein sveitsisk modell. Det er ikkje realistisk med ein tredje veg, sa han.
1. mai blir fleire austeuropeiske land har vore rekna som fattige medlemer i EU. Dette er stikk i strid med det nei-sida trudde for 10 år sidan. EU er i ferd med å bli den alleuropeiske organisasjonen få trudde på for 10 år sidan, sa han.
Riksmannsklubb
Etter talen sa Bondevik at argumentet om at EU er ein riksmannsklubb, ikkje lenger er reelt.
Bondevik trur ikkje at EU-saka blir sett særleg på spissen før valet i 2005. Han minte om at regjeringserklæringa har ein klausul som tek seg av ein slik situasjon. Han sa i talen at det no er viktig korleis EU vil greie å handtere den store utvidninga, og kva verknad den nye grunnlova vil få.