Hopp til innhold

- Har ikkje vurdert å trekkje meg

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen seier at ho ikkje har vurdert å trekkje seg, trass i krav frå Siv Jensen og Frp om at statsministeren må vurdere stillinga hennar.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen har ikkje vurdert å trekkje seg frå helseminister-posten.

Foto: NRK

Framstegspartiet har lenge sagt at statsminister Jens Stoltenberg no må vurdere stillinga til Strøm-Erichsen etter skandalen ved Akershus universitetssjukehus.

– Eg har ikkje vurdert stillinga mi, seier Anne-Grete Strøm-Erichsen til NRK, men ho presiserer at ho tek denne saka svært alvorleg.

Frp-leder Siv Jensen

Frp-leiar Siv Jensen ber statsministeren vurdere Anne-Grete Strøm-Erichsen si stilling.

Foto: Jørn Tveter / NRK

Siv Jensen krev at det blir sett ned eit uavhengig kommisjon som skal sjå på det som har skjedd ved sjukehuset, men helseministeren meiner det er for tidleg å snakke om ei slik gransking før tilsynet fylkeslegen arbeider med, er ferdig.

Første dag etter ferien

Anne-Grete Strøm-Erichsen er tilbake på jobb i dag etter ferie. I Dagsnytt 18 på NRK i kveld møtte ho Frp-leiar Siv Jensen til duell om dei mange skandalane som har prega det nybygde Akershus sentralsjukehus (Ahus).

Tidlegare i dag møtte Strøm-Erichsen leiinga ved Ahus og Helse Sør-Øst, og det store spørsmålet er kven som har ansvar for underbemanning og feilbehandling ved Ahus. Skandalen ved Akershus universitetssjukehus har rulla på seg medan helsestatsråden har hatt ferie.

- Eg fekk ei orientering om ein del av det som står i rapporten til fylkeslegen, og ifølgje Ahus har det ikkje vore fleire uynskte hendingar i 2011 enn i 2010, sa ho til NRK etter møtet.

- Det som skjer vidare, er det som ligg hos fylkesmannen og eventuelt vidare i Helsetilsynet, la ho til.

LES OGSÅ: Hatlen: – Helseministeren var informert

LES OGSÅ: Ahus legger feilbehandling på nett

Underbemanning

Frå årsskiftet i fjor fekk Ahus overført ansvaret for 160.000 nye pasientar, samstundes som sjukehuset mangla rundt 550 helsefagleg tilsette.

Helseavdelinga hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus meiner sjukehuset dreiv uforsvarleg dei tre første månadene i fjor, og at tre dødsfall og 20 pasientskadar må sjåast i samanheng med dette.

Innslag i Dagsnytt 18 17.09.12.

VIDEO: Sjå heile debatten frå Dagsnytt 18

I ein tilsynsrapport skriv fylkeslege Petter Schau at over 20 pasientar er betydeleg skadde av behandlingane dei fekk ved sjukehuset frå januar og utover. Det vart registrert ni unaturlege dødsfall, og tre av dei skuldast manglande oppfølging, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: - Forferdelig når noe går galt

LES OGSÅ:

Nestleiar trekte seg

Nestleiar ved styret i Ahus, Leif Frode Onarheim, trekte seg nyleg frå vervet som nestleiar i styret ved Ahus, fordi han ikkje kunne leve med at pasientar har mist livet eller fått varige skadar på grunn av låg bemanning.

– Eg har registrert at Onarheim har sagt dette. Generelt kan eg seie at det er for mange skadar ved norske sjukehus, og det er derfor vi har sett i verk ein pasienttryggleikskampanje og går systematisk gjennom journalane, seier helsestatsråden.

Strøm-Erichsen er også klart på at det er ho som er ansvarleg for helsetenesta i Noreg, men minner om at ho har fylgt råda frå styra både ved Oslo universitetssjukehus og ved Akershus universitetssjukehus.

– Har ansvar for systema

På spørsmål om kva ansvar ho har for bemanninga ved sjukehuset, svarte helsestatsråden dette i Dagsnytt 18 i kveld.

– Eg har ansvar for dei systema som skal sørgje for tilstrekkeleg bemanning skal vere der. Vi har dei ulike styra, og det var meldt tilbake til meg at drifta var forsvarleg. Det var viktig for meg, eg hadde ingen prestisje på kva dato pasientane skulle overførast frå Oslo Universitetssjukehus til Ahus.

Siv Jensen sa på si side at det er feil person som har gått av.

– Onarheims overordna har ikkje vurdert stillinga si, heller ikkje helseministeren. Eg synest det er alvorleg at slikt skjer, rike Noreg burde få det til betre. Vi møter mykje angst og liding der ute, og det er ei kjensgjerning at det er gjort forsøk på setje prosessen ved Ahus på pause, sa Siv Jensen.

– Må ikkje svartmåle

– Årsaka er at dei ikkje var raske nok med bemanningsplanar på Oslo universitets. Eg veit at det er mykje liding, men vi må ikkje svartmåle det norske helsevesenet, på andre område er vi heilt på topp, repliserte Anne-Grete Strøm-Erichsen.

– Vi tek dette veldig alvorleg, ministeren seier at alt står bra til, men vi får ein heilt annan tilbakemelding frå dei som kjenner skoen trykkje. Det må vere lov å peike på tiltak, sa Siv Jensen.

AKTUELT NÅ