- Glad for at fleire står fram

Førstestatsadvokat Lasse Qvigstad er glad for at fleire står fram med sine Treholt-historier, men at det er vanskeleg å forholde seg til anonyme kjelder.

Førstestatsadvokat Lasse Quigstad

Førstestatsadvokat Lasse Qvigstad håpar dei anonyme kjeldene vil snakke med påtalemyndigheitene.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Eg kan ikkje gjere anna enn å ta dette til etteretning, men eg har registrert at kjelda har sagt seg villeg til å snakke med påtalemyndigheitene, og det synest eg er svært positivt. Då kan vi få openheit i denne saka, og det trur eg alle er tjente med, seier Qvigstad.

Qvigstad sa etter at boka "Forfalskningen" kom ut at påtalemyndigheitene ville gå nærare inn i saka og følgje opp opplysningane som kom fram.

Laurdag seier han det er for tidleg å vurdere saka begjært gjenopptatt.

– Det er for tidleg å seie med bakgrunn i det som står i Aftenposten, seier han.

Ikkje vurdert gjenopning

Advokaten til Arne Treholt, Harald Stabell, krev at saka blir gjenopna, og meiner det er viktig at påtalemyndigheitene gjer dette. Gjenopptakingskommisjonen har ikkje fått ei slik begjæring.

Qvigstad seier at han har brukt den siste veka på å gå gjennom dokument i Treholt-saka etter at nye opplysningar om at politiet planta bevis, kom fram.

– Det er betydelege mengder dokument å gå gjennom. Komande veke vil eg bruke tid på å gå gjennom fleire dokument, og det kan vere aktuelt å gjere vidare undersøkingar. Kva det er, vil eg ikkje gå ut med enno, seier han.

Kjelda vil stå fram

Kjelda som stod fram i Aftenposten laurdag, seier han vil snakke med påtalemyndigheitene.

– Openheit er bra for alle. Eg håpar dei som vil stå fram, ikkje berre snakkar med nokre, men at dei vil snakke med alle, seier Qvigstad.

– Vi ønskjer openheit. At folk skal kunne snakke fritt om dette. Det er alle tente med, seier han.

Qvigstad har ikkje kommentarar til opplysningane om at fleire personar i overvakingstenesta kjente til dette.

– Det er ei interessant opplysning. Det er kva eg vil seie om det, seier han.

Vurderer seg som habil

Jussprofessor Eivind Smith meiner både Riksadvokat Tor-Aksel Busch og Quigstad bør trekkje seg ut av saka. Han seier dei to utan tvil er dyktige, men at involverte personar kan ha mistanke om at det ligg prestisje i saka.

Det er Qvigstad sjølv, saman med Busch, som skal vurdere Treholt-saka. Begge var aktorar under straffesaka der Treholt vart dømd til fengsel i 20 år for spionasje.

Qvigstad seier han og Busch ikkje er inhabile i denne saka, då dei ikkje er part i saka.

– Vi kjenner saka godt. Eg kan ikkje sjå at nokon kan vurdere ho betre enn det vi kan, seier Qvigstad.

Etter at det vart sådd tvil om statsadvokat Stein Vale sin habilitet i saka, valgte han å trekkje seg. Vale har skrive ei bok om saka, og det vart påpeikt at han hadde økonomiske interesser.

Les også: Trekker seg fra Treholt-saken

Les også: Dette er Treholt-saken

SISTE NYTT

Siste meldinger