Hopp til innhold

Vil styrke fastlegeordninga med 690 millionar

Regjeringa foreslår å styrke fastlegeordninga med 690 millionar kroner i 2023, med ein heilårsverknad på 920 millionar.

I eit elles stramt budsjett har regjeringa like fullt funne rom for ei historisk satsing på fastlegeordninga, fordelt på basisfinansiering, rekruttering og forsking.

– Vi tar krisa i fastlegeordninga på største alvor og foreslår ei styrking av fastlegeordninga med 690 millionar kroner i 2023, medan styrkinga for eit heilt år er på nær ein milliard kroner.

Samtidig har vi sett ned eit hurtigarbeidande ekspertutval som skal foreslå konkrete forbetringar i forkant av statsbudsjettet for 2024. Dette er ei historisk satsing, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

NRK Nordland har tidligere skrevet om at pasientar i Nordland er minst fornøgde med fastlegen, og om Marthe (18) som må forlate Meløy kommune dersom ho blir sjuk.

Lege på et legekontor jobber ved pc-en sin.
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK