Hopp til innhold

Pasientar i Nordland minst fornøgde med fastlegen

Ein ny kvalitetsindikator viser at mange har gode erfaringar med fastlegen og fastlegekontoret på fleire område. Det skriv Helsedirektoratet i ei pressemelding.

Denne delen av indikatoren er basert på ei undersøking gjort av Folkehelseinstituttet frå september 2021 til januar 2022.

Pasientane blei spurde om kor fornøgde dei er med fastlegen. Resultata viser at dei er mest fornøgde med kategorien «Fastlegen og Organiseringa og andre tilsette».

Minst fornøgde er dei med tilgjengelegheita på time hos fastlegen.

Pasientane i Nordland var minst fornøgde.

– Det blir gjort ein formidabel innsats av flinke fastlegar over heile landet kvar dag. Men mange kommunar slit med å rekruttere fastlegar og halde på dei som er erfarne.

Det seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet og legg til:

– Det er særleg fordi arbeidspresset på den enkelte fastlege er stort. Utfordringane med legedekning i nord har vore der i mange tiår, mens arbeidsbelastninga til den enkelte lege har vakse gradvis dei siste åra.

Legekontoret i Sør-Fron kommune
Foto: Alexander Nordby / NRK