Hopp til innhold

Fann kalkunen hardt skadd utenfor huset: – Den hadde knivmerker på halepartiet

Eit ubehageleg syn møtte Åshild og Gisle då dei skulle sjå til dyra sine om morgonen.

Daud kalkunhane

Melhus måtte sjølv avlive dyret som framleis var i live, trass skadane.

Foto: Privat

– At nokon berre har gått inn på tunet her og gjort noko slikt med eitt av dyra våre, opplev eg som eit grovt overtramp, seier Gisle Normann Melhus.

Saman med Åshild Elton Jacobsen driv han småbruket Myklevik i Stamsund i Lofoten.

Dei har både grisar høns i tillegg til kalkunar, og er vant med at husdyr døyr. Dei veit dei kan bli drepne av rovdyr.

Men kalkunen som låg skadd i hagen var framleis i live og måtte avlivast.

Melhus meiner det er folk som har gjort dette.

Kalkunhanen i live

– Kalkunhanen var ein flott gut på kring 15 kilo, seier Melhus. Han seier hanen var eitt av favorittdyra på garden. Det er halepryden og brystfjøra som no er borte frå skrotten.

Foto: Privat

Det var Lofotposten som først skreiv om saka.

Måtte avlive dyret

Melhus og Jacobsen har nyleg starta drifte småbruket. Fram til no har det gått bra og dei trivast godt.

Men natt til torsdag skjedde det dei innrømmer er det verste dei har opplevt på garden til no.

Dei fann kalkunhanen sin døyande utanfor tunet.

Gisle Normann Melhus

Gisle Normann Melhus.

Foto: Geir Mogen / Benedikte Skarvik

– Det første eg tenkte var at den må ha blitt nedkøyrd eller teken av eit anna dyr, som rev eller andre rovdyr. Då eg såg at den framleis var i live, men låg i smerte, gjorde eg berre det som måtte til, seier bonden.

Melhus måtte sjølv avlive dyret.

Men då det var gjort, såg han spor på at det må ha vore folk som har skamfare hanen deira.

Meiner folk står bak

– Eg beit meg merke i at den hadde knivmerker på halepartiet. Den hadde blitt skore rett av. På brystet var det også riven av fjør, seier Melhus.

Desse stadane var der hanen hadde finast fjør, med mønster og fargespel som ein påfugl, seier bonden.

Der var heller ikkje teikn på nokon kamp med til dømes ein rev. Dyret var også dregen hundre meter gjennom hagen deira og ned til vegen.

– Gjerningspersonen må tydelegvis ha vore interessert i fjøra. Kor mykje dei er verd eller kvifor nokon gjorde dette veit eg ikkje, men for min del er det totalt uinteressant kva motivasjonen var. Det var dårleg gjort uansett.

Paret fann fotspor etter folk i graset kring der fuglen må ha gått.

– Politiet var her på torsdag og vi har meldt det. Vi tykkjer det var veldig kjipt gjort, og ikkje minst var det traumatisk for ungane våre.

Bonden seier det er gale at nokon kan ha teke seg til rette på deira gard, men spesielt ille at dei har forlate dyret i smerter.

– Vi har ein spesiell omhug for dyra våre, vi bryr oss om dei og vil at dei skal ha det bra, seier Melhus.

Daud kalkunhane

Melhus syner til tydelege merker etter ein kniv, og meiner det må ha vore folk på garden om natta og skamfare dyret, ikkje rovdyr.

Foto: Privat

Har ikkje sett liknande tilfelle

– Om dei skadane er påført av menneskje, er det noko vi ser alvorleg på.

Kjersti Sandnes er seksjonssjef for Mattilsynet i Midtre Hålogaland.

Ho seier det er uvanleg om det syner seg at folk står bak hendingane på garden natt til torsdag, men ikkje utenkeleg.

Mattilsynet er ikkje involvert i denne saka no. Om politiet sine undersøkingar krev innspel frå dei, vil dei bli det.

Melhus og Jacobsen meldte saka til politiet torsdag.