Hopp til innhold

Theodor og klassekameratane vann fram – dei får behalde skulen sin

Theodor, Oda og Sigurd protesterte for skulane sine – og vann fram. Steigen kommunestyre vedtok i dag å behalde alle fire skular i kommunen.

Skuleborn som streikar

STREIKAR: Theodor Johansen (7), Oda Amalie Berg (11) og Sigurd Pettersen Syraksen (11) streikar i dag for å behalde skulen sin.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

– Vi vil ikkje at skulen skal bli lagt ned, seier Oda Amalie Berg (11).

Kommunestyret er samla i ein gymsal i Allhuset i Leinesfjord. Kring dei står lærarar og elevar med plakatar og skilt; «Små klassar – god læring», «Høyr på borna – behald skulane!».

Og engasjementet til elevar og lærarar bar fram: Steigen kommune legg ikkje ned skulane sine.

– At det blei eit so stort fleirtal hadde eg ikkje sett føre meg, seier Steigen-ordførar Asle Schrøder.

Med elleve mot seks vann Senterpartiet sitt forslag: Steigen beheld alle fire skular.

Kommunestyremøte i Allhuset

FLYTTA MØTET: Kommunestyret i Steigen flytta møtet i dag til Allhuset i Leinesfjord. Dette var fordi so mange var interesserte i skulenedlegginga. Lærarar og skuleborn møtte opp for å syne sine meiningar.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

200 millionar i gjeld – vil drifte fire skular

Steigen kommune har ei gjeld på 200 millionar kroner, noko som var grunnen til nedlegging av skulane blei tema.

– Det er klart vi har store utfordringar, men klarar vi å halde budsjettet vi vedtok, so skal det her gå, seier Schrøder.

– Men kvar skal de hente inn pengane de treng?

– Nei, det vert då mindre kutt andre stadar, til dømes reising, opplæring og andre stadar, svarar ordføraren.

Asle Schrøder får ei rose av Laskestad-elevar før kommunestyremøte

GLEDELEG OVERRASKING: Steigen-ordførar Asle Schrøder og resten av kommunestyret fekk ei hyggeleg gåve før møtet tok til. Kanskje det hjelpte på avgjerda?

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

– Dette er å skuve problemet føre seg

Fred Eliassen representerer det største opposisjonspartiet i Steigen, Arbeidarpartiet.

– Eg meiner det vedtaket som blei gjort er å skuve problemet føre seg. Ein har no lagt grunnlaget for ein evig skuledebatt i Steigen, seier Eliassen.

– Kva vert konsekvensen av dette vedtaket?

– Eg trur vi vert endå mindre berekraftige enn vi allereie er, og forverrar budsjettsituasjonen vår kraftig, seier Eliassen.

Men at å behalde skulane er å utsette eigne problem, er ikkje ordføraren einig i.

– Eg kan ikkje garantere at skulestrukturen i Steigen ikkje kjem opp att, men at det kjem att til neste år har eg ikkje noko tru på, seier Schrøder.

Fred Eliassen

MISNØGD: Opposisjonspolitikar Fred Eliassen var ikkje nøgd med vedtaket. Han stemte for nedlegging av skulane, og trur saka snart kjem opp att.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

Elevane streika

– Det er veldig artig å gå på skulen, fordi vi er ikkje so mange i klassen. Det er heller ikkje so langt å reise med buss, seier Oda Amalie Berg (11).

Ho går i sjette klasse på Laskestad skule, men i dag var ho ikkje i klasserommet. Lærarar og elevar ved dei tre utsette skulane streika for å sei si meining om nedlegginga.

– Kvifor er det so ille å flytte til ein annan skule?

– Fordi det vert ein lang busstur og vi vert veldig store klassar. Då vert det veldig mykje bråk. Difor vil eg behalde skulen min, seier Oda Amalie.

Born i Laskestad, Steigen, streikar mot skulenedlegging

KLÅR BESKJED: Skuleborna var klåre om kva dei ynskte av kommunestyret. Dei fekk viljen sin.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

Rådmannen er djupt uroa

– Eg er djupt uroa for korleis dette forslaget vil påverke den økonomiske situasjonen i kommunen framover, skriv rådmann i Steigen Torben Marstrand til NRK.

Rådmannen skriv også at han er uroa for det oppvekstfaglege sidan oppvekstleiaren frarådde dette forslaget utan å bli høyrd.

Fylkesmann i Nordland, Hill-Marta Solberg seier til NRK at ho ynskjer å møte representantar frå Steigen kommune raskast mogleg for å diskutere dagens vedtak.

Rådmannen er uroa

DJUPT UROA: Rådmannen i Steigen, Torben Marstrand, er uroa for økonomien til Steigen kommune.

Foto: Faksimile / NRK