– Økonomien får betydning når ein ser på fleire alternativ, seier Henrik Sjåmo (28) frå Vefsn i Nordland.
Han studerer siste semester på juss-studiet i Bergen, men har søkt sommarjobb innan helse og omsorg i Vefsn kommune.
Dei tilbyr nemleg 10.000 kroner ekstra til dei som kan jobbe seks veker samanhengande i fellesferien.
Ifølge Nav er det rekordstor mangel på sommarvikarar i år. Frå januar til april blei det lyst ut 38 400 sommarjobbar. Det er 63 prosent fleire enn i fjor og nesten dobbelt så mange som i 2019.
I april i år er det lyst ut fleire sommarjobbar enn i nokon andre månader i åra 2018–2021.
Bonusen på 10.000 kroner var ein sentral faktor då Sjåmo skulle bestemme seg.
– Eg synest det er eit kjempegodt grep. Det blir lukrativt for arbeidstakarane, i tillegg til at arbeidsgivar får sikra kontinuitet og kvalitet til brukarane, seier han.
USLÅELEG KOMBINASJON: Henrik Sjåmo vurderte å ta ein jobb som var meir relevant for studieløpet, men kombinasjonen med ekstra pengar og at det var i heimtraktene snakka til han.
Foto: PrivatStor mangel på arbeidskraft
Ferske tal frå Nav si bedriftsundersøking viser at bedrifter over heile Noreg har vanskar med å finne nye tilsette.
Bedriftene manglar over 70.000 arbeidstakarar. Det er det høgaste talet sidan 2008.
Norske kommunar er desperate etter arbeidskraft, spesielt til helse- og omsorgssektoren.
Størst mangel på arbeidskraft er det i Nordland fylke.
No er det fleire kommunar som lokkar vikarar til helse- og omsorg med ekstra pengar.
Vefsn kommune tilbyr 10.000 kroner ekstra. Trondheim kommune tilbyr 15.000 kroner. Porsgrunn stiller med ein bonus på 20.000 kroner.
Bonusen gjeld vikarar i helse- og omsorgstenesta.
Rift om studentane
Mange studentar har til vane å jobbe deltid parallelt med studiane, og sommaren er ei god moglegheit for studentar å få litt ekstra inntekt.
– Eg trur alle kommunane eigentleg slit med å få feriekabalen til å gå opp. Og det er rift om studentane, dei er veldig attraktive.
FRÅ VEFSN: Henrik brukar fritida si blant anna på å gå tur i heimtraktene.
Foto: PrivatDet seier Rachel Berg. Ho er kommunalsjef for helse og omsorg i Vefsn kommune.
Berg fortel at det generelt har vore utfordrande å få ferieturnusen til å gå opp, men særskilt vanskeleg er det i år.
Koronapandemien har medført høgare sjukefråvær og større slitasje blant dei tilsette, som har jobba gjennom heile pandemien.
– Vi har eit behov for å sikre at dei får tatt ut ferie, seier Berg.
Kunne du tenkt deg å jobbe i fellesferien mot å få ekstra pengar?
– Veldig tøff marknad
– Det er rett og slett ikkje nok menneske til å ta jobbane som er ledige. Då blir det stor konkurranse om ressursane, seier Sven Fossum, kommunikasjonsdirektør i Manpower Group.
Han synest Vefsn kommune har gjort eit kreativt grep.
Viss studentane også ber om ferie, kan det nemleg bli kluss i kabalen for arbeidsgivarar som allereie prøver å tette hola i eigen arbeidsstokk.
– Då må du konkurrere på alle område du kan, og løn er sjølvsagt eit av dei, seier han.
UTFORDRANDE: – Råde vi generelt gir til studentane er å jobbe samanhengande, seier Sven Fossum.
Foto: Geir Anders Rybakken Ørslien / Geir Anders Rybakken ØrslienSiste året som sommarvikar
No er Henrik Sjåmo i full gang med å levere eksamen. Det er siste semester som juss-student i Bergen. Til hausten ventar ein ny jobb i eit advokatfirma.
Då rekk han også eit par veker med fri.
– Tilbodet er ein god kompensasjon for å elles gi frå seg mykje av feriar og slikt. Og brukarane i omsorgsbustadene får kontinuitet, så det er bra for alle partar, seier han.