Hopp til innhold

Opplever å få større bryst etter å ha tatt vaksine – dette seier ekspertane

Emma (17) seier ho gjekk opp ein heil BH-storleik etter å ha tatt koronavaksine. Forklaringa kan ligge i hovne lymfeknutar.

Emma gjekk opp ein BH-storleik etter pfizervaksina

LA UT VIDEO PÅ TIKTOK: Emma seier ho gjekk opp ein BH-storleik etter Pfizer-vaksinen.

Foto: privat

På sosiale medium går det rykte om ein ny biverknad av koronavaksinen.

Nemleg at kvinner får større bryst.

Men stemmer dette eigentleg?

Fleire som har merka det

17 år gamle Emma frå Oslo fekk første dose av Pfizer for eit par veker sidan

Då skjedde det noko rart.

Puppane hennar hadde plutseleg vorte større.

– Eg gjekk opp ein heil BH-storleik, det var litt krise på ein måte, seier 17-åringen.

NRK vel å ikkje bruke etternamnet av omsyn til henne.

Emma fekk større bryst av Pfizervaksina

Emma fekk større bryst av pfizervaksinen

Ho la ut ein video på TikTok.

Den fekk fleire hundre kommentarar av folk som hadde merkt det same.

– Då eg såg at det var fleire på TikTok som hadde opplevd det same søkte eg det opp på nettet. Då fann eg masse artiklar frå USA, seier Emma.

Skjermdump tiktok

Emma fekk mange kommentarar då ho la ut video på TikTok

Vent fire veker før mammografi

Men dette er ikkje nytt i Noreg heller.

– Vi har sett at nokre kvinner har fått større og meir synleg lymfeknutar på den sida som sprøyta har vorte sett.

Det seier Heinrich Backmann, overlege ved brystdiagnostisk senter på Nordlandssjukehuset i Bodø.

Han legg vekt på at lymfeknutar er vanleg å ha. Det er ein måte for kroppen å handtere betennelsar eller infeksjonar.

Heinrich Backmann, overlege ved brystdiagnostisk senter på Nordlandssykehuset i Bodø

Heinrich Backmann, overlege ved brystdiagnostisk senter på Nordlandssjukehuset i Bodø

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

Og effekten er kortvarig. Berre etter nokre veker går knutane tilbake til det normale.

Men om ein har planar om å ta mammografi, rår han kvinner til å gjere det før ein har fått vaksine, eller vente til fire veker etter vaksinasjon.

Då er ein nemleg sikker på at hevinga i lymfeknuta har gått ned.

– Kva slags konsekvensar kan det ha for under undersøking som de gjer?

– Det kan føre til meir arbeid, men vi har enno ikkje opplevd dette som ein forstyrring i prosessen.

Skjermdumper fra TikTok

Skjermdump frå andre som har opplevd det same som Emma på TikTok

Foto: Skjermdumper fra TikTok

Kjent i USA

Medisinsk fagdirektør Steinar Madsen hos Statens legemiddelverk har høyrt om dette i sosiale medium, men også frå amerikanske styresmakter.

– Vi har ikkje fått meldingar om dette i Noreg, men om nokon opplever dette, så må dei gjerne melde frå til oss, seier han.

Det har ikkje blitt gjort mykje forsking på dette, men Madsen bekreftar at det har med lymfeknutar å gjere.

– Det som kan vere forklaringa er at når ein blir vaksinert, så vil kanskje 10 prosent få hovne lymfeknutar i armhola. Det kan presse brysta litt framover, og man kan få ein følelse om at de har blitt større.

Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk.

Steinar Madsen i Legemiddelverket, seier at det er mange rykte og mytar om vaksinar på sosiale medium. Også på TikTok.

Foto: Statens legemiddelverk

– Er det riktig at kvinner ikkje bør undersøke brysta etter vaksinering?

– Ja, det er vi absolutt samd i. Blant anna de amerikanske myndigheitene seier at det skal gå minst fire til seks veker frå ein har tatt vaksine til ein tar mammografi. Vi vil anbefale folk å gjere undersøkinga, enten i god tid etter, eller før man tar vaksine.

Madsen har registrert at det florerer med mulige bivirkninger av koronavaksiner på TikTok.

– Det går jo alle moglege rykte på TikTok. Et av de mest besynderlege rykta er at ein blir magnetisk etter ein blir vaksinert. Det er jo sjølvsagt det reine, skjære sludder, seier Madsen, og legger til:

– Dersom spørsmålet er om kvinner skal vere bekymra, så er vel svaret nei. Men om ein har hovne lymfeknutar over lengre tid eller merker kuler i brystet, skal man sjølvsagt dra til legen for å få dette sjekka, avsluttar Madsen.

Pfizer: – Ikkje usannsynleg

Pfizer Noreg seier til NRK at de ikkje har høyrt at vaksina kan gje større bryst.

Men kommunikasjonssjef Joachim Henriksen i Pfizer seier at det ikkje er usannsynleg at ein immunreaksjon kan gjere at lymfeknutane hovnar opp.

Tidlegare har Pfizer høyrt om tilfelle kor vaksinen påverkar menstruasjonen til kvinner. Men det er førebels ikkje konkludert at vaksinen faktisk forårsakar det.

Kvar gong nokon melder inn ein mogleg biverknad frå vaksinen må det verte registrert hos Pfizer.

– Då må vi sjå om frekvensen i biverknaden er tilsvarande det befolkninga vanlegvis får. Om det gjeld veldig mange tenkjer vi at det har ein samanheng, seier Henriksen.

Sett bort ifrå dei mindre alvorlege biverknadane er det ingen biverknadar som har kjent kopling til vaksinering med Pfizer, ifølge Henriksen.

Kommentarfelt tiktok
Foto: Skjermdump

Kortvarig puppevekst

17-åringen Emma synest det var merkeleg å plutseleg få større puppar.

– Det er ikkje noko ein forventar at skal skje etter ein vaksine.

Men ho kjem ikkje til å ha ekstra stor bryst særleg lenge. Berre om eit par veker vil dei vere tilbake til det normale.

– Det gjer meg ikkje så mykje, eg synest det er heilt greitt at hevinga går ned, seier 17-åringen.