Hopp til innhold

Snøkaos førte til fleire innstillingar i flytrafikken: – Vi kjente oss som filmen «Home Alone»

Snøkaos førte til nesten 30 innstilte flygingar måndag. Det fekk konsekvensar som likna ein kjend julefilm for ein familie på Helgeland.

Kraftig snøvêr måndag kveld førte til fleire innstilte avgangar i Bodø og på småflyplassane på Helgeland. Også tysdag morgon og onsdag var det innstillingar og forseinkingar.

Flya klarte ikkje å lande som følge av mykje snø og vind på rullebanane.

Det fekk konsekvensar for Bård Anders Langø og kona då dei skulle heim etter eit sjukehusbesøk i Oslo måndag.

– Då vi landa i Bodø såg vi at det snøa tett, og at fleire fly var kansellerte.

Vêret førte til at flyet dei skulle ta frå Bodø til Sandnessjøen også blei innstilt.

– Då var det berre å springe ned på servicetorget til Widerøe. Det var litt kaotisk. Stakkars Widerøe-personalet som jobba der og skulle prøve å handtere dei mellom 50–80 personane som stod i kø, seier Langø.

Les også Flypris-kutt gjør at politiet må utsette barneavhør: – Alvorlige pågående saker

Charlotte Berg Aas

Vidare fekk dei hotellovernatting og ombooking til eit nytt fly. Men ikkje nok med at dei først blei sende til feil hotell i Bodø, så var det nye avreisetidspunktet litt i det lengste laget.

– Vi fekk tekstmelding på hotellet, på toppen av alt, om at vi var booka om til nytt tidspunkt på onsdags ettermiddag.

Det betyr to dagar med venting i Bodø før dei ville ha kome seg heim.

– Det går ikkje.

Ordfører i Alstahaug, Bård Anders Langø (Ap)

– Eg vil skryte veldig av dei Widerøe -tilsette. Det var veldig god service og sørgde for å gi oss billettar som gjorde vi kom oss heim. Det set vi veldig stor pris på, seier Bård Anders Langø.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Kjente oss som «Home Alone»

Neste fly heim til Sandnessjøen på tysdagen var fullbooka, men paret tok likevel sjansen på at noko skulle bli ledig og møtte opp på flyplassen klokka fem om morgonen.

– Vi kjente oss som filmen «Home Alone». Med ein 11-åring heime stod eg og gret for å spørje dei i skranken om kona kunne få lov å sitte på klappsetet i flyet? Eg måtte få henne heim til Sandnessjøen, seier Langø.

Sjølv om det ikkje vart ein tur i polka-bandet Kenosha Kickers sin turnebil heim, slik som i den ekte «Hjemme Alene», løyste det seg for paret.

– Heldigvis var det fire stykke som ikkje dukka opp.

Alene hjemme fra 1990 med Macauley Culkin i hovedrollen

«Hjemme Alene» er ein amerikansk familiefilm frå 1990 og handlar om åtte år gamle Kevin McCallister som ved ein feil blir etterlaten aleine heime når familien hans reise på juleferie.

Foto: Scanpix

Dermed kom dei seg heim til 11-åringen med sju-flyet og kona nådde ein viktig time på sjukehuset.

– Det er sjukdom i familien som gjorde at det var viktig for oss å komme oss av garde og komme oss heim. Så kona mi var veldig stressa ein periode der.

Nesten 30 innstillingar

Likevel er han fullt klar over at det kan vere litt kaotisk å komme seg heim på denne tida av året i Nord-Noreg.

– Eg tenker at vi bur i Nord-Noreg, og vêr er vi vande med. Eg har reist så mange gonger og hatt mange kronglete turar, så det er vel eigentleg noko vi berre må leve med på denne årstida, seier Langø.

Men på denne turen vart det litt for kritisk, meiner han.

– Det verste var vel da vi fekk beskjed om ny reisetid etter at vi blei sende på feil hotell, då var vi litt stressa.

Les også Pasienter fortviler: Roy Otto må bruke en hel dag på et kort sykehusbesøk

Roy Otto Solvang står utenfor flyplassen i Mosjøen, og ser rett i kamera. Han er alvorlig. Bilde.

Widerøe måtte innstille knappe 30 flygingar denne måndagen, og 32 flygingar vart forseinka, ifølge kommunikasjonssjef Catharina Solli.

– Det betyr at mange passasjerar ikkje kom fram, og at vi ikkje kunne booke dei om til neste avgang for den var full allereie, eller enda opp med å bli kansellert.

Ho seier vidare at Bodø er sentral i produksjonen av flyreiser i Nord-Noreg. Så når rullebana stenger i fleire timar og fleire gongar om dagen, skapar det store problem for drifta i Nord-Noreg.

Catharina Solli, kommunikasjonssjef i Widerøe.

Widerøe måtte innstille knappe 30 flygingar denne måndagen seier kommunikasjonssjef Catharina Solli.

Foto: Einar Aslaksen / Widerøe

Møt opp og håp på det beste

Når dette skjer startar Widerøe arbeidet med å booke om passasjerane til neste avgang, om det er ledige seter.

– Om ikkje til seinare avgangar eller til alternative reiseruter med Widerøe og andre flyselskap, seier Solli.

Men no når det nærmar seg juleferien er det mange fulle fly. Då har ikkje Widerøe like mange alternativ til ombooking som dei elles har, ifølge ho.

Så om flyginga di er innstilt og alternativet ikkje passar, kan ein då berre møte opp på flyplassen og håpe på det beste, slik som Langø og kona gjorde?

Ja, ifølge kommunikasjonssjefen.

Les også Lofot-ordfører: – Å fly om sommeren har gått fra vanskelig til komplett umulig

Ordfører Vågan Vidar Thom Benjaminsen myser i solskinnet nede ved kaien i Svolvær. I bakgrunnen skimtes høye fjell og blå himmel.

For det kan vere fleire grunnar til at det oppstår ledige seter.

Det kan vere reisande som har Full-flex billettar. Der kan reisande endre avgang tett på avreise. Då vil det bli eit ledig sete på den flyginga som andre kan få. Eller så er det passasjerar som av ulike årsaker blir forseinka, og dermed ikkje rekk avgangen sin.

– I desse tilfella er det berre mogleg ved å møte opp på flyplassen.

Dette har Widerøe inga oversikt over og derfor kan ikkje dei endre reiseruta på førehand sidan flyet i utgangspunktet skal gå med alle flyseta fylt.

– Når endringar skjer kort tid i førevegen, og det er fleire avgangar same dagen, er det ofte at dei reisande oppheld seg på flyplassen og på den måten kan komme seg med på ei tidlegare flyging enn det den ledige kapasiteten tilsa då det opphavlege flyet blei innstilt.

Les også Her frir Widerøe-pilot Rolf til flyvertinnen på sin siste tur bak spakene

Widerøe-kaptein Rolf Eyvind Øyan overrasker kjæresten Bente Dalsøren med frieri om bord i flyet der de begge jobber.